Stortinget - Møte onsdag den 18. oktober 2000 kl. 10
President: Gunnar Breimo
Spørsmål 21
May Britt Vihovde (V): Eg har lyst til å stilla følgjande spørsmål til samferdsleministeren:
«NSB BA har gitt uttrykk for at dei har for mange reisande i rushtida, og vil difor auka prisane for å få færre reisande på denne tida av døgnet. Statsråden har avvist eit slikt forslag.
Er statsråden overtydd om at NSB BA har ei klår oppfatning av at NSB BA i lokaltransporten nettopp skal avlasta auka biltransport, og kva vil statsråden gjera for å forvissa seg om ei slik forståing i organisasjonen?»
Statsråd Terje Moe Gustavsen: NSB har opplyst at det er foretatt vurderinger av ulike priser over døgnet. Jeg har imidlertid ingen indikasjoner på at dette innebærer noen endring i NSBs forståelse av sin rolle, som bl.a. er å være et godt transportalternativ i lokaltrafikken.
Dette vil fra departementets side bli fulgt videre opp i de pågående forhandlinger med NSB om kjøp av transporttjenester.
May Britt Vihovde (V): Det var vel mange av oss som reagerte med vantru då me såg på nyheitene at NSB hadde vurdert å leggja på prisen sin i rushtida.
Eg vil ha meir klårleik frå statsråden om han no har gitt så klåre signal til NSB BA at dei aldri kjem opp igjen med slike forslag. For eg veit at dei har kome med tilsvarande forslag til tidlegare samferdsleminister Odd Einar Dørum, og eg trur det var eit ganske høgt støynivå i departementskontora den gongen. Så går det to år, og så kjem dei opp igjen med dei same signala. Då vil eg ha ei forvissing om at dei skjønar at dei skal driva med kollektivtransport, dei skal nettopp vera der og ta unna i rushtida, stilla opp i rushtida, for å redusera bilbruken. Dei skal vera eit godt tilbod til kundane sine.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Som det framgår av spørrerens spørsmål, var det slik at jeg umiddelbart gav klart uttrykk for at det å legge på prisen i rushtiden ikke er noen aktuell politikk.
Når det gjelder spørsmålet om evig framtid, skal man være noe varsom. I den situasjonen som NSB er i nå, og i den nærmeste tid er det uaktuell politikk. Jeg er i rimelig sikker på at NSB har fått dette veldig klart, ikke minst etter den runden som nettopp har vært. Men som jeg sa i mitt hovedsvar: Vi vil også følge opp dette videre i forhandlingene om kjøp av transporttjenester.