Stortinget - Møte onsdag den 9. januar 2002 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 3
Karl-Anton Swensen (Kp): Jeg skal stille følgende spørsmål til kirke- og kulturministeren:
«Styret i NRK har lagt ned kortbølgesendingene. Dette rammer spesielt handelsflåten. Kystpartiet har vært, og er, en pådriver for å opprettholde et tilfredsstillende sendetilbud for fiske- og handelsflåten. Det har vært tverrpolitisk enighet om viktigheten av disse sendingene. Det er derfor med stor undring vi nå registrerer at NRK uten politisk behandling legger ned kortbølgesendingene.
Hvordan ser statsråden på denne beslutningen, og vil det bli tatt initiativ for å starte opp sendingene på nytt?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: NRK har ei fri stilling i redaksjonelle spørsmål og i høve til drifta av selskapet. Dette følgjer av kringkastingslova, NRK sine vedtekter og av sjølve organiseringa som eit aksjeselskap.
Når det gjeld nedlegginga av kortbølgjesendingane, har styret i NRK lagt til grunn at dette ikkje fører til nokon stor reduksjon av tilbodet. Styret si grunngjeving er at som følgje av ny teknologi har nordmenn i utlandet i dag betre tilgang til nyhende og informasjon frå Noreg enn for berre få år sidan. NRKs radiokanalar er i dag tilgjengelege på Internett og via satellittmottakar.
NRK står som kjent overfor store økonomiske utfordringar. Etter krav frå generalforsamlinga skal NRK sitt driftsbudsjett gå i balanse. Det er viktig at NRK får rom til å gjennomføra dei tiltaka som er naudsynte for verksemda. Det viktige i eit politisk perspektiv må vera å sikra at ei omlegging i minst mogleg grad går ut over NRK si hovudverksemd og oppgåva som allmennkringkastar.
Det ligg altså innanfor NRK sine fullmakter å leggja ned kortbølgjesendingane, og eg har ikkje tenkt å ta noko initiativ andsynes NRK i denne saka.
Karl-Anton Swensen (Kp): Mener statsråden at det er tilfredsstillende saksbehandling at styret i NRK i budsjettsalderingen salderer bort en slik viktig sak og funksjon som dette er for den norske handelsflåten og nordmenn ellers i alle verdensdeler, spesielt med tanke på at Stortinget har vedtatt utbyggingen og driften av kort- og mellombølgeanleggene?
Når det gjelder endringer her, er jo de tradisjonelle nyhetssendingene og det redaksjonelle nivået i NRK endret, slik at de ikke får disse nyhetsbulletinene på 30 minutter over hele verden på samme måten som de tidligere har fått. Ser ikke statsråden viktigheten av å ha en politisk behandling, gjerne i Stortinget, av en så samfunnsviktig sak som disse utenlandssendingene er og har vært?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det kunne vera freistande å gripa inn i forhold til både det eine og det andre forslaget som NRK sitt styre har drøfta og vedtatt, når det gjeld korleis NRK skal klara å få økonomien til å gå i balanse. For meg er det likevel viktig å streka under kva som er statsråden si rolle, og kva som er rolla til NRK sitt styre.
Vi veit at både gjennom Internett og satellittmottaka kjem NRK ganske breitt og vidt ut òg i forhold til folk som bur i utlandet, og eg står fast ved det som eg sa i mitt fyrste svar, at eg ikkje har tenkt å ta noko initiativ i forhold til NRK. Eg kan lika eller ikkje lika det dei gjer, men dersom eg skulle ha tatt eit initiativ overfor NRK når det gjeld alle dei forslaga dei no har vedtatt om kva dei skal gjera for å få balanse i økonomien sin, hadde eg faktisk tatt frå NRK sitt styre og kringkastingssjefen det ansvaret dei har i forhold til si arbeidsoppgåve. For meg er det viktig å klara å la vera å ta eit initiativ når dei fattar vedtak som eg ikkje alltid er like glad for.
Karl-Anton Swensen (Kp): Man hevder her at problemet er at styringsformen aksjeselskap gjør at man ikke kan gripe inn i satsinger som Stortinget tidligere har vedtatt. Ser statsråden problemet med at man har overført beslutningsmyndighet fra statsråden til styret i NRK når det gjelder slike viktige nasjonale ansvarsområder og spørsmål? Vil statsråden eventuelt ta et initiativ til å gjøre noe for å endre denne styringsformen, og gjerne praksisen, overfor NRK? I dag er det som generalforsamling hun kan gi sine instrukser.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Den måten NRK er organisert på, er vedtatt av Stortinget for ikkje så veldig mange år tilbake. Eg skal ikkje repetera historia i forhold til kva for parti som sa ja eller nei til organisasjonsmåten. Eg tar til etterretning at det er vedtatt, og det må eg halda meg til.
Eg vil òg leggja til at når det gjeld Barentshavet, er radiosendingar sikra f.eks. ved sendarar på Røst og Nordkapp. NRK informerer òg om at dei har undersøkt interessa hos reiarane for ei nyhendepakke som kan sendast over e-post til dei som kan ta inn det. NRK prøver òg på sin måte å yta tenester for dei som ikkje bur i Noreg, når det gjeld formidling av norske nyhende.
Eg må ta til etterretning dei vedtaka som NRK har gjort. Og som sagt, eg trur at om eg hadde gripe inn på alle dei områda der ulike representantar her i salen har bedt meg gripa inn, så hadde eg korkje hatt kringkastingssjef eller styre etter ei tid. For meg er det viktig å streka under kva som er mitt ansvar, og kva som er styret og kringkastingssjefen sitt ansvar.