Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10

Dato:
President: Lodve Solholm
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Ane Sofie Tømmerås (A): Jeg vil gjerne stille et spørsmål til barne- og familieministeren:

«Ei ni år gammel autistisk jente er flyttet fra fosterhjemmet hun har bodd i hele sitt liv. Statsråden svarte i muntlig spørretime 27. oktober 1999 at «det verkar uforståeleg på oss alle» og «eg brukar dei kanalane eg har, både til informasjon og til å sjå kva vi kan gjera for å påverka, slik at dette barnet får vera der det etter vårt syn bør vera». Barneombudet har også konkludert med at vedtaket synes urimelig, og sterkt anbefalt en anke. Saken er ikke anket.

Hva har statsråden gjort for å hjelpe barnet?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som representanten Tømmerås er kjend med, er ikkje fylkesnemnda for sosiale saker underlagd departementet når det gjeld enkeltsaker etter barnevernslova. Eg kan derfor ikkje som statsråd gjera om fylkesnemnda sine vedtak. Desse vedtaka kan berre overprøvast av herads- eller byretten. Eg har likevel, slik eg lova i spørjetimen 27. oktober, innhenta informasjon om saka. Dette har eg gjort gjennom dei kanalane eg har, nemlig fylkesmannen, som har ansvaret for å føra tilsyn med kommunane sitt arbeid med barnevernssaker.

Denne saka har vore handsama av fylkesnemnda, og eg har ikkje grunn til å tvila på at fylkesnemnda har gått grundig gjennom saka og vurdert alle sidene av ho. Eg vil framheva at fylkesnemnda er ei breitt samansett nemnd, der både det juridiske skjønnet, det faglege skjønnet og lekmannsskjønnet er varetatt. Lova har vidare sakshandsamingsreglar, om partane sin rett til å forklara seg og til å føra vitne, som skal sikra ei forsvarleg handsaming. Fylkesnemnda har dessutan eit sjølvstendig ansvar for at saka blir så godt opplyst som mogleg.

Generelt vil eg understreka at saker som denne er svært vanskelege og fører med seg mange tunge vurderingar. Fylkesnemnda skal koma fram til ei avgjerd som er til beste for barnet. Det er derfor veldig viktig at alle sider av saka kjem fram, og at ho blir handsama grundig og forsvarleg. Ut frå den informasjon og dei opplysningar eg har innhenta frå tilsynsmyndigheitene, har eg ikkje grunn til å tvila på at denne saka har blitt grundig handsama.

Eg er elles gjord kjent med at kommunen ikkje ynskjer å ta saka inn for domstolane. Dette er ei avgjerd kommunen etter lova åleine er ansvarleg for, og noko eg må ta til etterretning.

Mitt ynske er no at partane kan samarbeida til beste for barnet på bakgrunn av eit lovleg fatta vedtak.

Ane Sofie Tømmerås (A): Vi er alle klar over at statsråden ikke har myndighet til å overprøve fylkesnemndas vedtak, men statsrådens klare reaksjon forrige gang temaet var oppe i Stortinget, skapte forventninger om at hun ville gjøre det hun kunne for å sørge for at ankemuligheten ville bli brukt. Hva med statsrådens instruksjonsmyndighet overfor barnevernskontoret som følger av de vanlige forvaltningsrettslige reglene? Det er tross alt statsråden som har det øverste ansvaret for hva som skjer og ikke skjer på barnevernskontorene.

På barnevernskontoret i Moss vises det til at de ikke har ankeplikt. Nei, men de har fått en ny ankeadgang, og de har en plikt til å ivareta barnets behov og gjøre det som er til barnets beste. De har en plikt til å ivareta barnets rettssikkerhet, og statsråden har det overordnede ansvaret for å påse at så skjer.

Jeg vil gjerne spørre statsråden: Har statsråden ro i magen i forhold til at rettssikkerheten er ivaretatt på beste måte både for dette barnet og for alle andre barn når denne saken ikke ble anket? Når skal da ankeadgangen brukes?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Om statsråden har vondt i magen eller ikkje i denne saka, er faktisk ganske irrelevant, men eg får alltid vondt i magen når eg ser at born har det vondt. Det har òg vore engasjementet mitt i denne saka. Då eg uttalte meg i spørjetimen førre gong, uttalte eg meg berre på bakgrunn av oppslag i media, og mi erfaring så langt, både som statsråd og tidlegare stortingsrepresentant, er at dersom ein berre uttalar seg på bakgrunn av oppslag i media, har ein ikkje heile biletet av ei sak.

Eg har fått rapport frå fylkesmannen, som er den som òg har tilsyn med barnevernsarbeidet i Moss kommune. Eg har fått ein brei rapport, og eg stolar på den rapporten eg har fått om situasjonen der. Og der veit vi at det er mange ting å gripa fatt i. Eg har òg fått rapport i høve til argumenta for og imot å anka akkurat denne saka vi no snakkar om.

Eg kan gjerne streka under at eg synest dette er ei veldig vanskeleg sak, spesielt fordi det er ein part som brukar media som arena her, og den andre ikkje, men eg er likevel trygg ut frå den informasjonen eg sit på. Eg har henta inn den informasjonen eg har moglegheit til å få tak i, og eg er trygg på at det som dei har gjort i fylkesnemnda i Østfold, er til beste for barnet.

: