Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 7
Ågot Valle (SV): Jeg har dette spørsmålet til barne- og familieministeren:
«Ifølge barnevernsloven § 5-7 skal fylkesmannen føre tilsyn med offentlige og private barnevernsinstitusjoner. Av 18 fylkesmannsembeter var det 16 som brøt regelverket i 1998. I en artikkel i Aftenposten 29. oktober 1999 blir det avdekket til dels alvorlige overgrep mot barn i barnevernsinstitusjoner.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre at fylkesmannsembetene får gjennomført det lovpålagte tilsynet av barnevernsinstitusjoner?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Etter barnevernslova § 5-7 med forskrifter har fylkesmannen ansvar for å føra tilsyn med institusjonane. Det gjeld både dei institusjonane som er innpassa i fylkeskommunen sine planar, og private institusjonar utanom planane. Føremålet med tilsynet er å sjå til at lover og regelverk blir fylgde, og at borna får forsvarleg omsorg og behandling i institusjonen – med andre ord eit rettstryggleikstilsyn.
I brev av 14. mai 1999 til kontroll- og konstitusjonskomiteen gav eg ei utgreiing om fylkesmannens tilsyn med barneverninstitusjonar. I den samanhengen vart det også gjort greie for ansvarsdelinga mellom Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet på dette området. Arbeids- og administrasjonsdepartementet er administrativt ansvarleg for embeta, og utarbeider dei årlege budsjetta for m.a. å dekka utgifter til tilsynsverksemda hjå fylkesmannen. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har i brevet understreka dette når det gjeld ressurssituasjonen for fylkesmannsembeta:
«I løpet av de siste årene har fylkesmannsembetene blitt tillagt nye oppgaver innenfor en rekke fagområder, uten at embetene har fått styrket budsjettet … tilsvarende. I tillegg har fylkesmannsembetene fått kutt i budsjettene, jf. salderingen av budsjettet for 1997 hvor embetene fikk et totalt kutt på 50 millioner kroner. Dette reduserte nivået er videreført i senere budsjetter.»
Konsekvensen av dette synest å vera at lovpålagt tilsyn ikkje blir gjennomført fullt ut etter dei pålagde krava. Slik eg ser det, kan ressurssituasjonen ha vore med og gjort det vanskelegare for arbeidet i embeta på området. Dette forholdet vart påpekt i St.prp. nr. 1 for 1997-98, St. prp. nr. 1 for 1998-99 og St.prp. nr. 1 for 1999-2000 for Barne- og familiedepartementet. Vi har ikkje andre verkemiddel å setja inn overfor embeta enn å påtala kor viktig det er at det lovpålagde tilsynet blir prioritert i oppgåvene til fylkesmannen. Dette er også presisert i tildelingsbreva. Eg vil gjerne understreka at sjølv om ikkje alle krav i lova blir innfridde, fører fylkesmannen eit jamt over godt tilsyn og kjenner òg til dei mest utsette institusjonane.
Departementet er i dialog med fylkesmannen om tilsynsoppgåvene med jamne mellomrom, med tanke på at tilsynet kan utøvast best mogleg til beste for borna. I tillegg til det rettstryggleikstilsynet fylkesmannen skal utføra, er det faglege tilbodet til born og unge like viktig. Desse tiltaka må vi sjå i samanheng med tilsynet, og dei omfattar dette:
Fylkeskommunane har ytterlegare fått understreka ansvaret dei har for at tiltak som born og unge er plasserte i, blir drivne forsvarleg og etter regelverket. Stortinget har nyleg i samsvar med dette vedtatt ei endring i § 5-8 i barnevernslova.
Mange åtferdsvanskelege ungdommar blir plasserte i tiltak som ofte er private heimar organiserte i eit nettverk. Fleire av heimane blir drivne på kommersiell basis. Departementet utgreier for tida ei lovendring som m.a. vil føra til at desse private heimane blir godkjende som fosterheimar. For å avlaste nokre av tilsynsoppgåvene hos fylkesmennene blir alternative tilsynsordningar med desse heimane utgreidde.
Saman med Sosial- og helsedepartementet driv departementet ei landsomfattande opplæring av tilsette i fylkeskommunane i to nye behandlingsmetodar for dei born og unge som har vanskeleg åtferd. Dette skal vera eit alternativ til institusjon. Metodane rettar seg mot å styrka foreldra og bygga opp tiltak i nærmiljøet. Gjennom forsking har vi fått dokumentert at desse metodane har gitt gode resultat. Når alle fylkeskommunane er opplærte, ventar vi ei betring av tilboda til gruppa med åtferdsvanskelege born og unge, og dermed færre spørsmål etter institusjonsplassar.
Departementet har sidan 1995 kvart år løyvt øyremerkte midlar for å styrka kompetansen i arbeidet med born som må plasserast i institusjon. Midlar vil også bli gitt i år 2000. Med støtte frå Barne- og familiedepartementet er det i 1998-99 gjennomført eit prosjekt i fylkeskommunane for å gå gjennom alle private institusjonar som fylkeskommunen nyttar, med tanke på å avvikla bruk av dei tiltaka som ikkje held fagleg og rettstryggleiksmessig mål. Resultatet ligg no føre i form av forslag til ein omfattande prosedyre for avtale for samarbeidet med private institusjonar som ikkje står på den fylkeskommunale planen. Utan ein slik forpliktande kontrakt vil ein institusjon ikkje bli nytta.
Øyvind Korsberg hadde her overtatt presidentplassen.
Ågot Valle (SV): Jeg takker for svaret. I svaret sitt gjorde statsråden greie for en rekke av de tiltakene som nå prøves ut, bl.a. nye metoder som helt sikkert vil redusere behovet for institusjonsplasser på sikt. Jeg vil advare mot at man putter alle baller i ei bøtte og tror at disse nye metodene skal løse alle problemer. Her er vi også senere nødt til å ha et bredt sett av tilbud til barn og unge.
Men statsråden bekrefter også at fylkesmennene ikke har nok ressurser til å foreta de lovpålagte tilsynsoppgavene, og det blir veldig alvorlig. Mange av disse barna og ungdommene som kommer inn på institusjoner, har alvorlige traumer og stressreaksjoner, og når de da blir møtt med overgrep, får de på en måte bekreftet at de ikke betyr noe, eller at disse voksne ikke er til å stole på. Derfor vil jeg en gang til utfordre statsråden og si: Ser hun ikke at det ved siden av alle disse tiltakene trengs ekstra ressurser, slik at fylkesmennene kan utføre de lovpålagte oppgavene? Jeg vil fortelle statsråden at SV har lagt inn 2,5 mill. kr ekstra for at en skal kunne gjøre disse oppgavene.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No har Regjeringa lagt fram eit statsbudsjett som ligg til handsaming i Stortinget, og kva som kjem ut av det, veit vi vel for så vidt ganske mykje om allereie. Fylkesmennene har knapt med ressursar, det innrømmer eg òg i svaret, og så får vi sjå i neste omgang kva vi kan gjera med det. Men det eg har lyst til å understreka, er at fylkesmennene har god oversikt over dei institusjonane som treng oftare tilsyn og oftare besøk enn andre, for vi har mange institusjonar som fungerer godt, der det ikkje er problem, der det ikkje er snakk om overgrep. Eg har òg lyst til å seia at der det skjer overgrep, blir det sjølvsagt rydda opp med ein gong. Overgrep kan vi ikkje godta. Det har vore ein del oppslag i media, og det er faktisk om gamle saker der det er blitt rydda opp. Eg veit òg at fylkesmennene er veldig opptatte av å kvalitetssikra òg ein del av dei private institusjonane som blir brukte for born og unge som har åtferdsvanskar. Det prosjektet som er på gang, som eg òg nemnde i svaret mitt, vil vera veldig viktig for at fylkeskommunane skal vera sikre på at dei institusjonane dei tar i bruk, skal vera gode. Her har både eg som statsråd og fylkeskommunen ansvar for at fylkeskommunen veit at dei institusjonane dei har, er gode. Fylkeskommunen har òg eit veldig stort ansvar her når det gjeld kva for institusjonar dei brukar.