Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. desember 2004 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Ågot Valle (SV) [11:25:04]: Jeg har følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«Klargjøring av eierhistorie er et viktig virkemiddel for å hindre ulovlig eller uetisk handel med verdifulle kunst- og kultursamlinger. Nasjonalbiblioteket har en database som gjør Schøyen-samlingene tilgjengelige, uten at eierhistoriene er klargjort. Dette er i strid med ICOMs retningslinjer.

Hva mener statsråden om dette, og hvordan vil statsråden sørge for at offentlige kulturinstitusjoner følger ICOMs retningslinjer, slik at verdens kulturhistorie kan ivaretas på en etisk riktig måte?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:25:46]: Nasjonalbiblioteket har ein avtale med Martin Schøyen om å gjera digitalt tilgjengeleg ein liten del av Schøyen-samlinga på heimesidene til Nasjonalbiblioteket. Motivasjonen for dette samarbeidet er å gi publikum tilgang til innhaldet i ei av verdas største og viktigaste samlingar av gjenstandar og manuskript.

Eit slikt samarbeid ville neppe ha vore innleidd dersom ein ville skjula opphavet til samlinga. Nasjonalbiblioteket fortener etter mi meining fyrst og fremst honnør for at dei arbeider for å gjera ein viktig del av kulturarven tilgjengeleg for eit breitt publikum.

ICOMs regelverk er utforma for inntak av museale gjenstandar. Nasjonalbiblioteket deponerer i dag ingen gjenstandar frå Martin Schøyen sine samlingar, men gjer som sagt tilgjengeleg digitale kopiar av ein liten del av samlinga på Nasjonalbiblioteket sin nettstad.

Eg vil understreka at problemstillingar rundt eigarhistorie og tilbakelevering knyter seg til den originale gjenstanden og ikkje til digitale kopiar.

Departementet og ABM-utvikling tilrår at alle norske museum følgjer ICOMs etiske retningslinjer, som trekkjer opp allment aksepterte hovudlinjer for korleis museum og museumsarbeidarar skal handsama etiske problemstillingar i tilknyting til museumsarbeid.

Nasjonalbiblioteket byggjer i sitt arbeid på tilsvarande etiske standardar gjennom sin medlemskap i IFLA, som har eit nært samarbeid med UNESCO. Både IFLA og ICOM er medlemmer av «Blue Shield», som Nasjonalbiblioteket har medverka til å oppretta i Noreg. «Blue Shield» har til formål å samla og spreia informasjon, samordna innsats og påverka styresmakter og fagpersonar til å ivareta kulturarven under væpna konfliktar eller ved katastrofar.

Regjeringa la denne sommaren òg fram forslag for Stortinget om at Noreg skal ratifisera UNESCOs konvensjon av 1970 om tiltak for å forby og hindra ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar, jf. St.prp. nr. 70 for 2003-2004 og Ot.prp. nr. 76 for 2003-2004, som dei etiske retningslinjene til ICOM viser til.

På denne bakgrunnen meiner eg både Nasjonabiblioteket og andre kulturinstitusjonar her i landet kjenner til og følgjer dei relevante etiske retningslinjene i arbeidet sitt.

Ågot Valle (SV) [11:28:19]: Jeg takker for svaret. Men jeg synes at statsråden bagatelliserer problemstillinga, fordi å oppgi eierhistorie er et veldig viktig krav dersom man skal unngå ulovlig handel med antikviteter, og det gjelder også når disse blir digitalisert.

Det er bra at Stortinget nå har vedtatt UNESCO-konvensjonen, og det er et framskritt at Nasjonalbiblioteket har tatt stikkprøver om hvorvidt eierhistorien er klarlagt. Men Per Rekdal, medlem av ICOMs utøvende styre her i Norge, mener likevel at dette bare er kosmetikk, at Nasjonalbiblioteket ikke må akseptere noe annet enn opphavsdokumenter på alt som gjøres tilgjengelig også digitalt.

Jeg vil utfordre statsråden til å være litt mer tydelig på dette, og spørre om hun er enig i Rekdals bekymring over at kunnskapen om dette ikke er så klar som statsråden nå gir uttrykk for.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:29:32]: Vi kan godt informera endå sterkare enn det vi har gjort i forhold til regelverket som vi er forplikta på i Noreg. Men eg vil ta avstand frå påstanden frå representanten om at det er ulovleg import vi snakkar om her. Eg trur at verken eg eller representanten kan vera så klare på kva det er.

Eg vil òg fortelja representanten at eg har motteke brev frå Martin Schøyen der han informerer om at han har vore i kontakt med Pakistans ambassadør i Noreg vedrørande manuskript som kanskje stammar frå Gilgit i Pakistan, og Schøyen tilbydde seg å gi desse manuskripta tilbake til Pakistan. Vidare informerer Martin Schøyen om at han har vore i kontakt med den norske UNESCO-kommisjonen vedrørande retur av seks manuskriptfragment som kanskje kan stamma frå Kabul Museum.

Påstanden om at dette er ulovleg, vil i alle fall ikkje eg underskriva på. Men når det er sagt, meiner eg at våre institusjonar er informerte. Dei skal følgja opp det regelverket vi har forplikta oss på. Eg er òg glad for at Stortinget i alle fall har behandla ferdig den eine av UNESCO-konvensjonane. No veit eg at miljøkomiteen har vedteke å utsetja behandlinga av den andre, men han kjem – og då har vi òg kraftigare verkemiddel.

Ågot Valle (SV) [11:30:50]: Jeg takker igjen for svaret.

Ulovlig handel med antikviteter øker, og vi står i fare for at deler av verdens kulturarv går tapt. Nå er det ingen som med sikkerhet kan si at Schøyen-samlingen dreier seg om ulovlig handel. Poenget er jo at vi ikke vet. Når eierhistorien ikke automatisk blir klarlagt, blir det grobunn for spekulasjoner om at dette kan dreie seg om ulovlig handel.

Jeg er glad for at statsråden kan gi meldinger om at manuskripter som tilhører Afghanistan, kanskje kan tilbakeføres dit. Men på bakgrunn av de spekulasjonene som har vært, utfordrer jeg statsråden på at Regjeringa tar et aktivt grep for å klargjøre om samlingen til Schøyen er kommet til på en glassklart lovlig måte, og at man dermed har et klart krav om at eierhistorien blir klargjort.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:32:05]: No opererer ikkje vi med spekulasjonar, vi opererer med fakta. Vi har hatt kontakt. Martin Schøyen har sjølv teke kontakt med departementet i forhold til å gi informasjon om kva som har skjedd. At det blir påstått at ting er ulovleg innførte, kan ikkje eg ta stilling til, eg må halda meg til fakta og ikkje spekulasjonar. Men det er heilt klart at ulovleg handel med slikt materiale generelt er ei utfordring som vi absolutt må ta på alvor.

No er det éin ting at Noreg ratifiserer, men då må òg andre land som er involverte, ratifisera for at vi skal kunna bruka det regelverket som snart blir tilgjengeleg for oss. Det regelverket går jo då på situasjonar i framtida, og ikkje på det som ligg i fortida. Men eg er glad for Martin Schøyens aktive handling for å få ført tilbake igjen det som han eventuelt meiner høyrer til andre stader.

Eg meiner òg at våre institusjonar sjølvsagt skal vera merksame på det regelverket vi er forplikta på. Men igjen, som eg sa i svaret mitt: Det er forskjell på å visa digitalt materiale og verkeleg materiale – det er det eine. For det andre hadde ein ikkje lagt ut på nettet digitalt materiale om ein hadde vore redd for at dette hadde vore ulovleg innført til landet. Ein hadde då heller prøvt å skjula det, om ein ynskte å skjula noko.

: