Stortinget - Møte onsdag den 17. november 2004 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 10
Steinar Bastesen (Kp) [11:50:00]: Jeg har et spørsmål til miljøvernministeren:
«En sauebonde i EU-landet Sverige skjøt en utsatt ulv i nødverge og måtte betale 100 000 kr i bot. Samme uke ble en polsk bærplukker skutt ved et vådeskudd, og familien fikk 27 000 kr i erstatning.
Kan statsråden opplyse om man kan oppleve lignende forhold i Norge, og hva er bøtenivået her i landet ved skyting av ulv?»
Statsråd Knut Arild Hareide [11:50:46]: Nødverje i møte med store rovdyr er ein rett som både dyreeigarar og einskildpersonar har til å forsvara seg sjølve og sin buskap. Denne udiskutable retten er regulert i viltlova § 11.
Ulovleg felling av ulv og andre rovdyr er derimot alvorleg miljøkriminalitet. Ulovleg felling av rovvilt gjer at forvaltinga av rovvilt blir vanskelegare å gjennomføra. Det kan også føra til at skadedyr i visse situasjonar ikkje kan takast ut av dei fåtallige bestandane som allereie er så hardt nedskotne at det ikkje lenger er rom for målretta og skadeførebyggjande forvaltningstiltak. Av desse grunnar peika eit breitt fleirtal på Stortinget seinast denne våren på at miljøkriminalitet retta mot rovvilt faktisk skal innebera ei reell moglegheit for straffeforfølging.
Eg kan elles opplysa representanten om at dagens strafferammer for ulovleg felling av freda dyr i Noreg etter viltlova er opptil to år, og etter straffelova opptil seks år. Det er politiet og domstolane si oppgåve å handtera handlingar som bryt med norsk lov.
Steinar Bastesen (Kp) [11:52:01]: Jeg takker for svaret. Jeg har ikke fått svar på spørsmålet. Statsråden har ikke svart på spørsmålet, men jeg registrerer jo svaret og takker for det.
I dette tilfellet sier statsråden at vi skal ha samme tilstander, kanskje enda verre, i Norge. I Sverige går det tre polske bærplukkere på én utsatt ulv. Hvor mange polske bærplukkere vil det gå i Norge på én ulv, når det er tre i Sverige?
Presidenten: Statsråden har fått en utfordring her!
Statsråd Knut Arild Hareide [11:52:47]: Eg vil seia til representanten Bastesen at det som er viktig å leggja vekt på her, er at når det er ein nødverjesituasjon, skal ein sjølvsagt ha moglegheit til å gjera det som er nødvendig. Det var det første eg sa i svaret. Dersom det oppstår ein nødverjesituasjon, er det ein rett som enkeltpersonar har, det er ein heilt udiskutabel rett i nødverje. Me må skilja klart mellom nødverjesituasjonar og det me har opplevd av ulovleg skyting av rovdyr. Det vil eg seia er grov miljøkriminalitet. Det må skiljast mellom desse situasjonane. Når det er nødverje, er det sjølvsagt ein rett etter norsk lov å handtera situasjonen. Men det å føreta ulovleg felling skal me reagera på, og det legg òg lovverket i Noreg til rette for.
Steinar Bastesen (Kp) [11:53:50]: Jeg takker igjen for svaret, men jeg har ikke fått svar på spørsmålet. Hvor mange polske bærplukkere går det på felling av én ulv i norsk område? Ulven i Norge er utsatt. Jeg har bilde på kontoret av at den norske stat utrydder den siste ulven, så vi har ingen norsk ulv. Det er utsatt ulv vi har i Norge. Da er spørsmålet til miljøvernministeren: Hva blir gjort fra Miljøverndepartementet med utsatte dyr, det være seg ulv eller kongekrabbe i havet? Det er fremmede arter i norsk fauna. Hva gjøres?
Presidenten: Vi er vel et stykke utenfor spørsmålet, men statsråd Hareide kan svare hvis han ønsker.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:54:37]: Når det gjeld problematikken rundt utsett ulv, viser det seg at det har me ikkje i Noreg. Det stemmer at dei stammene me har i Noreg, kjem m.a. frå russiske og finske område, men dei har komme hit på ein naturleg måte. Me har eit ansvar i forhold til internasjonale konvensjonar for å ta vare på våre forpliktingar, og det legg Miljøverndepartementet og Regjeringa stor vekt på at me skal gjera.
Når spørsmålet kjem om kva for skadenivå og bøter som eventuelt ligg føre, seier eg at i forhold til ulovleg nedskyting av rovdyr har me strenge reglar, og det skal me ha, for dette er grov miljøkriminalitet. I forhold til det spørsmålet som representanten Bastesen tek opp om nødverje, vil eg gjera tydeleg og klart at der ligg det sjølvsagt ein rett. Det ligg òg i viltlova ein naturleg rett i forhold til det.