Stortinget - Møte onsdag den 13. oktober 2004 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 16
Øyvind Korsberg (FrP) [12:38:00]: «Ifølge Aftenposten den 21. september utreder fylkesmannen i Østfold hvilke deler av det nye nasjonalparkområdet i Hvalerskjærgården som kan få forbud mot motorbåttrafikk (fritidsbåter). Høringsfrist i saken var 15. september, og den skal avgjøres i statsråd i begynnelsen av 2006, altså den vil ikke bli forelagt Stortinget.
Synes statsråden dette gagner vernearbeidet generelt, og vil statsråden sikre at nasjonalforsamlingen får anledning til å behandle saken?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:38:37]: Det er Kongen i statsråd som har mynde til å fatta vedtak etter naturvernlova. I særleg viktige saker der verneinteresser og andre store samfunnsinteresser er i konflikt, kan Regjeringa på førehand be om råd frå Stortinget før ein tek endeleg avgjerd. Det har ein gjort i samband med nokre tidlegare vernesaker der kraftutbyggingsinteressene var store: Hardangervidda, Jostedalsbreen og Saltfjellet–Svartisen. Om det vil vera aktuelt å spørja Stortinget om råd i Hvaler-saka, har eg i dag ikkje grunnlag for å seia noko om, så lenge saka ikkje ligg på mitt bord.
Elles har både nasjonalparkplanen og barskogplanen tidlegare vore lagde fram for Stortinget i eigne meldingar utan at ein har drøfta dei einskilde, konkrete verneframlegga i detalj. I nasjonalparkmeldinga var framlegget til vern av Hvaler omtalt. Eg syner her til pkt. 9.4.4. i St.meld. nr. 62 for 1991-1992. Regjeringa har òg orientert Stortinget om sitt verneplanarbeid gjennom dei årlege budsjetta.
Det er ikkje første gongen spørsmålet om særskild stortingshandsaming av konkrete verneframlegg har vore teke opp her i Stortinget. Ei slik drøfting hadde ein i samband med eit Dokument nr. 8-framlegg om å leggja verneplanen for Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane fram for Stortinget. Eg syner her til Dokument nr. 8:92 for 1995-1996 og Innst. S. nr. 92 for 1996-1997. Kravet om stortingshandsaming av verneplanen blei på generelt grunnlag da avvist av fleirtalet, da mynde i slike saker ligg hos Kongen i statsråd. Komiteen peika i innstillinga likevel på at verneplanprosessen burde skje på ein god og smidig måte, slik at ein sikra eit framtidig konstruktivt samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og interesser i området. Gjennomføring av gode, demokratiske og inkluderande verneplanprosessar er òg noko Regjeringa legg vekt på i alle slike saker.
Det er etter mitt syn ingenting nytt som har skjedd i desse spørsmåla sidan den gongen som skulle føra til at ein bør endra på dei handsamings- og vedtaksprosedyrane som vi har til rådvelde i saker etter naturvernlova.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:41:10]: Jeg takker statsråden for svaret.
Det som er viktig videre framover, er å følge opp de faktiske vedtak Stortinget har gjort, og de føringene som er lagt. Jeg har lyst til å lese fra innstillingen i forbindelse med behandlingen av nasjonalparkplanen. Det står det:
«Komiteen har merket seg at Stortinget i St.meld. nr. 62 ikke inviteres til å gjøre vedtak om de enkelte forslag til vern.»
Det betyr at man ikke har fått noe mandat fra Stortinget til å utrede en verneprosess der man skal nekte eller hindre båttrafikk, slik som fylkesmannen nå legger opp til.
Jeg vil gjerne vite litt mer om hvordan statsråden konkret har tenkt å følge opp Stortingets vedtak og vilje.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:42:08]: Denne saka har ikkje komme på mitt bord enno. Ho er no til behandling hos fylkesmannen, og det er eit stort arbeid. Eg veit at det òg er eit konstruktivt og godt samarbeid med dei lokale kommunane, og det er eg glad for. Eg har òg forstått at ein del av kommunane er positive til det arbeidet som no blir gjort.
Dette med motorferdsel på både sjø og land blei teke opp. Når det gjeld motorferdsel i utmark, er det eit eige lovverk om det. I forhold til Hvaler og Fredrikstad vil òg sjøtrafikken vera avgjerande. Det er jo ein tradisjon knytt til kystsamfunnet og området her for ein vesentleg båttrafikk. Det betyr at småbåttrafikken og nyttetrafikken, slik eg ser det, i stor grad bør fortsetja som tidlegare. Men det er klart at ein må ta omsyn til viktige verneområde i høve til sjøfugl og anna.
Eg vil sjå på reguleringa her, men det er snakk om ein tradisjon, og den tradisjonen for trafikk vil sjølvsagt fortsetja.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:43:25]: Jeg takker statsråden for svaret.
Et av de viktigste innspillene vi har fått i denne saken, er at det fullstendig mangler forståelse i befolkningen for at man nå skal tre ned over hodet på dem et nytt regime. At man vil verne i enkelte perioder, når det er sjøfugl og hekketid, tror jeg ingen har problemer med, men det at man nå setter i gang en verneprosess, har ikke forståelse i befolkningen.
Statsråden sier at dette ikke er på hans bord, men da vil jeg oppfordre statsråden til å få det på sitt bord. For det som nå skjer, er faktisk at fylkesmannen tar seg til rette utover de føringer og de vedtak som Stortinget har gjort, og da bør jo absolutt statsråden gripe inn, for dette er ikke rett bruk av ressursene. Fylkesmannen har ikke fått dette oppdraget. Min oppfordring til statsråden er at han må sørge for at han får det på sitt bord og får stoppet dette tullet som fylkesmannen holder på med.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:44:27]: For det første vil eg seia at vernearbeid er eit viktig arbeid. Eg er ikkje einig når representanten seier at dette arbeidet møter ein slik lokal motstand. Det er mange som ser nettopp nytten av det.
Eg er oppteken av at me skal ha gode, demokratiske prosessar der alle skal få lov til å bli høyrde. Gjennom det arbeidet som fylkesmannen no gjer, som er første delen av eit arbeid, blir det moglegheit for å få høyring om det. Dersom statsråden grip inn på eit så tidleg stadium, vil me nettopp leggja band på dei prosessane der både lokalbefolkning og interesseorganisasjonar får lov til å ta del i eit viktig demokratisk arbeid. Det ønskjer eg å leggja til rette for.
Sjølvsagt skal det leggjast til rette for ein del av den kulturen som er på dette området. Eg opplever òg at fylkesmannen i sitt arbeid nettopp har ei brei tilnærming til eit godt planarbeid som òg er med og tek omsyn til lokale interesser.