Stortinget - Møte onsdag den 23. november kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 20
Borghild Tenden (V) [12:51:52]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«I høst starter arbeidet med ny jernbanestasjon på Lysaker. Utfordringen med dette viktige knutepunktet er at glipen mellom perrong og tog er så stor at det skaper problemer for blant annet eldre, handikappede, barn og folk med barnevogner. For enkelte grupper kan det bli umulig å komme om bord. Ifølge Asker og Bærums Budstikke sier Jernbaneverket at det ikke er noe de kan gjøre.
Er statsråden enig med Jernbaneverket i dette?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:29]: Samferdselsdepartementet har i ulike samanhengar understreka kor viktig det er at Jernbaneverket i sitt arbeid legg stor vekt på universell utforming, både ved planlegging og gjennomføring av tiltak på norske jernbanestasjonar. Departementet har bedt Jernbaneverket spesielt om å sjå på tilgjenge til stasjonar i kurve, og på nyanlegg for rullestolbrukarar og andre med nedsett funksjonsevne. Departementet har bedt om ei særskild utgreiing frå Jernbaneverket innan 1. desember 2005 om etaten sine planar for korleis prinsippet om universell utforming av stasjonar vil bli følgt opp i komande planperiode.
Eg har vidare bedt om at Jernbaneverket i samarbeid med NSB AS og Flytoget AS legg fram ei særskild vurdering både av moglegheiter for og konsekvensar av å endre planane for ombygging av Lysaker stasjon. Dersom det ikkje er mogleg å endre noko på planane for ombygginga av stasjonen, har eg bedt Jernbaneverket om å sjå på moglege tiltak for å bøte på ulempa dei reisande har ved av- og påstiging. Eg har spesielt bedt om at ei slik vurdering vert gjord i dialog med Statens jernbanetilsyn. Eg vil følgje opp denne saka for å søkje å leggje til rette for best moglege løysingar for dei reisande på nye Lysaker stasjon.
Borghild Tenden (V) [12:53:51]: Jeg takker statsråden for svaret. Både et samlet storting og tidligere samferdselsminister Torild Skogsholm har gitt Jernbaneverket klare instrukser. 1. desember 2005 var også en D-dag for Bondevik II – det er helt riktig – når det gjaldt å sørge for tilgjengelighet, spesielt ved stasjoner med kurver og nyanlegg. Dette gjelder i høyeste grad Lysaker stasjon.
Kan statsråden love å følge opp dette og sikre god tilgjengelighet for alle ved Lysaker stasjon?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:30]: Lysaker stasjon har ei lang historie. Planlegginga starta i 1991, og det var regjeringa Bondevik som gjorde vedtak når det galdt gjennomføring.
I den korte tida eg har sete i stasrådsstolen, har eg alt hatt møte både med Jernbaneverket, med NSB, med Flytoget, med Bærum kommune og med dei funksjonshemma sine organisasjonar. Men det er klart at tida har gått, og at det kan vere vanskeleg no å starte planarbeid på nytt. Eg vil likevel vurdere saka i heile si breidd for å sjå på alle moglege løysingar, for å gjere dette så godt som mogleg for dei som har nedsett funksjonsevne. Då gjeld det altså å vurdere om ein skal gå inn i planprosessen, som eg ser er komplisert, eller om ein skal finne kompenserande løysingar som vil gjere det mogleg for dei med nedsett funksjonsevne å nytte nye Lysaker stasjon på ein god måte.
Borghild Tenden (V) [12:55:33]: Jeg takker igjen statsråden for svaret, og er selvsagt glad for de initiativene. Framdriften ved Lysaker stasjon er svært viktig, både i forhold til dobbeltsporet og i forhold til den videre utviklingen på Fornebu.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre tilgjengeligheten ved Lysaker stasjon, samtidig som målsettingen om åpning i 2009 fortsatt står ved lag?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:56:02]: Representanten set no fokus på det som er den store utfordringa. Så lenge ein skal ha ein stasjon i kurve, vil det vere store utfordringar knytte til å gje eit godt svar på tilgjenge.
Men det går an å leggje inn tiltak, og eg veit at Jernbaneverket arbeider med dette. Det går på monitorar for overvaking av vognsidene, det går på å sjå på brei plattformkant med taktile plastar, det går på tryggingslinje med lys ein meter frå spor, varme i plattform, ledelinje – som ein jobbar med i lag med Norges Blindeforbund – og sjølvsagt òg rekkverk og andre forskriftsmessige omsyn på ramper og trapper med handløparar. Det er òg vurdert eigne detektorar for å varsle togpersonalet om det skulle skje eit uhell og nokon dett ned mellom tog og perrong.
Presidenten: Vi går til spørsmål 31.