Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 2004 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 4
Knut Storberget (A) [11:17:23]: «Festspillene i Elverum fyller 30 år, og er således en av landets «seniorer» blant festspill og festivaler. Festspillene har økt i popularitet og samler stadig flere tilhengere. Festspillenes basis som orkesterkurs for ungdomssymfonikerne gjør dette arrangementet særegent, bl.a. med henblikk på framtidig rekruttering. Festspillene har i lang tid forsøkt å få knutepunktstatus. Innlandet fortjener nå denne statusen for festspillene.
Hva skal til for at Festspillene i Elverum skal oppnå slik status?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:17:53]: Status som knutepunktinstitusjon inneber ein modell for langsiktig finansiering der finansieringa er delt mellom staten og regionen. Staten dekkjer 60 pst. av det ordinære offentlege driftstilskottet, mens regionen dekkjer 40 pst. Det er ein føresetnad for statstilskottet at regionen løyver sin del.
Fire festspel/festivalar har pr. i dag status som knutepunktinstitusjon. Det er Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, Olavsfestdagene i Trondheim og Molde International Jazz Festival.
Kultur- og kyrkjedepartementet har i forslag til statsbudsjett for 2005 foreslått Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som ny knutepunktinstitusjon, i tråd med tilrådinga i Innst. S. nr. 155 for 2003-2004 frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturpolitikk fram mot 2014, altså om kulturmeldinga.
Festspillene i Elverum er ein viktig arena for formidling av klassisk kammermusikk og har gitt uttrykk for eit ynske om å få status som knutepunktinstitusjon. Også andre festspel og festivalar har forventningar om å få slik status, jr. Innst. S. nr. 155, som eg òg nemnde i stad.
I innstillinga har eit fleirtal i komiteen gått inn for at ein i åra som kjem, gir knutepunktstatus til fleire festivalar, og dei nemner dei med namn. Festspillene i Elverum er ikkje blant dei som er nemnde. Det betyr ikkje at Festspillene i Elverum ikkje kan få slik status, men spørsmålet må bli vurdert i ein større samanheng.
Departementet vil difor sjå nærare på spørsmålet og leggja opp til ei heilskapleg prioritering i tråd med Stortingets føresetnader. Dette vil skje i samråd med dei regionale bidragsytarane, kommunen og fylkeskommunen.
Knut Storberget (A) [11:19:42]: Jeg takker for svaret.
Når man er engasjert i denne typen festivaler og festspill, er det åpenbart at man ser seg til siden og ser hva slags status andre arrangement får. Det skaper i seg sjøl på mange måter en forventning når man sammenligner seg sjøl med andre typer festspill og festivaler, at man har mulighet til å nå opp, nettopp for å sikre seg den forutsigbarheten som ligger i statusfunksjonen.
Mitt spørsmål – og det vil jeg gjerne gjenta – gikk på: Hva er det egentlig statsråden mener skal til, og hva slags kriterier ligger til grunn for denne vurderingen om knutepunktstatus? Og er hun ikke redd for at den praksis man har til nå, faktisk innebærer at man får et ganske stort innslag av tilfeldighet i forhold til om det faktisk blir det? Har man klare nok kjøreregler i forhold til dette, slik at bl.a. Festspillene i Elverum, og for så vidt andre, vet hva man eventuelt skal bygge seg opp mot for å kunne oppfylle et slikt viktig kriterium som sikrer en så viktig finansiering?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:20:49]: Når det gjeld status som knutepunktinstitusjon, må det liggja føre eit forpliktande samarbeid, altså eit regionalt vedtak om medfinansiering. Dette er ein nødvendig føresetnad. Han er ikkje heilt avgjerande, men han er nødvendig, ikkje som ved fleire festivalar som òg har støtte lokalt og regionalt.
Så går det fram av kulturmeldinga at departementet ser det som ynskjeleg å prioritera ei utviding av rammene for festivalstøtteordninga under Norsk Kulturråd. Tildeling av midlar må då byggja på ei vurdering av kvalitet, på oppslutning og på lokalt ankerfeste. Det vil òg vera ei meir fleksibel utnytting av statlege midlar til festivalane.
No hadde det òg vore ein fordel dersom Elverum hadde fått eit fleirtal i Stortinget i forhold til dei som vart nemnde. Det fekk dei ikkje.
Eg har ikkje sjølv vore på festspel i Elverum, men eg har høyrt mykje bra om det. Det er ikkje det som skal bety noko når det gjeld kven som skal få status knutepunktinstitusjon. Vi ynskjer å sjå på dette heilskapleg og ta eitt steg om gongen i forhold til dei som vi klarer å innlemma. Det er òg eit økonomisk spørsmål.
Knut Storberget (A) [11:22:00]: Da vil jeg gjerne få lov til å invitere kulturministeren til åpningskonserten på neste festspill! Der har jeg antakelig to billetter, hun skal få en av dem. Og jeg er sikker på at hvis hun har anledning, vil hun være med meg.
Det er på det rene at et sterkt mindretall i Stortinget, Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ved behandlingen av kulturmeldingen og også ved de siste budsjettene faktisk har vært innstilt på og har syntes at det er viktig nå å gi Festspillene i Elverum en slik status.
Jeg må si: Én ting er de geografiske argumenter, som jeg skjønner man bør tone ned i forhold til dette, men det er helt åpenbart at innlandet og de kulturaktiviteter som skjer nettopp i innlandet, trenger å bli styrket. Ser man på dem som har fått knutepunktstatus, synes jeg vel på mange måter at statsråden i hvert fall ikke bare bør inviteres til å delta på åpningskonserten, men kanskje også bør ha et årvåkent blikk i forhold til mulighetene for at festspillene faktisk skal kunne få knutepunktstatus.
Mitt spørsmål blir i denne siste runden: På hvilket tidspunkt ser statsråden det som mulig å få en nyere og bredere vurdering i forhold til om festspillene og eventuelt andre skal kunne få knutepunktstatus?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:23:08]: Det naturlege tidspunktet er ved kvart budsjettframlegg. Vi skal følgja opp kulturmeldinga, og eit av punkta i kulturmeldinga er at vi ynskjer òg å utvida talet på knutepunktinstitusjonar, og då vil sjølvsagt Elverum bli vurdert.
Eg trur ikkje det er mangel på invitasjon som gjer at eg ikkje har vore på Elverum enno, det er vel heller kanskje mangel på tid. Det skjer veldig mykje sommarstid. Litt ferie skal ein òg ha innimellom alle desse hyggelege aktivitetane.
Eg er einig med representanten Storberget når han peikar på det geografiske tyngdepunktet, frå Bergen opp til Harstad, og så har vi ingen på det indre austlandsområdet. Kvaliteten er sjølvsagt det viktigaste, men eg trur ikkje det er kvaliteten det skortar på når det gjeld Elverum. Men geografi bør vi òg skula til, for å seia det slik, når det gjeld kven vi skal innlemma i neste omgang.
Det er òg slik at når ein ser på kva som får fleirtal og mindretal i komiteen, er det kanskje endå meir tilfeldig enn det vi i departementet tek stilling til – eg vil påstå det er meir tilfeldig. Det har noko med representantane si geografiske tilknyting og ein del slike ting å gjera. Det burde eigentleg ikkje telja.
Eg tek med meg oppfordringa frå representanten Storberget, og vonar at vi ikkje må venta altfor lenge med å vurdera Elverum.