Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2005 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 18
Ola D. Gløtvold (Sp) [11:47:03]: Jeg vil stille miljøvernministeren følgende spørsmål:
Antall sau drept av ulv har aldri vært større enn i 2004. Nærmere halvparten av disse drapene har skjedd utenfor ulvesona som er vedtatt av stortingsflertallet. 12 land har reservert seg mot totalfredning av ulv selv om de har ratifisert Bern-konvensjonen.
Vil statsråden ta et slikt initiativ også på Norges vegne?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:47:28]: Norsk tilslutning til Bern-konvensjonen er handsama av Stortinget, og konvensjonen blei ratifisert av Noreg i 1986. Noreg reserverte seg ikkje mot ulv, og konvensjonen opnar for skademotivert felling.
Ved handsaminga av stortingsmeldinga Rovvilt i norsk natur viste fleirtalet i Stortinget sin energi- og miljøkomite til at Noreg etter Bern-konvensjonen har ei plikt til å sikra overlevinga til alle dei store rovviltartane i norsk natur. Fleirtalet i komiteen meinte at spørsmålet ikkje er om meskal ha rovvilt i norsk natur, men kvar me skal forvalta det, og korleis. Eg ser derfor ingen grunn til å ta noko initiativ til at Noreg skal reservera seg i forhold til ulv.
I gjeldande rovviltpolitikk legg norske styresmakter opp til ei differensiert forvalting av ulven av omsyn til sauehaldet og reindrifta. Denne forvaltinga inneber m.a. at det er etablert eit eige forvaltingsområde for ynglande ulv. Forskrift om lisensjakt for ulv, som blei vedteken i desember 2004, og ny forskrift om forvalting av rovvilt, som nyleg har vore på høring, er også viktige element i denne forvaltinga.
Til partsmøtet om Bern-konvensjonen hausten 2004 gjorde Sveits framlegg om å nedlista ulv frå vedlegg 2 til vedlegg 3 i konvensjonen. Framlegget inneber å flytta arten frå lista over dyreartar som er totalfreda, til lista over dyreartar som ikkje er totalfreda. Etter framlegg frå m.a. EU og Noreg vedtok partsmøtet at det skal gjennomførast ein vitskapeleg studie av bestandstatus for ulv i Europa før partsmøtet handsamar det sveitsiske framlegget.
Eg vil avventa det arbeidet som no skal gjennomførast, før eg tek endeleg stilling til framlegget frå Sveits.
Ola D. Gløtvold (Sp) [11:49:24]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg synes det var noe passivt og også unnvikende. Vi vet at tolkningen av Bern-konvensjonen er ulik i denne sal og også blant dem som diskuterer rovdyrproblematikken i Norge. Det er helt klart at 12 land har reservert seg når det gjelder totalfredning av ulv, og de mener at dette er jaktbart vilt. Forslaget fra Sveits nå om å flytte ulven fra vedleggsliste 2 til vedleggsliste 3 ville medført at en fikk en mer fleksibel forvaltning av ulven.
Når miljøvernministeren sier at en skal vurdere hvor og hvordan en skal forvalte rovdyrene, må nettopp dette være viktig, å få en avklaring slik at Bern-konvensjonen kan forvaltes mer likt i de land som har underskrevet. For oss som har store problemer med spredt bosetting og en næringsstruktur som gjør at beitebruk blir meget vanskelig i de områdene hvor disse rovdyrene opptrer, spesielt ulven, er det viktig å få dette på plass.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:50:27]: Eg forstår at representanten Gløtvold meinte at eg hadde eit unnvikande svar. Det kan eg ikkje seia meg einig i. Han spør om eg vil ta eit slikt initiativ, og det seier eg nei til - det vil eg ikkje gjera. Da kan me vera ueinige, og det er me i denne saka, men eg vil ikkje seia det er eit unnvikande svar når eg seier at eg ikkje vil ta eit slikt initiativ.
Eg meiner det er viktig å ta vare på ulven. Det har vi no fått eit breitt fleirtal for i Stortinget. Det er eg glad for, og det vil eg følgja opp. Eg veit at Senterpartiet ikkje var med i det fleirtalet, og heller ikkje er med på den politikken som eg no legg opp til. Det må me akseptera. Men eg er glad for at eit samla storting tok ansvar for rovviltet vårt, og vil samtidig visa til at me kan få ein politikk som fører til mindre konfliktar og mindre tap, og som kan gi tryggleik til folk på bygdene.
Ola D. Gløtvold (Sp) [11:51:31]: Jeg synes at miljøvernministeren var unnvikende i forhold til hovedproblemet her, nemlig en klarere forvaltningspraksis når det gjelder uttak av skadedyr og dyr som virker truende. Der synes jeg miljøvernministeren var unnvikende i sitt svar.
Så til lisensjakten. Det er en sterkt negativ holdning til lisensjakt i store deler av det området der dette er satt i gang nå. Jeg vil spørre statsråden: Er det slik at det er statens ansvar å ta ut skadedyr og rovdyr som ikke er der de skal være, eller er det slik at med denne lisensjakten overlates dette nå til lokale jegere? Og hvis man mislykkes i denne lisensjakten, vil ikke miljøvernministeren da foreta seg noe mer for å ta ut de dyrene som ikke skal være der? Etter Stortingets vedtak skal ulven først og fremst være i ulvesonen og ikke i de områdene hvor de har gjort stort skadeverk dette siste året. Lisensjakt er ikke det som skal til hvis en skal ta ut dyr på riktig tidspunkt og på en human og effektiv måte.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:52:37]: Eg vil ikkje kommentera nokon av dei konkrete sakene i forhold til lisensjakt no. Der har Direktoratet for naturforvalting teke ei avgjerd. Dei avgjerdene har ein klaga over, og dei vil hamna på bordet mitt. Derfor uttaler eg meg berre på generelt grunnlag når det gjeld lisensjakt.
Det eg vil seia om lisensjakt, er at eg trur det er ein god måte både for å gjera jakta alminneleg og for når ein skal ta ut dyr. Eg trur g at ein kombinasjon av lisensjakt og ei avgjerd om jakt teken av dei regionale nemndene er med på å skapa eit forhold til rovdyra. Det er med på å skapa tillit både lokalt og regionalt. Eg meiner det er ein god måte å følgja opp det breie forliket i Stortinget på når det gjeld rovviltpolitikken.
Presidenten: Dermed er alle spørsmål i dagens spørretime behandlet.