Stortinget - Møte onsdag den 2. mai 2001 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 16
May Britt Vihovde (V): Eg vil stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
«Ferjesambandet Sunde–Ranavik–Leirvik i Sunnhordland har hatt ein dramatisk auke i attståande bilar. Den 25. april var det totalt 70 attståande bilar. Både Trekantsambandet og opning av Folgefonntunnelen vil gi endå større vekst på dette sambandet. HSD har anbudskontrakt som gjeld for eitt år om gongen.
Er statsråden einig med meg i at det bør vera rom for fleksibilitet, slik at selskapet kan setja inn materiell som gir større kapasitet dersom trafikkutviklinga tilseier dette?»
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Statistikken for 1. kvartal i år, som er den sist tilgjengelige, viser en liten økning i antall kjøretøy for dette ferjesambandet sammenliknet med samme periode i fjor. Rederiet har registrert at 0,7 pst. av kjøretøyene ikke kom med første avgang. I ferjesamband som dette er målet å avvikle trafikken med mindre enn 3 pst. gjenstående kjøretøy.
For i år har rederiet og Statens vegvesen avtalt en mindre økning i rutetilbudet fredager–søndager fra 1. mai og resten av året. Verken denne eller andre anbudskontrakter Vegvesenet har med rederiene, hindrer tilpasninger i rutetilbudet når trafikken endres. Anbudskontrakter hindrer heller ikke skifte av ferje dersom endringer i trafikken gjør dette nødvendig.
May Britt Vihovde (V): Eg takkar statsråden for svaret, for det som er gått ut til bebuarane i Kvinnherad, er jo rett og slett at det er fare for at ein kan få redusert kapasitet. Og sjølv om ein ikkje har hatt ein vekst, og sjølv om ein har eit måltal på 3 pst., som ein kan akseptera, er det ganske dramatisk for dei som bur i Kvinnherad og ferdast på det sambandet og er avhengige av det, at dei må stå igjen. Når ein får ein så sterk auke at ein har 70 bilar på ein dag, og ein får ein auke frå dei tre første månadene i fjor på frå 219 til 353, er ein på ein måte med og avviser biltrafikken. Me ser jo då eit utviklingsmønster med Folgefonntunnelen der fleire og fleire vil kjøra over Kvinnherad for å koma seg til dei søre delane i fylket. Men mest dramatisk er det for dei som bur der, og som er avhengige av dette ferjesambandet.
Men dersom statsråden seier at det er moglegheiter for å setja inn kapasitet, veit han då om det er gitt signal frå vegkontoret i Hordaland til HSD om at dei har den moglegheita dersom dei ønskjer det?
Statsråd Terje Moe Gustavsen: La meg først si at hva som skjedde den 25. april, har jeg forsøkt å bringe på det rene, men det er faktisk slik at fordi det var veldig mange som var opptatt nettopp med å åpne Trekantsambandet, har det rett og slett ikke vært tid til å få fram svarene på hva som skjedde den dagen. Jeg vil gjerne komme tilbake til det hvis det er noe spesielt.
Så til representantens konkrete spørsmål. Ja, det er mulig både å rokere ferjer og endre rutetilbudet, men det må da selvfølgelig være ut fra en konkret vurdering av hvor mange som har stått igjen – som jeg sa i mitt hovedsvar, 1. kvartal 0,7 pst. Men det er åpenbart at vegkontoret både må og skal følge utviklingen fremover, og jeg forutsetter at vi også får fram den informasjonen jeg her gir, at det er mulig med den type fleksibilitet og rokeringer.
May Britt Vihovde (V): Eg er veldig glad for den presiseringa, for dette er eit veldig positivt signal å gi innbyggjarane i Kvinnherad. Eg reknar også med at ein skal oppdatera HSD på dei moglegheitene dei har.
No veit ikkje eg heller kva som skjedde den 25. april, om det var noko spesielt, men i min kontakt med selskapet fekk eg opplyst at det var så dramatisk den dagen –eg skulle prøva å få ut ein del tal – og det er på ein måte uakseptabelt.
Så gleder eg meg til å prøva dette sambandet i morgon. Då skal eg sjå om eg blir ein av dei som blir ståande att – men det får me då inderleg håpa at eg ikkje blir.