Stortinget - Møte onsdag den 24. november 2004 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 3
Presidenten: Dette spørsmålet, som er fra representanten Thore A. Nistad til landbruks- og matministeren, er overført til miljøvernministeren som rette vedkommende.
Thore A. Nistad (FrP)[12:04:05]: Jeg hadde opprinnelig tenkt at spørsmålet skulle gå til landsbruks- og matministeren. Så fikk jeg beskjed om at det var fiskeriministeren som skulle svare, og nå kommer altså en tredje minister inn i bildet, nemlig miljøvernministeren. Spørsmålet er følgende:
«Valdres Rakfisk har blitt en suksess, og produsentene selger unna all produksjon. Produsentene er nå nødt til å importere store kvanta oppdrettsfisk fra utlandet pga. at fylkesmannen har satt stopp for en utvidelse av produksjonsvolumet. Fylkesmannens miljøavdeling sier at produsentene ikke engang trenger å søke; de vil få nei til tross for at anleggene ligger på land og produsentene har investert millioner i rensing.
Vil statsråden se på gjeldende praksis og gjøre noe med denne saken?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:04:50]: Eg har lyst til å skryta av rakefiskmiljøet i Valdres. Valdres er ein av dei få stadene i Noreg som med utgangspunkt i eit matprodukt er i ferd med å etablera ei merkevare og ein identitet på høgd med stolte franske matregionar. Rakefisken skaper stor entusiasme i bygda, og ringverknadene av produksjonen finn me både i reiselivsnæringa, handelsstanden og blant andre matprodusentar – dei som står for alt som hører til eit godt rakefiskmåltid.
Ei gruppe produsentar har søkt om at rakefisken i Valdres kjem inn under den offentlege merkeordninga «Beskyttede betegnelser». Denne ordninga skal medverka til auka regional næringsutvikling, og Regjeringa har stor tru på at ho skal motivera til ytterlegare verdiskaping og økonomisk vekst også i Valdres.
Oppdrett av fisk er samstundes ei monaleg kjelde til utslepp av næringssalt til Begnavassdraget. Forureininga kjem hovudsakleg i perioden juni–september, dvs. i den mest kritiske perioden på året, der vassføringa er lita og temperaturen er høg. I juli og august er fiskeoppdrett den dominerande kjelda til utslepp av næringssalt.
Strondafjorden, som er den største og mest utsette innsjøen i forhold til fiskeoppdrett, er ein middels næringsrik innsjø. Han er sårbar for tilførsle av næringssalt, særleg om sommaren. Fleire gonger, seinast sist sommar, har det vore oppblomstring av algar i Strondafjorden.
Det har i fleire år vore gjort ein stor innsats for å redusera utslepp frå kommunale kloakkanlegg, landbruk, industri og bygningar som ligg spreidde i denne regionen. Store summar er investerte i tekniske anlegg. Ein mogleg auka produksjon av fisk må derfor skje ved at reinsinga blir betra, slik at utsleppa ikkje aukar.
Fylkesmannen i Oppland er – og har vore – interessert i dialog med fiskeoppdrettsnæringa i Valdres. Ein del av denne dialogen vil vera å delta i dei fora der det er ønskeleg. Samstundes skal fylkesmannen som forureiningsmyndigheit setja rammer for kor store utslepp som kan tolast. I denne rolla vil fylkesmannen sjølvsagt også handsama nye søknader om utsleppsløyve frå fiskeoppdrett dersom prosjektet kan medverka til at dei totale tilførslene av forureining i vassdraget blir haldne konstante, eller helst går ned. Hovudansvaret for å finna teknisk og økonomisk forsvarlege løysingar ligg likevel hos næringa sjølv, og eg håper dei vil lukkast med dette.
Thore A. Nistad (FrP) [12:07:27]: Det er jo fint at alle statsråder reiser rundt og skryter av hvor bra produksjonen er i Valdres. Vi har en landbruksminister som reiser land og strand rundt og prediker hvor fint det er med muligheten for lokal matproduksjon. Men når et distrikt som Valdres da finner et slikt nisjeprodukt, gjør byråkratene alt mulig for å legge kjelker i veien for dem som prøver å drive en ny næring, i stedet for å prøve å hjelpe dem.
I dag er det blitt slik at vi importerer fisk fra Danmark til rakefiskproduksjon i Valdres, og i norske butikker ser vi haugevis med fin fjellørret fra Chile. Men norske produsenter får altså nei. Statsråden var heller ikke så veldig klar i sitt ja, så det er vel fortsatt et nei, i og med at miljøavdelingen i fylket sier det.
Ser ikke statsråden det store potensialet i denne produksjonen – andre land har fått det til?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:08:32]: Eg er som representanten Nistad heilt einig i at det her er eit potensial. Og eg begynte mitt svar nettopp med å gi honnør til det arbeidet som blir gjort i Valdres, der ein har nytta moglegheita til å utvikla eit nisjeprodukt som har slått veldig godt an.
Eg er oppteken av at produksjonen skal kunna vidareførast, men eg er også oppteken av at vi skal gjera det ut frå ei forsvarleg miljømessig ramme. Det er nettopp det eg må leggja til grunn, at eg ikkje ønskjer ei utviding av produksjonen dersom det går ut over miljøet. Og det er ei utfordring i dette området. Me veit at det har vore ei oppblomstring av algar, som eg kom inn på i mitt svar.
Me skal sjølvsagt sjå på denne saka, men omsynet til miljøet må liggja til grunn i Valdres som alle andre stader i landet der me ber om løyve for utslepp. Det er viktig at me er med på å støtta opp om dette arbeidet, men den miljømessige grunngivinga, å ta vare på miljøet, skal sjølvsagt liggja til grunn her som alle andre stader.
Thore A. Nistad (FrP) [12:09:49]: Jeg er glad for at statsråden vil se på saken, og jeg håper det blir noe annet enn å se på den.
Produsentene i Valdres har gang på gang møtt veggen. De hadde først produksjonen nede i Strondafjorden, som statsråden påpekte, så flyttet de anleggene på land, så puttet de inn millioner av kroner i de strengeste rensereglene som finnes, og enda kommer fylkesmannens miljøavdeling og sier nei, nei og nei! Hvor langt skal man egentlig gå når det gjelder denne rensingen, når alle instanser har brukt så mye og de strengeste reglene finnes i Norge? Er hensikten at det ikke skal produseres fisk i Innlands-Norge, men bare langs kysten? Ser man ikke det potensialet som ligger der?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:10:38]: Det som representanten Nistad tek opp, og som eg vil kommentera, er at det er dei totale utsleppa som er det viktige for dette området. Og som det òg blei sagt, har vi hatt algeoppblomstring i området.
Eg er glad for at det er gjort eit betydeleg arbeid i forhold til reinsinga, men det er dei totale utsleppa som er viktige for nærmiljøet. Ein er òg kjend med at det har vore utslepp frå kloakkanlegg. Det er altså totalsituasjonen som må leggjast til grunn.
Eg har bede fylkesmannen i Oppland om å ha ein dialog med fiskeoppdrettsnæringa. Det er eg sikker på vil bli gjort, men eg har vore oppteken av at det er den totale miljøsituasjonen som må liggja til grunn for den avgjerda som miljøvernavdelinga i Oppland skal gjera.