Stortinget - Møte onsdag den 27. april 2005 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 15
Synnøve Konglevoll (A) [12:34:14]: Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til miljøvernministeren:
«Det har fremkommet i media at miljøvernministeren har bevilget 500 000 kr til miljøarbeid i Kirken og gitt løfter om 1 mill. kr til neste år. Midler til miljøorganisasjoner og miljøprosjekter er en knapp ressurs, slik at 500 000 kr er et stort beløp. Bondevik II-regjeringen har bl.a. foreslått og gjennomført kraftige kutt til Bellona og Grønn Hverdag.
Hva er begrunnelsen for denne bevilgningen, og hva er midlene tenkt å brukes til?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:34:50]: Eg trur representanten Konglevoll vil vera samd med meg i at Kyrkja er ein viktig aktør i samfunnet. Å få Kyrkja i tale i miljøvernspørsmål har fleire av mine forgjengarar vore opptekne av, uavhengig av politisk parti.
Som miljøvernminister legg eg stor vekt på samspelet med NGO-ane. Dei frivillige organisasjonane har spesiell kompetanse og når ut til heile folket.
Kyrkja er med sitt breie arbeidsfelt i alle delar av landet og i lokalsamfunnet ein sentral medspelar i miljøvernarbeidet. Kyrkja har lenge engasjert seg i spørsmål som fell saman med viktige prioriteringar i miljøvernpolitikken. Eg vil spesielt nemna innsatsen for å setja berekraftig forbruk på dagsordenen på 1990-talet, der Kyrkja laga eit radikalt manifest. I 2003 støtta Kyrkja arbeidet mot forureining av havområda. Eg vil òg framheva Kyrkja si rolle i Sellafield-saka, der alle biskopane underteikna opprop som dei overleverte til Church of England. Det har òg stor verknad når erkebiskopen av Canterbury sist veke appellerte til britiske veljarar om å la miljø avgjera val av parti.
Eg vil gjerne få kommentera premissane for spørsmålet. Grunnstøtta til dei landsomfattande, medlemsdrivne miljøvernorganisasjonane er i år auka med 15 pst. Samtidig er løyvingane til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk noko redusert. Reduksjonen er fordelt på ulike organisasjonar som mottek tilskott til slike tiltak, og for Bellona inneber dette ein reduksjon på 200 000 kr. Denne reduksjonen må òg sjåast i lys av at Bellona opp gjennom åra har motteke ganske store tilskott til arbeidet sitt frå regjeringa. Samtidig viser eg til at ein organisasjon som ZERO for første gong vil få tilskott på 300 000 kr til CO2-handtering og hydrogenteknologi. Eg vil òg understreka at ikkje nokon organisasjon har fått tilsegn om løyvingar for 2006. All prosjektstøtte byggjer på kvalifiserte søknader.
Prosjektstøtta som Miljøverndepartementet gir til Kyrkja, skal gå til samfunnsretta informasjonsaktivitetar. Det er naturleg at Kyrkja, på like fot med andre organisasjonar, startar med seg sjølv. Kyrkja er ein stor organisasjon med ansvar for eigen miljøprofil på linje med det arbeidet staten gjennomfører i Grøn stat-prosjektet. Det vil bli lagt vekt på å visa kva den enkelte sjølv kan gjera for vårt felles miljø.
Med denne støtta håper Regjeringa å kunna styrkja Kyrkja i arbeidet med å formidla behovet for auka miljøinnsats til det breie lag av folket, både gjennom samfunnsdebatt, gjennom arbeid i kyrkjelydar og lokalsamfunn og ved eigen miljøinnsats.
Synnøve Konglevoll (A) [12:37:32]: Jeg vil gjerne takke statsråden for svaret.
Jeg er helt enig i at Kirken kan gjøre, og gjør, en viktig innsats i forhold til miljøet, og nettopp i diskusjonen om forbruk kan Kirken være en viktig aktør. Grunnen til at vi likevel har reagert, er at det ut fra det statsråden har sagt til media, virker som om det har vært en veldig rask saksbehandling. Når han i media bl.a. peker på pleiing av plener og utvikling av mer miljøvennlige gravkranser, framstår ikke det som de viktigste utfordringene på miljøområdet, når man ser på hva øvrige organisasjoner bidrar med.
Mitt oppfølgingsspørsmål vil være om statsråden ser på det med pleiing av plener og utvikling av miljøvennlige gravkranser som et viktig satsingsområde og noe som er viktig å bruke statlige midler på.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:38:35]: Eg er for så vidt einig med representanten Konglevoll i at media ikkje har gitt ei god dekning av det arbeidet som grøne kyrkjelydar gjer. Det som eg har vore oppteken av, er at dei har ei betydeleg breidd i sine aktivitetar. Det er både eit praktisk arbeid som knyter seg til den drifta som Kyrkja har, og betydelege haldningsskapande informasjonstiltak mot det breie laget av folket som Kyrkja møter.
Med omsyn til rask saksbehandling, fekk eg ein søknad til Miljøverndepartementet 6. desember, og vi valde då å gi ei støtte til dette tiltaket. Det er ikkje første gongen at Kyrkja får støtte frå Miljøverndepartementet. Eg kan òg visa til at ein partikollega av representanten Konglevoll gav støtte til Kyrkja i år 2000, nettopp fordi dette er med på å byggja opp om det breie laget av folket som vi treng i eit engasjement for miljøet. Det har vore mitt føremål. Ein del av dette arbeidet er blitt presentert i media, men ikkje breidda i det arbeidet som Kyrkja står for innanfor miljøet.
Synnøve Konglevoll (A) [12:39:41]: Det kan godt hende at media ikke får fram bredden, men det er likevel slik at statsråden i media sa at pleiing av plener og utvikling av miljøvennlige gravkranser var ting disse pengene skulle gå til.
Nå har ikke statsråden sagt noe om det i sitt svar. Min bekymring er at det framgår at Kirken nærmest er blitt oppfordret til å søke fra et område der det er særdeles knappe ressurser, og der Stortinget blir orientert om bevilgninger ned til under 100 000 kr til organisasjoner. Spørsmålet mitt blir om ikke statsråden ser at det kan være problematisk med en slik bevilgning, tydeligvis basert på en veldig kortfattet søknad, når man ser på hva slags arbeidsvilkår de andre organisasjonene har.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:40:41]: Eg vil då visa til at vi har auka løyvingane til miljøorganisasjonane. Vi har hatt ein auke på 15 pst.
Den posten som Bellona får si støtte frå, er ein annan post enn den som støtta til grøne kyrkjelydar kjem frå. Det vil seia at om eg hadde valt ikkje å gi støtte til grøne kyrkjelydar, eller hadde valt å gi støtte slik eg har gjort, ville det ikkje hatt noko å seia for den støtta som Bellona får. Så det er ei mistyding det som har komme fram, at ein har teke frå miljøorganisasjonane og gitt til Kyrkja. Det stemmer ikkje. Eg meiner at breidda i det arbeidet som Kyrkja står for her, er viktig. Kyrkja er ein strategisk partnar for miljøarbeidet.
Då eg tiltredde som miljøvernminister, var ein av mine visjonar å skapa eit større miljøengasjement i det norske folket. Då må vi òg vera villige til å prioritera dei organisasjonane som no utgjer kjernen av dei som står for miljøarbeidet. Det er det eg har lagt til rette for gjennom denne løyvinga.