Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2005 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 15
Åslaug Haga (Sp) [11:27:38]: Mitt spørsmål til miljøvernministeren lyder som følger:
Det kommer stadig meldinger fra folk som bor i områder med store rovdyr, om at de føler seg utrygge. Voksne slutter å gå tur i skogen, ungene må få skyss til skolen, og ingen unger får lenger lov å leke ute aleine. En av de siste skremmende episodene skjedde i Aurskog-Høland i desember, da en hund som stod i bånd like ved et hus og en leikeplass, blei drept av ulv midt på dagen.
Mener statsråden at det er akseptabelt at innbyggere som bor i rovdyrutsatte områder, får ødelagt livskvalitet på denne måten?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:28:15]: Eg har stor forståing for dei som kjenner redsle og angst for store rovdyr som ulv og bjørn. Det er lett å førestilla seg at desse artane skaper frykt.
Dette er artar som hører naturleg heime i norsk natur, men som i lang tid har vore tilnærma utrydda. Desse artane er no igjen etablerte i Noreg, i tråd med Stortinget sine samla målsetjingar sidan fredinga i begynnelsen av 1970-talet.
Medan ulv kan gå til åtak på hundar innanfor sitt revirområde, er menneske ikkje eit naturleg bytte for ulv. Sjølv om ein ikkje skal undervurdera frykta for ulv, er det store biletet slik at andre artar i norsk natur, som elg, hoggorm og veps, representerer ein større fare for menneska i gitte situasjonar enn førekomsten av ulv. Likevel må me ta på alvor at frykta for ulv er stor i befolkninga.
Av omsyn til dei konfliktane desse artane kan skapa, er det i Stortinget lagt til rette for eit avgrensa tal for årlege ynglingar. For ulv er det lagt opp til tre årlege ynglingar i Noreg. Vidare er det lagt til rette for at kommunar og lokalsamfunn kan få eigne midlar til å setja i verk konfliktdempande tiltak for å dempa frykt og utryggleik. Der desse tiltaka skulle visa seg utilstrekkelege, kan g felling bli vurdert.
Eit breitt fleirtall i Stortinget har samla seg om ein ny og god rovviltpolitikk. Eg har stor tru på at me gjennom dei tiltaka me no skal gjennomføra, skal komma lokalbefolkninga i møte, slik at livskvaliteten over tid ikkje skal bli redusert.
Åslaug Haga (Sp) [11:30:02]: Her var det ikke mye sympati med alle dem som opplever at de får livskvaliteten i hverdagen redusert fordi ulven går og lusker rundt veggene.
Fylkesmannen i Oslo og Akershus, tre berørte kommuner og Norges Jeger- og Fiskerforbund har alle tatt til orde for at denne ulven, som har spesialisert seg på å luske rundt i bebyggelsen og ta hunder, som jeg nevnte i mitt spørsmål, bør felles. Direktoratet for naturforvaltning uttaler på sin side at dette ikke er noen prioritert sak, siden de mener at det ikke er noen stor fare for nye angrep.
Mitt første oppfølgingsspørsmål er om miljøvernministeren faktisk ser på denne saken, som man har engasjert seg betydelig i lokalt.
Det andre spørsmålet knytter seg til at stortingsflertallet bad om at det skulle vurderes om nødvergeretten skulle utvides til også å gjelde hund som blir angrepet av rovdyr. Spørsmålet er: Hvor langt har departementet kommet i den vurderingen knyttet til nødvergeretten?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:31:09]: Så vidt eg er kjend med, har Direktoratet for naturforvalting fått søknad om fellingsløyve på ein ulv som har teke fleire hundar i Aurskog-Høland. Eg vil derfor ikkje kommentera den saka nærmare no, før ho er ferdigbehandla i Direktoratet for naturforvalting.
Når det gjeld det andre spørsmålet frå representanten Haga, jobbar Miljøverndepartementet, i tråd med dei føringane som Stortinget har gitt, med ei utgreiing om konsekvensar av å innføra naudverjerett g der hundar blir angripne av rovvilt. Så det er eit arbeid som departementet er i gang med, og som vi sjølvsagt kjem attende til.
Åslaug Haga (Sp) [11:31:59]: Det var mange svakheter ved rovdyrmeldinga da den ble presentert, men den virkelig store svakheten ved meldinga var at den knapt nok tok innover seg de følelsene og de opplevelsene folk har, knyttet til å ha ulv eller store rovdyr rundt seg i hverdagen. Man tok ikke opp det faktum at svært mange mennesker faktisk føler at livskvaliteten blir redusert.
Ved behandlinga av rovdyrmeldinga uttalte en samlet komité:
Den menneskelige siden av rovdyrbelastningene bør vies større oppmerksomhet.
Komiteen ønsket derfor at det skulle
settes i gang undersøkelser som gir kunnskap om hvordan rovdyr påvirker folks hverdag og livskvalitet .
Spørsmålet mitt er: Hva har departementet gjort så langt når det gjelder å se på de menneskelige påkjenningene ved å ha store rovdyr rundt seg i hverdagen?
Statsråd Knut Arild Hareide [11:33:01]: Eg meiner at den rovviltpolitikken som eit breitt fleirtal i Stortinget la til grunn, nettopp varetek omsynet til at me skal ha ulv i dette landet, og det er eg glad for. Det fleirtalet var ikkje Senterpartiet med i. Eg meiner g at fleirtalet la til rette for ei fornuftig forvalting som varetek det menneskelege omsynet.
Senterpartiet var i eit stort mindretal i den saka, og eg registrerer at ein her ikkje prøver å ta ein omkamp, men at ein legg inn dei føringane som ein kom med i eit stort mindretal da saka var oppe i vår.
Eg er glad for det breie fleirtalet som både sikrar ulven og sikrar lokalsamfunna tryggleik. Eg meiner at med den politikken som det no er lagt til rette for, vil det bli mindre behov for tiltak, fordi det blir meir førebygging.
Presidenten: Presidenten vil anta at uttrykket stort mindretall er misforståelig, og at meningen var et lite mindretall. Men det er ikke alltid at språket er lett å konstruere.