Stortinget - Møte onsdag den 24. november 2004 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 15
Øyvind Korsberg (FrP) [12:11:44]: Jeg har følgende spørsmål til miljøvernministeren:
«I oppslag på NRK tekst-TV 18. november i år kommer det fram at fylkesmannen i Troms nok en gang nekter filmselskapet Freeride å fly med helikopter i Lyngsalpene. Selskapet har ønske om å lage en dokumentar om ekstremsport. Samtidig har filmskaperne bak «Populærmusikk fra Vittula» fått lov til å filme i det samme området.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre at det blir likebehandling, slik at dokumentarfilmen kan lages?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:12:19]: Lyngsalpan landskapsvernområde blei verna som landskapsområde 20. februar 2004. Motorferdsel er generelt forbode i landskapsvernområdet. Det gjeld òg lågflyging under 300 meter, men fylkesmannen kan gi dispensasjon når formålet krev det, for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi eller i andre særlege tilfelle der det ikkje strir mot formålet med vernet.
16. mars 2004 gav fylkesmannen i Troms dispensasjon for helikoptertransport i samband med innspelinga av filmen «Populærmusikk fra Vittula». Søknaden gjaldt ein times helikoptertrafikk og to landingar i utkanten av landskapsvernområdet på konkret oppgitt stad, ca. 500 moh. ved foten av Kvasstind. Personell og utstyr blei frakta inn på godkjend scooterløype. Innspelinga var avgrensa til éin dag med bestemt dato.
Fylkesmannen kjende ikkje til miljøverdiar i området som kunne ta skade av denne aktiviteten i den grad at det strir mot formålet med vernet, og fann derfor å kunne gi dispensasjon.
Søknaden frå Freeride blei fremma på vegner av filmselskapet Matchstick Productions, som produserer ein årleg 70 minuttars spelefilm i dokumentar/adventure-format som tek føre seg livsstil og sport. Det blei søkt om løyve til 35 landingar og 12 flytimar med helikopter innanfor ein periode frå 10. mars 2004 til 20. april 2005. Søknaden gjaldt landing på høgalpine fjelltoppar over 900 meters høgd, men med eventuell lågflyging under 300 meter under filminga.
Fylkesmannen si vurdering var at dette ikkje er eit særleg tilfelle. Det har vore fremma liknande søknader frå Freeride dei siste åra. Det blei lagt vekt på at godkjenning av søknaden vil skapa presendens og opna for ein aktivitet som gir ei uheldig utvikling i landskapsvernområdet. Dette dreier seg om heliskiing, dvs. transport med helikopter av ekstremsportutøvarar som blir filma medan dei kjører ned.
Etter fylkesmannen si vurdering vil det stri mot verneformålet å tillata omfattande aktivitetar over ein lang periode, over eit stort område og i sentrale delar av landskapsvernområdet for noko som er generelt forbode. I vurderinga er det lagt spesiell vekt på at formålet med landskapsvernet også er å gi allmenta høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Det aktuelle området blir mykje brukt til både vinterklatring og tradisjonelle skiturar.
Som denne utgreiinga viser, er det ikkje grunnlag for å seia at dei nemnde søknadene representerer like tilfelle. Eg har derfor ikkje nokon merknad til den vurderinga som fylkesmannen i Troms har gjort i denne saka.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:15:12]: Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg må si at jeg er fullstendig uenig med statsråden. Når man kan si at det å lage en sak på at «Populærmusikk fra Vittula» skal ha samfunnsmessig betydning, mens det å lage en film om ekstremsport, som er en glimrende mulighet for å markedsføre Norge – og for så vidt Nord-Norge spesielt – som turistland, ikke har samfunnsmessig betydning, skjønner jeg ikke argumentasjonen fra fylkesmannen og miljøvernministeren i denne saken.
Dette er også en fullstendig overkjørsel av lokaldemokratiet, og det er faktisk kanskje det verste. For i forarbeidet til vernevedtaket er det lagt til grunn at kommunene skal kunne få ansvar for den daglige forvaltningen av vernebestemmelsene. Jeg må bare vise til at ordførerne i Lyngen, Storfjord, Balsfjord og Tromsø i vår var sterkt uenige i det avslaget man den gangen fikk. Hva vil statsråden gjøre for å sikre at lokaldemokratiet får større innflytelse på bruk av de lokale naturområdene?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:16:18]: Det er viktig å ha klare føringar for kva som gjeld i den vurderinga som fylkesmannen her har gjort. Det har vore to saker, og dei har klart ei ulik vektlegging i forhold til både omfanget og måten ein ønskte å gjennomføra helikopterkøyringa på. I det eine tilfellet var det ein times tur. Det var søkt om to landingar i utkanten av landskapsvernområdet. I det andre tilfellet var det søkt om løyve til 35 landingar og til 12 flytimar med helikopter innanfor ein periode. Det var altså det store omfanget som var forskjellig.
I det første tilfellet blei det vurdert slik at ein ikkje kjende til miljøverdiar i området som kunne ta skade av den aktiviteten, ikkje ut frå ei vurdering av formålet, men ut frå eventuelt skadeomfang av ei slik køyring. Det var ikkje ei vurdering av dei to ulike prosjekta sine samfunnsmessige verdiar. I det eine tilfellet kunne ein derfor ikkje gi løyve.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:17:29]: Da takker jeg statsråden for svaret.
Begrunnelsen er altså det store omfanget av flygingene. Da er det jo fristende å spørre statsråden: Hvor går grensen? Eller er det mer trynefaktoren som er avgjørende i denne saken? Det er jo en helt merkelig begrunnelse at man har et generelt forbud, men så skal man åpne opp litt ut fra omfanget av flygingene. Det synes jeg høres ganske merkelig ut, spesielt når man også bruker som argumentasjon at dette skjedde i utkanten av et verneområde.
Vi hadde en lignende sak i Sogn og Fjordane når det gjaldt helikopterflyging til Kaldakari, som også var helt i utkanten av verneområdet, og da fikk man avslag. Man har altså ikke samme praksis landet over når det gjelder flyging i verneområdene.
Men jeg vil konkret høre med statsråden: Hvor går grensen? Hvor mange flyginger tillater man, og hvor mange landinger tillater man?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:18:27]: Eg synest det er viktig å få fram at det er eit generelt forbod mot heliskiing innanfor verneområda. Det som ligg til grunn, er eit eventuelt skadeomfang, derfor er omfanget av veldig stor betydning. Det er klart at det har betydning om det er ein eller to landingar som ikkje er med på å skapa presedens, eller om ein skal leggja opp til ein aktivitet som heliskiing, og som dermed ikkje vil vera i tråd med det forbodet som vi har. Så det er jo klart at omfanget har veldig stor betydning.
Det vi legg til grunn, er eine og åleine at vi ønskjer å ha ei god miljømessig utvikling av verneområda, og da har omfanget sjølvsagt betydning. Forbodet mot heliskiing som blei vedteke i 1988, ønskjer eg skal stå fast. Eg ønskjer ikkje at vi skal laga noko unntak som opnar for at det forbodet ikkje står fast. Den eine søknaden opnar for det, og det ønskjer eg ikkje.