Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2005 kl. 10

Dato:
President: Eirin Faldet
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Jørund Leknes (SV) [12:15:08]: Jeg tillater meg å stille et spørsmål til miljøvernministeren:

«Daværende miljøvernminister Børge Brende lovet i Aftenposten 2. august 2003 at ingen verneverdig skog vil gå tapt, og at Regjeringen vil gå inn med midlertidig vern hvis slik ødeleggelse skulle finne sted. Verneverdig naturskog i Stordalen i Sogn og Fjordane og på Bevøy i Østfold er nå truet av utbygging av henholdsvis skogsbilvei og kraftgate.

Hva vil statsråden foreta seg for å sikre at det ikke gjennomføres inngrep i den verneverdige naturskogen i Stordalen og Bevøy?»

Statsråd Knut Arild Hareide [12:15:50]: Det er brei politisk støtte for å auka skogvernet i Noreg, og for at skogvernet skal ha høg fagleg kvalitet, samstundes som konfliktnivået blir redusert. Dette blei slått fast da Stortinget i november 2003 drøfta skogvernet ved behandlinga av St.meld. nr. 25 for 2002-2003, Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

I Regjeringa sitt arbeid for å auka skogvernet legg me stor vekt på høg fagleg kvalitet og eit redusert konfliktnivå. For å redusera konfliktane satsar me m.a. på frivillig vern som ein viktig arbeidsmåte.

Området Stordalen i Sogn og Fjordane har store verneverdiar, men blei på grunn av høgt konfliktnivå teke ut av Verneplan for barskog i Vest-Noreg før denne planen blei vedteken i desember 1999. Etter dette har området blitt forvalta etter skogbrukslova.

I Stordalen blei det i 2004 starta opp arbeid med frivillig vern i regi av Norges Skogeierforbund. Eg ser det no som viktig at ein arbeider vidare for å få fram eit godt tilbod om frivillig vern for Stordalen, og eit slikt tilbod vil da bli vurdert av miljøstyresmaktene.

Bevøy i Østfold var tidlegare med i Verneplan for barskog, men blei den gongen teke ut av vernearbeidet på grunn av avgrensa arealkvotar. Direktoratet for naturforvaltning vurderte det i september 2004 slik at dei den gongen ikkje ønskte å starta ein ny verneprosess for Bevøy. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har no lagt fram ei ny kartlegging av verneverdiane på Bevøy, og eg vil no be Direktoratet for naturforvaltning vurdera om ny kunnskap eventuelt gir grunnlag for å starta ein ny verneprosess for Bevøy.

For begge dei skogområda representanten Leknes peikar på, har Direktoratet for naturforvaltning nyleg motteke brev frå Norges Naturvernforbund og Natur og Ungdom med oppmoding om mellombels vern. Før direktoratet har gjort sine vurderingar, vil det ikkje vera rett av meg å gå inn på ei vurdering av mellombels vern for dei to konkrete områda.

Jørund Leknes (SV) [12:17:57]: Jeg takker for svaret.

Jeg vil minne statsråden om at bevaring av biologisk mangfold er en stor og viktig utfordring for Norge. Saker som omhandler biologisk mangfold, har ingen angrefrist. Hvis man utrydder en art, er det ikke mulig å gjenopplive den gjennom f.eks. en budsjettbevilgning.

Mange norske arter er avhengig av naturskog for å overleve. Av drøyt 3 000 arter på den norske rødlisten lever over 1 400 i skogen. Norge er folkerettslig forpliktet til å ta vare på sitt biologiske mangfold gjennom Rio-konvensjonen. Vern av ytterligere skog er en forutsetning for å ta vare på det mangfoldet. Vil statsråden sikre at Norge er i stand til å ivareta sine folkerettslige forpliktelser?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:18:46]: Eg deler fullt og heilt representanten Leknes sine vurderingar av kor viktig vern er, og eg er glad for at SV er eit parti som har støtta opp om det positive vernearbeidet som har skjedd dei siste åra, med ein monaleg auke av vernet. Eg trur vern er eit veldig godt verkemiddel for å sikra det som representanten Leknes her peikar på. Det er òg ei viktig verdisak, fordi det er ingen angrefrist her. Derfor har det vore viktig at me har følgt opp dette.

Eg er òg veldig oppteken av at me skal følgja opp det ansvaret me har etter dei internasjonale konvensjonane. Når det gjeld dei områda som no er nemnde, kjem det ei vurdering frå Direktoratet for naturforvaltning. Eg vil derfor ikkje kommentera dei nærmare før den vurderinga er gjord.

Jørund Leknes (SV) [12:19:36]: Da takker jeg for det jeg oppfatter som et positivt svar. Samtidig vil jeg minne om at skogvernet tidvis har vært preget av mye uforutsigbarhet og altfor små bevilgninger, særlig sammenlignet med våre svenske og finske naboer. I Sverige har de som mål å benytte 1 milliard kr årlig til skogvern. Til sammenligning bevilges det i Norge om lag 50 mill. kr på statsbudsjettet for 2005. Sverige har vernet omtrent 5 pst. av sin naturskog, mens vi i Norge ligger på omtrent 1 pst.

For å få økt forutsigbarhet i verneprosessen har flere parter foreslått et skogvernfond, slik at vernet ikke er avhengig av bevilgningene fra statsbudsjett til statsbudsjett. Vil statsråden kunne støtte et slikt forslag?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:20:22]: Eg er veldig oppteken av at me skal auka skogvernet vårt og meiner me har funne gode løysingar for å få det til. Det eine er at me har teke initiativ til frivillig vern, som er med på både å sikra vern og at konfliktnivået går ned. Det andre er at staten er med på å ta eit større ansvar gjennom m.a. at òg delar av Statskog sine skogar blir lagde ut for vern – der går det no føre seg ein prosess – og at me gjennom budsjettet vårt nettopp har satsa på vern. Ei av satsingane i Miljøverndepartementets budsjett for 2005 var ein auke i skogvernet. Så er det alltid slik at me gjerne skulle ønskt oss enda meir pengar, men av dei midlane som Miljøverndepartementet hadde til rådvelde, blei m.a. skogvernet prioritert. Det viser at me ser på dette som viktig.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdigbehandlet.

: