Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 2004 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Per Roar Bredvold til kultur- og kirkeministeren, blir tatt opp av representanten Johnny Hult.

Johnny Hult (FrP) [11:29:25]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«I forbindelse med bygging av dokumentasjons- og formidlingssenteret for romanifolkets kultur og historie ved Glomdalsmuseet i Elverum skal det kjøpes inn kunst/utsmykking i henhold til statens regelverk.

Synes ikke statsråden man i dette spesielle prosjektet kunne gi dispensasjon fra regelen, slik at midlene heller ble brukt til innkjøp til utstillingen for og med dem som utstillingen skal representere, for dermed å kunne vise deres historie på et enda videre område?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:29:45]: Utsmykking av offentlege bygg gir folk flest høve til å oppleva kunst i nærmiljøet. Utsmykkingsfondet for offentlege bygg, som er statens fagorgan for kunst i offentlege rom, har i løpet av dei 27 åra fondet har verka, tilført samfunnet store verdiar i form av kunstverk i byar og distrikt over heile landet.

Den noverande utsmykkingsordninga for statlege bygg, som byggjeprosjektet ved Glomdalsmuseet fell inn under, vart innført i 1998, og ho har medverka til at meir enn 50 utsmykkingsprosjekt har blitt realiserte i løpet av dei siste seks åra. Dette har resultert i over 400 kunstverk under denne ordninga. Ordninga sikrar at midlar til utsmykking automatisk blir innarbeidde i kostnadsramma til det enkelte statlege byggjeprosjektet, både ved nybygg og ombyggingar, og syter for at kunst blir ein naturleg del av offentlege bygg og rom.

Spørsmålet om utsmykking av kunstmuseum og kulturbygg kjem opp til diskusjon med jamne mellomrom. Behovet for utsmykking av kunstmuseum vart drøfta av Kultur- og kyrkjedepartementet og Utsmykkingsfondet i samband med den evalueringa som er gjennomført av Utsmykkingsfondet for statlege bygg.

Det kan kanskje vera freistande å vurdera alternativ bruk av midlar som er avsette til utsmykking, ettersom det kan hevdast at museet sjølv disponerer objekt som kan dekkja dette behovet, eller at ein rett og slett nyttar utsmykkingsmidlar til å utvida og styrkja eit avgrensa utstillingsbudsjett. Etter mitt syn vil vi – med ein slik alternativ bruk av midlane – risikera å svekkja den noverande utsmykkingsordninga for statlege bygg. Dette er ei ordning vi har positive røynsler med, og som Kultur- og kyrkjedepartementet har tilrådd blir ført vidare etter dagens modell.

Utsmykkingsfondet har for tida fleire svært profilerte kulturbygg der utsmykking inngår, som Nobels Fredssenter, Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter og Villa Grande. Desse tre utsmykkingsprosjekta har vist seg å vera gode prosessar med positiv brukarmedverknad.

Leiinga ved Glomdalsmuseet vil ha eit sjølvstendig ansvar både fagleg og budsjettmessig når det gjeld dokumentasjon og formidling av romanifolkets kultur og historie. Dette inngår i kjerneverksemda ved museet og må ivaretakast på best mogleg måte.

I slike kulturbygg som Glomdalsmuseet bør ein i tillegg opna for eit samspel mellom museets kjerneområde, utstillinga og utsmykkinga, slik at formidlinga av kulturen til romanifolket blir ytterlegare forsterka.

Ei vellykka utsmykking som blir utarbeidd i samråd med brukarane, vil kunna utdjupa funksjonen til museet og gjera bodskapen i utstillinga tydelegare. Eg håper at ein vil oppnå dette ved utsmykkinga av Glomdalsmuseet.

Johnny Hult (FrP) [11:32:45]: Jeg takker for svaret. Det høres umiddelbart veldig positivt ut.

Romanifolket har jo egne kunsthåndverkere, skulptører og kunstmalere som er anerkjente, kanskje ikke i den grad at de er representert her, men i hvert fall såpass dyktige at det fint skulle kunne gå an å smykke ut det museet.

Jeg håper det blir slik som ministeren sier, at man her kan inngå et samarbeid og søke å finne løsninger som gjør at de kunstnerne som her blir representert, er en del av romanifolket – ikke nødvendigvis som en del av utstillingen, men at de kommer fra romanifolkets kultur med hensyn til kunst.

Presidenten: Ønsker statsråden en kommentar?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:33:25]: Eg har ikkje noko anna å leggja til enn at eg òg vonar at det skal verta eit god samarbeid. Det gjeld alle desse bygga.

Men når det gjeld det å gå utanom regelverket, trur eg at dei fleste bygg vil finna ein eller annan grunn for at dei òg skal gå utanom regelverket, og då vil vi altså svekkja heile ideen med eit utsmykkingsfond og det som automatisk ligg innarbeidd i budsjetta. Så eg vonar at vi skal komma fram til ei god løysing, slik at det blir eit flott museum for alle, og sjølvsagt også for dei som er mest involverte.

: