Stortinget - Møte onsdag den 11. januar 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 2
Presidenten: Dette spørsmålet, fra Vera Lysklætt til kommunal- og regionalministeren, er overført til arbeids- og inkluderingsministeren som rette vedkommende. Spørsmålet vil imidlertid bli besvart av samferdselsministeren på vegne av arbeids- og inkluderingsministeren.
Vera Lysklætt (V) [11:16:12]: Jeg vil stille følgende spørsmål til statsråden om billighetserstatning:
«Samer og kvener kan nå endelig søke om å motta billighetserstatning fra staten etter at de har tapt skolegang under 2. verdenskrig. Stortinget sluttet seg 4. april i fjor til den forrige regjeringas forslag om dette. Det viser seg nå at behandlinga av disse søknadene tar uendelig lang tid.
Hva kan statsråden foreta seg slik at saksbehandlingstida forkortes?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:16:48]: Eg vil svare på spørsmålet frå representanten Lysklætt på vegner av arbeids- og inkluderingsministeren, som har samordningsansvar for saker om samar og nasjonale minoritetar.
Det er justissekretariata som førebur sakene for Stortinget sitt billigheitserstatningsutval, og i St.meld. nr. 44 for 2003–2004, Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolket/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, vart meirarbeidet for justissekretariatet for å handsame søknader frå utdanningsskadelidande samar og kvener anslått til maksimalt 400 000 kr. I 2005 gav Kommunal- og regionaldepartementet eit tilskot på 200 000 kr til justissekretariata til handsaming av søknader om billigheitserstatning frå samar og kvener. Regjeringa set av eit tilsvarande beløp til føremålet i 2006. Justissekretariata har opplyst overfor dei utdanningsskadelidande søkjarane at sakshandsaminga vil kunne ta eitt år frå søknaden vert motteken, tidlegast rekna frå 4. april 2005, då Stortinget gav si støtte til St.meld. nr. 44 for 2003–2004. Sakene tek lang tid, m.a. på grunn av at det er naudsynt å innhente fråsegner til sakene om tap av skulegang frå Utdanningsdirektoratet.
Stortinget har i budsjettvedtak avgjort at det på mellombels basis skal opprettast eit billigheitserstatningsutval II, som skal kunne ta unna auka søknadsmengd i kjølvatnet av St.meld. nr. 44 for 2003–2004 og St.meld. nr. 24 2004–2005, Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Stortinget handsama saka 20. desember 2005, Innst. S. nr. 64 for 2005–2006, og sa seg einig i at Kongen opprettar eit billigheitserstatningsutval II. Eg har fått opplyst at presidentskapet skal handsame saka torsdag 12. januar, med oppmoding til partigruppene om så snart som mogleg å oppnemne representantar til Billigheitserstatningsutval II og Billigheitserstatningsutval I. Eg håpar at gruppene vil medverke til at me raskt får på plass billigheitserstatningsutvala. Det er vesentleg for å sikre handsaming av sakene innan rimeleg tid.
Regjeringa er elles einig i at sakshandsamingstida er for lang i desse sakene. Arbeids- og inkluderingsministeren vil difor ta kontakt med andre aktuelle statsrådar for å sjå på kva som kan gjerast for å få sakshandsamingstida ned på eit akseptabelt nivå.
Vera Lysklætt (V) [11:19:36]: Jeg vil takke statsråden for et godt svar.
Mange eldre samer og kvener har jobbet i rundt 20 år med denne saken, og de har ventet på å kunne oppleve det å motta en form for erstatning fra staten. Det er snakk om eldre mennesker, og mange av dem har dessverre allerede falt fra – og det uten at de fikk noen form for erstatning på grunn av tapt skolegang under krigen og heller ikke fikk noen form for opplæring på sitt eget morsmål på grunn av fornorskningspolitikken. De har altså tilhørt en gruppe som har kommet særdeles uheldig ut.
I en slik situasjon må det handles raskt. Jeg vil derfor stille statsråden følgende oppfølgingsspørsmål: Kan det være mulig å sette av noen ekstra ressurser i en periode, slik at de som trenger det, kan få den hjelpen de har behov for til å skrive søknader og innhente dokumentasjon og opplysninger, og at søknadene blir behandlet så raskt som overhodet mulig?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:39]: Eg har på vegner av arbeids- og inkluderingsministeren gjort greie for Regjeringa si haldning og framdrifta i desse sakene. Det ligg eit tungt ansvar på Regjeringa i å få framdrift i desse prosessane.
Når det gjeld skriving av søknader, vil kommunane i Nord-Troms og Finnmark kunne yte hjelp til å fremje dei, og det er sjølvsagt særdeles viktig for denne gruppa, som av naturlege årsaker ikkje vil vere i stand til å kunne gjere det ved eiga hjelp. Så eg kan forsikre representanten om at Regjeringa har merksemd på denne saka og vil gjere alt ho kan for å få fortgang i prosessane.
Vera Lysklætt (V) [11:21:21]: Jeg vil også takke for dette svaret.
Jeg har et siste spørsmål: Ved utgangen av 2005 var det kommet inn rundt 650 søknader fra samer og kvener om billighetserstatning. Justissekretariatene behandler først slike søknader om erstatning, og saksbehandlingstiden her har vært på rundt fire år. Deretter avgjøres de av billighetserstatningsutvalget, et utvalg som har tre medlemmer. Når vil statsråden anslå at disse 650 søknadene, som allerede ligger der, kan være ferdigbehandlet i Billighetserstatningsutvalget?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:04]: Det er vanskeleg for meg å svare konkret på det spørsmålet. Eg må seie det same som eg sa i mitt første svar, at me no legg til rette for å få til ein prosess som sikrar ei hurtigare sakshandsaming. Det er målsetjinga at alle dei søknadene som ligg føre, skal forserast og verte handsama så raskt som i det heile mogleg.