Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2005 kl. 10
President: Eirin Faldet
Spørsmål 16
Trine Skei Grande (V) [12:10:18]: «I Villaksutvalgets innstilling (NOU 1999:9) påpekes nødvendigheten av å finne ut om norsk villaks kan utvikle arvelig motstandskraft mot parasitten Gyrodactylus salaris. Usikkerheten om effekten av rotenon gjør dette spørsmålet enda viktigere. I 5 år har en gruppe forskere og lokale interesser langs Drammenselva søkt om midler for å finne svar på spørsmålet. Et forsøk ble gjennomført på dugnad for 2 år siden, men er stoppet opp i påvente av manglende finansiering.
Vil statsråden bidra til at forsøket kan sluttføres?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:10:57]: Det er riktig at Villaksutvalet i si innstilling tok opp spørsmålet om framavling av laks med arveleg motstand mot Gyrodactylus salaris som eit tenkjeleg alternativ til ein aktivt strategi for nedkjemping. Utvalet fastslo likevel at moglegheitene for å kunna utvikla resistens og samtidig ta vare på andre arvelege særtrekk i bestandane synest svært usikre. Vidare fastslo utvalet at denne metoden kunne føra med seg større risiko for smittespreiing. På bakgrunn av dette anbefalte utvalet å halda fram med ei aktiv nedkjemping av parasitten med rotenon kombinert med m.a. utvikling av nye kjemiske middel retta direkte mot parasitten. Ei eventuell framavling av resistent laks meinte utvalet måtte byggja på ein føresetnad om at smittepresset ikkje måtte aukast.
Villaksutvalet si innstilling på dette området har blitt følgd opp. Den aktive nedkjempinga av Gyrodactylus salaris er vidareført, og gjennom aktiv og målretta innsats frå i første rekkje NIVA er det no utvikla ein spesifikk metode for nedkjemping av parasitten med aluminium. Dette kan bli eit viktig gjennombrot i kampen mot Gyro, og fagetatane legg no planar for å nytta aluminium som hovudmetode når me seinare i år skal starta arbeidet med å bli kvitt parasitten frå Lærdalselva.
I denne situasjonen kan prosjektet i Drammenselva vera fagleg interessant i grunnforskingsperspektiv, men det er ikkje mellom dei høgst prioriterte tiltaka innan forvaltninga sitt arbeid med å nedkjempa Gyro. Eg held derfor fast ved den praksisen at eventuell finansiering av prosjektet bør gå via Noregs Forskingsråd eller forskingsinstitutta.
Trine Skei Grande (V) [12:12:43]: Jeg takker statsråden for svaret, og jeg er veldig glad for at det nå begynner å komme alternativer til den giften som rotenon faktisk er. For oss lidenskapelige laksefiskere er dette et viktig spørsmål.
Jeg har to oppfølgingsspørsmål til statsråden. Det ene er om det er mulig å få til en dialog med Forskningsrådet for å få mer helhet i den kunnskapen som trengs å bygges opp med hensyn til de mulighetene vi har for å holde våre lakseelver unna de forferdelige angrepene som de har vært utsatt for. Vi ser også at det er et stort engasjement og en stor vilje til frivillig innsats og dugnad når det gjelder forvaltningen av våre fiskeressurser i ferskvann. Det andre spørsmålet mitt til statsråden er om han er villig til å ta innover seg alt det engasjementet og prøve å få det inn i en struktur som gjør at folk som er villig til å legge ned både penger og tid, får mulighet til å gjøre det på en skikkelig måte, og får mulighet til å utvikle det arbeidet.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:13:47]: Eg deler den positive haldninga som Trine Skei Grande her viser med omsyn til dei moglegheitene som me no ser på dette området. Det er veldig spennande. Det vil utan tvil vera veldig positivt for heilskapen i økosystema i vassdraga dersom m.a. prosjektet Lærdalselva blir ein suksess. Og veldig mykje tyder på det.
På spørsmålet om eg vil ta kontakt med Forskingsrådet, kan eg svara bekreftande, at ja, eg vil ta kontakt med Noregs Forskingsråd for å få ei utgreiing derfrå, få deira faglege vurderingar knytte til nettopp dei prosjekta som dei no vurderer, og deira prioriteringar der.
Eg er òg oppteken av det folkelege engasjementet. Det er me nøydde til å vera med og ta vare på. Det er ein berebjelke i alt miljøvernarbeid, og det trur eg òg me skal sjå positivt på innanfor dette området.
Trine Skei Grande (V) [12:14:44]: Jeg takker for svaret. Jeg er godt betrygget med det.
Presidenten: Og da ønsker ikke statsråden å tilføye noe heller, når alle er så glade.