Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2005 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 16
Inger S. Enger (Sp) [11:34:27]: Mitt spørsmål går til miljøvernministeren og lyder som følger:
Stortinget har lagt vekt på at rovviltforvaltningen skal få sterkere lokal forankring, og at det skal bygges opp et bedre tillitsforhold mellom lokalsamfunn og forvaltningsmyndigheter. Det har vært meninga at de regionale rovviltnemndene skal spille en viktig rolle for å få til dette. Nå frykter mange at de regionale nemndene vil få for lite myndighet, og at Direktoratet for naturforvaltning fortsatt blir den dominerende aktøren.
Hvordan vurderer statsråden rovviltnemndenes kommende rolle og myndighet?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:35:10]: Stortinget la i mai i fjor hovudføringane for ei ny rovviltforvalting. Ved utforminga av den forskrifta som no har vore på høring, har departementet prøvt å atterspegla dei samla føringane som Stortinget har gitt.
Rovviltnemndene skal få hovudansvaret for å fastsetja kvotar for vilkårsskadefelling, kvotar for lisensjakt og kvotar for gaupejakt innanfor rammene av nasjonale bestandsmål og gjeldande lover og regelverk. Desse bestandsmåla, som er fastsette av Stortinget, skal sikra at Noreg samla tek sitt nasjonale og internasjonale ansvar for at rovviltartane ikkje blir utrydda.
Rovviltnemndene får g ansvaret for å utarbeida ein regional forvaltingsplan for rovvilt og ansvaret for å prioritera midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i regionen. Det er g understreka at rovviltnemndene skal samarbeida nært med kommunar, organisasjonar, lokalsamfunn og andre partar i sin region.
Hovudgrepet med regionar og rovviltnemnder har brei støtte politisk og i alle dei interesseorganisasjonane som var med på å gi tilrådingar i samband med utforminga av rovviltmeldinga.
Eg har store forventingar til at Stortinget sine føringar om oppretting av regionar og rovviltnemnder over tid vil gi lågare konfliktnivå og færre tap.
Til slutt meiner eg det er grunn til å minna om at Stortinget sin rovviltpolitikk inneber at me skal sikra at gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn ikkje blir utrydda frå norsk natur.
Inger S. Enger (Sp) [11:36:51]: Det er korrekt som miljøvernministeren sier, at Stortinget gav klare føringer. Men når det nå legges opp til forskrifter, kan det se ut som det er Direktoratet for naturforvaltning som skal få svært mye myndighet når det gjelder forvaltninga av rovvilt.
Blant annet er det nevnt at de skal ha styringa fram til bestandsmålene for de ulike artene er nådd. Hvis jeg kan ta et eksempel der, vil det for bjørns vedkommende sannsynligvis være 10-15 år, for det er slik at bjørn får unger hvert annet år, og da vil det altså ta ca. 15 år før bestandsmålet er nådd. Da kan det umulig være riktig at det er Direktoratet for naturforvaltning som i disse åra skal styre den forvaltninga, og altså sette rovviltnemndene ut av spill.
Mitt spørsmål blir da: Hvordan ser statsråden på dette?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:37:54]: Når me no får oppretta dei regionale nemndene 1. april, vil dei sjølvsagt tre i kraft og få ein veldig viktig funksjon.
Eg er glad for den breie tilslutninga det er blitt til det regionale nivået innanfor dette politikkområdet. Det trur eg vil bli viktig, og det trur eg vil ha ein veldig god effekt. Samtidig vil sjølvsagt Direktoratet for naturforvalting spela ei viktig rolle. Det er vårt fremste fagorgan i dag og vil ha ei betydeleg rådgivarrolle innanfor desse spørsmåla. Dei sit med den fremste fagkunnskapen, slik at den rådgivarrolla som Direktoratet for naturforvalting vil ha framover, vil vera viktig. Direktoratet vil g vera med og gi si rådgiving når det gjeld klagesaker i samband med fylkesmannens vedtak.
Inger S. Enger (Sp) [11:38:54]: Det er for så vidt riktig at Direktoratet for naturforvaltning kan ha en rådgiverrolle. Men jeg syns nok at statsråden her nedvurderer det viktige oppgaveområdet og den makt som Stortinget ønsket å gi rovviltnemndene, for i forslag til forskrifter nå går det fram at bestandstall - og det er i grunnen dem det er mye uenighet om - skal bare være bestandstall som NINA og Direktoratet for naturforvaltning har godkjent. Da går man vekk fra det som Stortinget mente, nemlig at for å få god kvalitet på overvåkning, var det veldig viktig med økt lokal medvirkning, for det var den beste måten å redusere konfliktnivået på. Vi vet også at sprik når det gjelder tall, er det som er striden. Jeg har her en overskrift jeg kan nevne: 13 ulv i Norge, derav 19 i Østfold. Da hører vi jo at det er sprik i disse tallene. Dette er ikke båsdyr - det er ikke lett å telle dem.
Vi har ikke tid til å vente på autoriserte tall, og derfor vil jeg til slutt spørre statsråden: Hvordan kan en skape et bedre samarbeid innenfor rovdyrforvaltningen? Det er det som er viktig.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:40:08]: Eg meiner at nettopp oppnemninga av dei regionale nemndene er eit viktig steg for å få til ei betre forvalting av rovdyra. Samtidig må eg få lov til å seia at Stortinget aldri har rekna med at nemndene skal forvalta rovdyrbestandane våre ned til eit lågare nivå enn dei måltala som er sette. Det er no viktig at dei regionale nemndene skal forvalta ein nasjonal politikk, og som me var inne på i det førre spørsmålet, slutta altså ikkje Senterpartiet seg til det breie fleirtalet.
Eg er glad for at det blei eit breitt fleirtal som sikra ei heilskapleg forvalting. Eg meiner at med den heilskaplege politikken som blei lagd på dette området, og den regionale forvaltinga, har me fått ei heilskapleg tilnærming til dette spørsmålet som vil gjera at konfliktnivået kjem til å gå ned, og me kjem g til å få ei betre forvalting totalt sett.