Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 22
Inge Lønning (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannnings- og forskningsministeren:
«International Baccalaureate-linjene er et anerkjent tilbud innenfor videregående opplæring, med en verdifull kombinasjon av akademisk skolering og personlighetsutvikling i en internasjonal ramme. I Norge vil det være et rimelig mål at det i alle fylker finnes minst ett IB-tilbud.
Hva kan statsråden gjøre for å stimulere fylkene til å gjøre et slikt mål til virkelighet?»
Statsråd Jon Lilletun: Eg er samd med representanten Lønning i at det er verdifullt å setje generell utdanning og personlegdomsutvikling i ei internasjonal ramme. Eg har tidlegare sagt at vi må orientere oss meir mot verda kring oss og leggje større vekt på internasjonalt arbeid og solidaritet med andre. Eg er også einig i representanten Lønning si vurdering av Internasjonal Baccalaureate-linene i Noreg. Dei medverkar positivt til mangfaldet i den vidaregåande opplæringa.
Oppretting av IB-liner er likevel berre ein av fleire vegar å gå for fylkeskommunar som vil leggje større vekt på det internasjonale aspektet. Det er t.d. etablert direkte kontakt og samarbeid med fleire skular i utlandet gjennom SOCRATES- og LEONARDO-programma. Andre skular og fylkeskommunar har oppretta sine eigne bilaterale samarbeidsavtalar med skular og institusjonar i utlandet, slik at elevane på desse skulane får høve til å ta delar av utdanninga si i utlandet. Ti vidaregåande skular er med i ei ordning der elevar får støtte av Lånekassa for å ta eit skuleår i utlandet. Ordninga vert no evaluert, og resultatet kjem til å verte lagd fram rundt årsskiftet. I Noreg har vi òg teke initiativ til eit samarbeidsprosjekt i regi av Europarådet, som medverkar spesielt til å stimulere utveksling av skuleelevar mellom Vest-Europa og Sentral- og Aust-Europa. Dette gjev på ingen måte eit fullstendig bilete av aktiviteten på området, men er ein indikasjon på at mykje skjer.
Eg ventar at alle våre vidaregåande skular tek både den faglege sida, det representanten Lønning kallar akademisk skolering, og den menneskelege sida, personlegdomsutviklinga, alvorleg. Å setje desse to sidene inn i ei internasjonal ramme er ei sentral oppgåve for alle vidaregåande skular. Ein ny plan for internasjonalisering og globalisering i den vidaregåande opplæringa har nettopp vore ute til høyring. Denne planen drøftar ansvaret på dei ulike nivåa i systemet.
Eg ser positivt på at internasjonalisering er ein viktig del av tilbodet i den vidaregåande opplæringa. Departementet vil gjerne medverke til ei slik utvikling. Det vil derimot vere urett av meg å gå inn med særskilde stimuleringsverkemiddel retta mot einskildtiltak, som t.d. IB-linene.
Fylkeskommunane må som skuleeigarar sjølve avgjere val av strategi for internasjonalisering. Eg reknar med at det òg vil gje utviklingsrom for IB-alternativet i åra framover.
Per Ove Width hadde her overtatt presidentplassen.
Inge Lønning (H): Jeg takker statsråden for svaret. Det var et godt svar, men på et litt annet spørsmål enn det jeg stilte. Jeg stilte ikke spørsmål om internasjonalisering i sin store alminnelighet. Det som er særmerkt for IB-linjene, er jo at det er det eneste internasjonale tilbudet i norsk skole, dvs. med fagplan og sertifisering som gjelder for alle de landene som har dette tilbudet. Det er pr. i dag 100 land som har disse linjene, og det er 1 005 skoler pr. i dag. Av disse 1 005 skolene er det bare 12 i Norge.
Det egenartede ved dette tilbudet er at det stiller vesentlig høyere krav til elevenes arbeidsinnsats enn det den vanlige videregående skolen gjør. Mitt konkrete spørsmål til statsråden er: Burde ikke dette gi uttelling når det gjelder reglene for opptak til universiteter og høyskoler? I dag gjør det ikke det i det norske system – snarere tvert imot. Det diskriminerer de elevene som selv frivillig velger å underkaste seg strengere krav enn gjennomsnittet. Det er etter mitt skjønn urimelig.
Statsråd Jon Lilletun: Eg er takksam for at representanten Lønning meinte det var eit godt svar, sjølv om det var på eit litt anna spørsmål. Men for å gå konkret på det oppfølgingsspørsmålet som han hadde no, så ser eg at det kan vere eit poeng at det gjev ei spesiell utteljing i forhold til opptak til høgare utdanning. Men igjen må eg seie: Det er ein langsiktig prosess. Representanten Lønning veit kor sårbart dette systemet er. Vi kjem til å ha ein større gjennomgang, og då skal eg ta med meg det poenget, for det er opplagt at det ligg det realitetar i.
Vidare er eg samd med representanten i at det burde vore fleire IB-liner. Sett frå min ståstad ville det ha vore absolutt ynskjeleg at det fanst minst ei slik line i kvart fylke. Men det er ein prinsipiell innfallsvinkel frå meg at dersom eit fylke faktisk ynskjer ei anna form for internasjonalisering og satsar sterkt der, vil ikkje eg overprøve dei på det punktet.