Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. november 2004 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Øyvind Vaksdal (FrP) [13:33:02]: Jeg har følgende spørsmål til miljøvernministeren:

«I Dagsavisen 2. november i år varsler statsråd Hareide en tøffere klimapolitikk i Norge. Ifølge avisen mener statsråden «det er et mål i seg selv at Norge oppfyller den internasjonale klimaavtalen med å kutte mest mulig på hjemmebane».

Mener statsråden at norsk næringsliv skal måtte gjennomføre klimatiltak som har høyere kostnader enn de antatte kvotepriser, og i så fall hvor store ekstrakostnader mener statsråden at næringslivet må belage seg på å kalkulere med i forhold til forpliktelsene som deres konkurrenter får?»

Statsråd Knut Arild Hareide [13:33:44]: Eg held meg til Samarbeidsregjeringas felles politiske plattform, Sem-erklæringa, som seier at Regjeringa vil oppnå ein vesentleg del av utsleppsreduksjonane som trengst for å etterleva Kyotoprotokollens utslippsforplikting gjennom nasjonale tiltak. Dette er nedfelt i tilleggsmeldinga om klima, St. meld. nr. 15 for 2001-2002, og Stortinget har slutta seg til dette. Å ta ein vesentleg del av reduksjonane heime har heile tida vore denne regjeringas politikk. Noreg har allereie betydelege verkemiddel mot klimagassutslipp, bl.a. har vi eit av verdas mest omfattande CO2-avgiftssystem. Det er berekna at utan tiltaka som blei sette i verk på 1990-talet, hadde norske utslepp vore 15–20 pst. høgare.

Som kjent la me fram ein odelstingsproposisjon om kvotehandel med klimagassar sist fredag. Dette forslaget til klimakvotelov er ei oppfølging av tilleggsmeldinga om klima og Stortingets vedtak i samband med behandlinga av denne i juni 2002. I samsvar med Stortingets vedtak den gongen, har Regjeringa hatt ein nær dialog med industrien om utvikling av enkeltelementa i kvotesystemet. For å sikra prosessindustriens konkurranseevne går Regjeringa inn for at utforminga av det norske kvotesystemet skal liggja nært opp til EUs kvotesystem både når det gjeld omfang av kjelder, gassar og andre element.

Kvotane vil bli delte ut vederlagsfritt, slik Stortinget la til grunn i 2002. Regjeringa legg vidare opp til at det norske kvotesystemet skal knytast opp mot EUs kvotesystem, som bl.a. vil sikra at norske kvotepliktige står overfor same kvotepris som sine europeiske konkurrentar.

Gjennom dialogen med industrien har Miljøverndepartementet komme fram til ei forståing med Prosessindustriens Landsforening som sikrar at også den delen av prosessindustrien som ikkje blir inkludert i kvotesystemet i denne omgang, vil redusera utsleppa av klimagassar. Prosessindustriens Landsforening har forplikta seg til at utsleppa frå prosessindustrien, utanom gassraffineri og ilandføringsterminalar for olje og gass, skal reduserast med 20 pst. i 2007 samanlikna med 1990-nivået. Dette viser at industrien sjølv er klar til å vera med for å oppnå reelle utslippsreduksjonar i Noreg. I tillegg til å gjennomføra nasjonale tiltak opnar Regjeringa for å bruka dei såkalla fleksible mekanismane under protokollen for å oppfylla utsleppsforpliktingane for Noreg.

Øyvind Vaksdal (FrP) [13:36:19]: Jeg takker statsråden for svaret.

I odelstingsproposisjonen om kvoter, som statsråden nevnte, som kom få dager etter uttalelsene i Dagsavisen, legger man opp til kvoteplikt for gasskraftverk selv om dette ikke var med i utkastet som var på høring i sommer. Dette er etter mitt skjønn et skritt i riktig retning, men likevel legges det opp til at man nasjonalt skal ha et eget kvoteregime minst tre år før resten av verden.

Kan statsråden gi meg én eneste fornuftig forklaring på hvorfor man skal belemre norsk næringsliv med nye problemer når dette kan medføre at våre bedrifter, som er helt på verdenstoppen i miljøsammenheng, flytter ut av Norge og til land som ikke har slike krav? Det blir jo ingen miljøgevinst av dette, snarere tvert imot.

Statsråd Knut Arild Hareide [13:37:08]: Det systemet me no legg opp til, er jo tett opp til det systemet som EU innfører for bedriftene sine. Det er eit godt system, som sikrar at me reduserer klimagassutsleppa, og det er viktig. I går kom det òg ein rapport som sa noko om dei utfordringane me opplever på grunn av klimagassutsleppa. I Arktis opplever me at temperaturauken er langt større enn det me hadde trudd. Me ser at sjøisen har blitt redusert med 15–20 pst. dei siste 30 åra. Me veit at prognosane for temperaturauken i Arktis er på mellom fire og sju gradar. Det viser at me er nøydde til å ta klimautfordringa på alvor. Tidlegare stilte me spørsmålet: Har me klimaendringar? Det spørsmålet får me no tydelegare og tydelegare svar på: Me har klimaendringane allereie. Me er nøydde til å gjera aktive tiltak, og det er det Regjeringa følgjer opp.

Øyvind Vaksdal (FrP) [13:38:10]: Jeg takker statsråden igjen for svaret.

Hans uttalelser til Dagsavisen, som jeg viste til i mitt hovedspørsmål, står i grell kontrast til den pressemeldingen som Miljøverndepartementet sendte ut i forbindelse med proposisjonen om kvoter, og det er kanskje grunn til å stille seg spørsmålet om den ene hånden vet hva den andre gjør, i Regjeringen. Men i denne pressemeldingen, og for så vidt i statsrådens siste svar, kan det virke som om statsråden og Regjeringen nå har skjønt at det viktigste er å få ned de totale utslippene, samme hvor de er hen. Betyr dette at Regjeringen nå sier klart farvel til ensidige norske symbolpolitiske miljøtiltak som åpenbart virker mot sin hensikt?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:38:56]: Regjeringa står for nett den same politikken som me gjorde da me tiltredde. Da sa me at me skulle ta ein vesentleg del av reduksjonane nasjonalt. Det er den politikken som ligg fast.

No ligg kvotesaka til behandling i Stortinget, og me ser fram til den behandlinga. Men det blei òg kommentert frå representanten Vaksdal at gasskraftverka var tekne inn i kvotesystemet. Eg meiner det er ei god løysing me har funne, nettopp fordi det er i samsvar med EU sitt syn. Samtidig har me moglegheita til å bruka forureiningslova. Det var viktig for Regjeringa å ikkje svekkja forureiningslova og å ha moglegheit til å bruka ho i forhold til m.a. gasskraftverk. Så det er ein heilskap her: Me tek inn gasskraftverka i kvotesystemet, men me kan bruka forureiningslova for å forhindra store utslepp, i samsvar med dei viktige internasjonale klimakvoteavtalane som me har forplikta oss til.

Presidenten: Sak nr. 1 er dermed ferdigbehandlet.

: