Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2005 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 21
Kjetil Bjørklund (SV) [13:07:17]: Dette spørsmålet er til miljøvernministeren:
«Det er bred enighet om at reduksjonene etter Kyotoprotokollen ikke er nok til å stoppe de menneskeskapte klimaendringene. FNs klimapanel har sagt at utslippene må ned med 60–80 pst. i forhold til 1990-nivå. Det er derfor liten tvil om at det må komme en ny og mer omfattende klimaavtale.
Vil Norge kreve omfattende reduksjoner i forbindelse med neste forhandlingsrunde?»
Statsråd Knut Arild Hareide [13:07:47]: Som representanten Bjørklund peikar på, er det stor semje om at dei grensene for utslepp som er sette i Kyotoprotokollen, ikkje er tilstrekkelege for å hindra menneskeskapte klimaendringar. Kyotoprotokollen, som tek til å gjelda i dag, er likevel eit første, viktig steg, fordi det gjennom protokollen for første gong er etablert bindande utsleppsforpliktingar for ei rekkje industriland. Onsdag 16. februar 2005 er derfor ein merkedag i det internasjonale klimaarbeidet, og eg har tidlegare i dag delteke i ei markering i regi av CICERO og Norges Naturvernforbund av at Kyotoprotokollen tek til å gjelda i dag.
Så til spørsmålet om Noreg vil krevja omfattande utsleppsreduksjonar. Regjeringa sin posisjon er klar: Noreg skal arbeida for ein meir ambisiøs og meir globalt omfattande avtale etter 2012, som avsluttar Kyotoprotokollen sin første forpliktingsperiode. Utgangspunktet for ambisjonsnivået i utforminga av langsiktige avtalar må vera målet i Klimakonvensjonen om å hindra farlege, menneskeskapte klimaendringar. Ut frå det me veit i dag, synest det å vera aukande semje om at den globale temperaturauken da bør vera maksimalt 2 C samanlikna med før-industrielt nivå. Dette svarar truleg til ein reduksjon i utsleppa av klimagassar på det nivået representanten Bjørklund nemner i spørsmålet sitt.
Når det gjeld dei nasjonale utsleppa, kan eg opplysa om at Regjeringa i førre veke vedtok å oppnemna eit utval som skal sjå på korleis Noreg kan redusera sine utslepp betydeleg på lengre sikt – ein nasjonal klimavisjon for 2050. Utvalet si oppgåve blir å skissera ulike framtidsanalysar for korleis dei nasjonale utsleppa skal kunna reduserast med 50–80 pst. fram mot 2050. Sentrale utviklingstrekk i samfunnet skal analyserast ut frå korleis dei kan vera med på å skapa eit «lavutslippssamfunn». Utvalet skal ha hovudfokus på moglegheitene som ligg i å utvikla og ta i bruk ny teknologi for å redusera klimagassutsleppa, men også andre framtidsanalysar baserte på moglege endringar i produksjons- og forbruksmønster vil bli vurderte.
Utvalet vil få ei tidsramme på 18 månader, og utvalet sitt arbeid skal vera ein open og inkluderande prosess der relevante miljø og aktørar vil bli inviterte til å komma med innspel.
På bakgrunn av utvalet sine konklusjonar vil Regjeringa leggja opp til ein politisk prosess med sikte på å utforma langsiktige nasjonale mål for utslepp av klimagassar.
Kjetil Bjørklund (SV) [13:10:12]: Jeg takker for svaret. Jeg finner det positivt at miljøvernministeren legger så stor vekt på dette spørsmålet, som etter de flestes mening er det mest omfattende miljøspørsmålet denne kloden står overfor.
Men jeg er litt opptatt av det rent konkrete i forhold til framtidige forhandlinger. Hvilke alliansepartnere ser miljøvernministeren for seg at Norge bør velge i de framtidige forhandlingene? På hvilken måte ser statsråden for seg at det er mulig å få de landene som ikke har ratifisert Kyotoprotokollen – f.eks. USA og Australia – med på omfattende utslippsreduksjoner?
Statsråd Knut Arild Hareide [13:10:54]: Eg synest representanten Bjørklund på ein god måte viste nokre av dei utfordringane me har. Det er ei stor utfordring at nettopp dei to landa, Australia og USA, som representanten no nemnde, ikkje er med. Eg har sjølvsagt vore i dialog med begge mine kollegaer på mitt nivå. Eg kan seia at eg føler at dei signala som Australia har gitt, er langt meir positive enn dei som USA har gitt, og eg ser faktisk på USA som den store utfordringa for å komma vidare i klimaforhandlingane.
Det som eg trur er viktig, er at sjølv om me no er nede i ein bølgjedal, må me offensivt satsa vidare. Me må gjera ein jobb nasjonalt, som eg la vekt på i svaret mitt. Men denne utfordringa må jo også løysast internasjonalt. Eg synest at EU har lagt ein offensiv strategi. I Buenos Aires var den norske posisjonen tett knytt opp til EU sin. Slik håper eg òg det vil vera framover, for eg opplever EU som ei offensiv drivkraft i klimaspørsmåla.
Kjetil Bjørklund (SV) [13:11:57]: Jeg takker for svaret.
Det er en lang veg fram. Norge har tidligere hatt et nært samarbeid med nettopp USA og Australia i klimaforhandlingsposisjoner, og dette er jo land som, som kjent, ennå ikke har ratifisert Kyotoprotokollen, og som ikke regnes for å være foregangsland når det gjelder å unngå klimaendringer, snarere det motsatte. Da er det en stor utfordring å greie å holde en dialog med disse landene – men vi må tenke bredere.
Er det slike land Norge skal ha som sine samarbeidspartnere også i de kommende forhandlingsrunder, som må nå vesentlig lenger enn det man nådde i Kyoto? Eller finnes det andre naturlige samarbeidspartnere?
Statsråd Knut Arild Hareide [13:12:41]: Me har jo Umbrella Group, som bl.a. Australia og USA er ein del av. Men det er ikkje nokon tvil om at dei landa som er representerte der, har ulike mål. Eg synest likevel det er veldig viktig at me gjennom det kontaktnettet får kontakt inn mot land som Australia og USA. Det er veldig viktig! Men eg er ikkje i tvil om at når det gjeld dei politiske måla, ligg vi langt nærmare EU, og me var heilt einige i den posisjonen som EU inntok i Buenos Aires. Det må ikkje vera nokon tvil om at me står for ein offensiv politikk, i tråd med det som EU har gjort. Eg har lyst til å gi honnør til EU, eg opplevde dei som ei positiv drivkraft i Buenos Aires. Men det nettverket me har hatt i Umbrella Group, har gitt oss moglegheit til å få kontakt inn mot Australia og USA. Ikkje minst opplevde eg det i Buenos Aires i desember som veldig positivt når det gjaldt Australia – dessverre langt meir negativt i den dialogen me har hatt med USA.