Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2005 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 16
Torstein Rudihagen (A) [12:36:12]: Eg har følgjande spørsmål til miljøvernministeren:
«Miljøvernministeren har endret sin tidligere oppnevning av rovviltnemnd for Oppland, men følger fortsatt ikke fylkeskommunens velbegrunna forslag til rovviltnemnd. Dette fører til en strid som er veldig uheldig for rovviltforvaltningen. I sitt forslag har fylkeskommunen bl.a. tatt hensyn til politisk sammensetning, kjønnsbalanse, regional tilknytning og personlige interesser og kvalifikasjoner.
Hva er statsrådens begrunnelse for å gjøre en annen oppnevning enn det fylkeskommunen foreslår?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:36:46]: Dei regionale rovviltnemndene er statlege viltorgan som skal gjennomføra nasjonal rovviltpolitikk i den aktuelle regionen.
Eg vil presisera at oppnemninga i alle regionar har skjedd i tråd med dei føringane som er gitt av Stortinget gjennom behandlinga av rovviltmeldinga. Dette inneber m.a. at fylkeskommunane skal gjera framlegg om kandidatar, medan departementet skal oppnemna medlemmene i nemndene. Ein har nytta dei same kriteria og prosedyrane i alle regionar i samband med oppnemninga. Det er berre oppnemnt personar som fylkeskommunane, Sametinget og Oslo bystyre har gjort framlegg om.
Etter oppnemninga den 10. desember registrerte Miljøverndepartementet at Oppland fylkeskommune var misnøgd med dei oppnemnde medlemmene sin representativitet. I lys av situasjonen som oppstod, valde departementet gjennom brev av 17. desember 2004 å gi Oppland fylkeskommune ein sjanse til å komma med framlegg om nye kandidatar, slik at representativiteten kunne bli betre. Fylkeskommunen valde da i brev av 22. desember 2004 å stå ved sitt tidlegare standpunkt.
På bakgrunn av misnøyet som er oppstått, har departementet etter ei totalvurdering valt å gjera ei endring i nemnda si samansetjing i Oppland. Oppland fylkeskommune er gjord kjend med denne endringa gjennom brev av 10. januar 2005 frå Miljøverndepartementet.
Eg er overtydd om at dei personane som no er oppnemnde til regional rovviltnemnd i Oppland, på ein framifrå måte vil dekkja også dei krava som representanten Rudihagen meiner er viktige for eit slikt organ.
Eg legg stor vekt på at viktige delar av rovviltforvaltninga gjennom oppnemninga av rovviltnemnder blir delegerte til regionalt nivå i tråd med dei føringane som Stortinget la, og eg ser fram til eit godt samarbeid med rovviltnemnda i Oppland i tida som kjem.
Til slutt vil eg gjenta at oppnemninga av medlemmene i rovviltnemndene i alle regionar har skjedd i tråd med dei føringane som er gitt av Stortinget gjennom behandlinga av rovviltmeldinga.
Torstein Rudihagen (A) [12:38:58]: Eg stiller ikkje spørsmål ved eller tviler på den formelle retten som departementet har når det gjeld endeleg samansetjing, og til å oppnemne dei regionale rovviltnemndene. Eg spurde om grunngivinga for å overprøve fylkeskommunen i dette tilfellet. Fylkeskommunen sitt forslag var veldig gjennomtenkt, som eg nemnde, både geografisk, politisk og kjønnsmessig, og også ut frå kven ein ønskte å ha inn i den viktige nemnda, som, som statsråden riktig peiker på, er tillagd veldig viktige oppgåver i rovviltforvaltninga. Heile intensjonen med den rovviltmeldinga som var til behandling her, var jo at ein skulle få dempa konflikten innafor dette konfliktfylte området, og så startar det altså med ein konflikt når det gjeld samansetjinga av den regionale rovviltnemnda. Det synest eg blir ei veldig dum sak. Derfor meiner eg at departementet ikkje har noka veldig god grunngiving for å overprøve det som fylkeskommunen her har foreslått når det gjeld representantar. No har departementet rett nok gått med på éi endring, men det gjenstår å vere imøtekommande når det gjeld dei andre ønska.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:40:14]: Eg deler den bekymringa at me startar på eit veldig viktig arbeid med ein konflikt, som eg gjerne hadde ønskt at me ikkje hadde hatt, fordi dei regionale rovviltnemndene er veldig viktige - ei viktig føring for arbeidet. Men nettopp grunngivinga for at departementet har vist ein fleksibilitet, men òg stått fast, er at det er lagt så tydelege føringar frå Stortinget si side om at ein skal veljast ut direkte frå fylkesutvalet, og nettopp på rovviltpolitikken, som er så omdiskutert, og som det er så sterkt engasjement rundt, er det veldig viktig at me er presise i høve til dei føringane som er gitt gjennom stortingsbehandlinga. Me har altså prøvd nettopp å vera tydelege på at når Stortinget har sagt noko, skal vi følgja opp det til punkt og prikke. Rovviltmeldinga og innstillinga frå komiteen blir lesne opp og ned. Det er bra, og det er veldig viktig at vi er nøye med å følgja opp det som Stortinget har sagt i denne saka. Det er grunngivinga frå departementet si side.
Torstein Rudihagen (A) [12:41:26]: For all del, følg opp det som Stortinget har sagt i denne saka, iallfall når det gjeld politikken. Det som Stortinget har sagt, kan eg godt referere:
«Flertallet henviser til sammensetningen som er foreslått der det legges opp til at berørte fylkeskommuner i hver region velger ut og innstiller representanter til rovviltnemndene. Miljøverndepartementet som overordnet viltorgan, skal forestå den endelige oppnevning av nemnden.»
Det står ikkje med eitt ord her at det skal vere folk som sit fast i fylkesutvalet, som er den formelle grunngivinga for overprøvinga. Rett nok er det ei setning i sjølve meldinga frå departementet som seier det, og når Stortinget ikkje har kommentert det noko spesielt, kan ein så klart underforstått oppfatte det slik at ein har slutta seg til det. Men iallfall, dette gir eit handlingsrom for å kunne setje i hop den beste nemnda, slik fylkeskommunen her har foreslått. Det er jo ikkje på dette området at ein til punkt og prikke må følgje bokstaven og orda i meldinga og det som er Stortingets innstilling. Det er gjennomføringa av rovviltpolitikken det er viktig at ein følgjer opp.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:42:39]: Det vil nok heilt sikkert vera diskusjonar om på kva felt ein skal følgja opp det som Stortinget har sagt, til punkt og prikke. Det eg opplever, er at det innanfor rovviltpolitikken finst ulike ønske om eit visst slingringsmonn frå visse grupper. Det som eg er oppteken av, er å følgja opp det som Stortinget har gjort, og det står altså at det skal veljast ut direkte frå fylkesutvalet. Eg har likevel brukt skjønn gjennom ei ny oppnemning den 10. januar, der eg bytte ut ein av dei faste medlemmene med den første vararepresentanten til fylkesutvalet, og med dette kjem departementet følgjande krav frå fylkeskommunen i møte: den partipolitiske samansetjinga blir akkurat slik som fylkeskommunen ønskjer, den geografiske fordelinga blir betre, og Erik Winther, første vararepresentant til fylkesutvalet, får plass i nemnda. Så eg meiner at departementet har vist fleksibilitet og følgt opp Stortinget. I dag er det første møtet i rovviltnemnda i Oppland. Eg har tru på eit arbeid der som blir godt, og eg har tillit til at det blir gjort eit viktig regionalt arbeid i Oppland frå og med i dag.