Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 2001 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil gjerne få stilla følgjande spørsmål til kulturministeren:

«Det er i media kome ulike signal om framdriftsplanen for utlysing og tildeling av ny konsesjon for riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn.

Kan statsråden avklara dette?»

Statsråd Ellen Horn: Stortinget avviste som kjent før jul i fjor at vederlag for TV-konsesjonene kunne fastsettes ved auksjon, slik Regjeringen hadde foreslått. Samtidig var konsesjonen kunngjort med søknadsfrist 21. februar i år. Stortingsbehandlingen førte med andre ord til at konsesjonen må kunngjøres på ny. Kunngjøringsteksten må endres. Jeg tar sikte på at en ny kunngjøring skjer i mars, med søknadsfrist før sommeren.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar for svaret.

Eg tykkjer det er greitt at me får fram at framdrifta er ganske rask med omsyn til dette no, at me får ny utlysing ganske fort, og med søknadsfrist før sommaren.

Eg ser det sånn at myndigheitene og dei aktuelle kandidatane har felles interesser når det gjeld å få avklart kven som skal få tildeling og på kva vilkår, bl.a. i høve til det samarbeidet som no føregår på digitaliseringssektoren.

Eg lurer på om statsråden er samd i dette?

Statsråd Ellen Horn: Som jeg har sagt, vil jeg legge stor vekt på å få utlysningen fram så fort som mulig. Jeg mener det er viktig for alle parter at vi får en så hurtig prosess som mulig.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar igjen for svaret.

Som statsråden sa, skal denne saka ikkje tilbake til Stortinget. Ein kan ha fått inntrykk av ut frå ein del av det som har stått i avisene, at saka skal tilbake til Stortinget. Når ho ikkje skal til Stortinget, tyder det at ein kan jobba i tida frå søknadsfristen går ut tidleg på sommaren og fram til Stortinget startar opp igjen i oktober. Det einaste Stortinget har sagt utover det som er sagt om saka i budsjettet, er at me ikkje skal ha auksjonar, ein skal vurdera kortare konsesjonsvilkår, så det treng sikkert ikkje ta så veldig mykje tid. Så eg vonar då at ein etter at fristen har gått ut og det har kome inn søknader, vil jobba raskt, ut frå det eg har sagt om at ein her har felles interesser.

Ser statsråden for seg at me kan ha dette klart i løpet av hausten – tidleg haust helst?

Statsråd Ellen Horn: Prosessen etter at vi har fått inn søknadene, vil være avhengig av hvor mange søkere som melder seg. Jeg er helt enig med representanten Ausdal Starrfelt i at det er ønskelig at også den prosessen foregår så raskt som mulig, men også at vi kvalitetssikrer arbeidet, slik at vi får en ryddig prosess og et godt resultat.

: