Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10

Dato:
President: Lodve Solholm
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Kenneth Svendsen (Frp): Først tillater jeg meg å gjøre oppmerksom på at jeg har skrevet feil avis i spørsmålet. Det skal være Bladet Vesterålen og ikke Vesterålen Avis, som det står i spørsmålet. Spørsmålet lyder da:

«Ifølge Bladet Vesterålen har Hadsel kommune i Nordland innført en ekstra avgift for barn som har deltids barnehageplass og samtidig mottar kontantstøtte. Avgiften er satt til 500 kr per måned. Dette fører til at foreldre som velger å være hjemme sammen med barna to dager i uka, må betale mer for barnehageplassen enn for full barnehageplass.

Mener statsråden at dette er i tråd med intensjonene bak innføringen av kontantstøtte? Hvis ikke, hva vil statsråden gjøre for å rette dette opp?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Kontantstøtta er utforma med sikte på å medverka til at familiane får meir tid til å ta omsorga for eigne born, og at dei skal få reell valfridom når det gjeld omsorgsform for borna. Kontantstøtta skal òg sikra meir likskap i overføringane familiane mottar til barneomsorg frå staten, uavhengig av korleis tilsynet vert ordna. Desse intensjonane er nedfelte i formålsparagrafen i kontantstøttelova.

Kontantstøtta skal dessutan vareta behovet for større fleksibilitet og kombinasjonsløysingar i pakt med familiane sine behov. Det er på denne bakgrunn opna for at familiar som har deltids eller korttids barnehageplass, skal få utbetalt delvis kontantstøtte.

Representanten Svendsen viser til at Hadsel kommune har innført ei ekstra avgift for born som har deltids barnehageplass, med det resultatet at foreldre som vel å vera heime saman med borna sine to dagar i veka, må betala meir for plassen enn for full barnehageplass. Dette er utan tvil i strid med intensjonen om at kontantstøtteordninga skal opna for fleksibilitet og kombinasjonsløysingar i pakt med familiane sine behov. Det har aldri vore meininga at dei som får delvis kontantstøtte, skal betala ei ekstra avgift for bruk av barnehage. Eg vil oppmoda Hadsel kommune til å endra denne praksisen.

Det er likevel slik at det er eigaren av barnehagen som fastset foreldrebetalinga. Regjeringa kan derfor ikkje pålegga eigaren eit særskilt nivå for foreldrebetalinga. Eg synest det ville vera naturleg at foreldra tok opp denne saka med kommunen. Det er òg opp til eigaren å vurdera om det er mogleg å tilby fleksible opphaldstider i barnehagen. Det statlege driftstilskotet til barnehagane er blitt endra dei siste åra ved at satsane for dei korte opphaldstidene er blitt styrkte – dette for å gjera det økonomisk lettare for eigarane av barnehagane å tilby ulike opphaldstider.

Regjeringa ynskjer eit barnehagetilbod som er både fleksibelt og brukarvenleg, og med foreldrebetaling på eit akseptabelt nivå. Satsane for foreldrebetaling skal ikkje ekskludera nokon frå barnehage. Det er òg Regjeringa si målsetting at kostnadene i barnehagesektoren skal delast mellom foreldre, kommune og stat. Staten dekker i underkant av 40 pst. av utgiftene, og det er eit mål at kommunane og foreldra kvar skal dekka 30 pst. Slik som det er i dag, dekker foreldra meir av kostnadene enn det kommunane gjer.

I barnehagemeldinga, som vi kjem til å legga fram før jul, blir den økonomiske situasjonen for barnehagane drøfta, m.a. òg tiltak som vil kunna letta presset på foreldrebetalinga.

Kenneth Svendsen (Frp): Jeg takker for svaret, som jeg for så vidt er fornøyd med. Jeg er glad for at ministeren er enig i innholdet i mitt spørsmål.

Dette er en oppfordring til at folk skal gå på arbeid og ikke bruke barnehageplassen, som er i strid med intensjonene i kontantstøtteloven. Jeg håper at ministeren går videre og gjør oppmerksom på overfor Hadsel kommune og andre kommuner som legger seg på en slik linje, at dette er i strid med intensjonene i kontantstøtteloven.

: