Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1999 kl. 10
President: Gunnar Breimo
Spørsmål 15
Arne Lyngstad (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«I reglene for tildeling av reisestøtte i Statens lånekasse for utdanning legges postnummer til grunn i stedet for reiseavstand. Ifølge Dagsrevyen 20. oktober 1999 kan dette få som konsekvens at skoleelever med lang reiseavstand kan få avslag på reisestøtte fordi postnummeret er lavt, mens skoleelever med kortere reiseavstand og høyt postnummer får støtte.
Synes statsråden dette er i tråd med intensjonen for støtteordningen, og vil statsråden endre regelen?»
Statsråd Jon Lilletun: Reisestipendordninga er etter gjeldande forskrifter eit tilskott til dei utgiftene som elevar og studentar har over 900 kr til reise mellom heimstaden og lærestaden. Berekninga av stipendet er i dag av praktiske grunnar bygd på Postens postnummer. Det vil i dei aller fleste tilfella gje som resultat at dei med lengst avstand får størst stipend. Det dømet som var oppe i Dagsrevyen, viser at ordninga likevel kan gje utslag som eg kan forstå verkar urimelege. Lånekassen melder at det òg andre plassar i landet kan vere problem likt med dette.
Lånekassen må ha eit berekningssystem som er tilpassa masseforvaltning. Det vert i den gjeldande ordninga lagt vekt på at reisestipendet saman med eigendelen normalt ikkje skal liggje under den prisen som elevar og studentar må betale, medan det lettare vert godteke at elevar frå enkelte område i somme samanhengar kan få eit stipend som er i overkant av det dei faktiske kostnadene gjev grunnlag for.
Det vil med dagens forskrifter knapt kunne skapast eit system som heilt ut hindrar at det vil kunne kome opp enkeltsaker som kan verke urimelege. Både departementet og Lånekassen er opptekne av å luke ut slike utslag og vil arbeide vidare med det mot neste skuleår. Eg vil elles minne om at det utvalet som Regjeringa sette ned i fjor haust, Aamodt-utvalet, òg ser på spørsmålet om reisedekning og korleis dei statlege midlane som er avsette til reisedekning for elevar og studentar gjennom rabattordningar og reisestipend, skal setjast inn på den beste måten. Innstilling frå utvalet vert levert no før jul til departementet. På bakgrunn av denne innstillinga vil det i det vidare arbeidet med studiefinansieringa vere naturleg å sjå på eit system som ikkje er knytt opp til eit postnummer-system med slike utslag, men eg vil ikkje skissere noka konkret løysing før Aamodt-innstillinga ligg føre.
Arne Lyngstad (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er glad for at statsråden vil se nærmere på utformingen av reglene for reisestøtte, og da med sikte på å endre dem, slik at postnummer ikke lenger skal ligge til grunn. Jeg er enig i at det er behov for et håndterbart regelverk i Lånekassen, og at det også er behov for forenklinger i Lånekassen. Men vi må ikke bli så ivrige i den tjenesten at vi overforenkler reglene, slik at håndteringen gir til dels – etter min mening – idiotiske utslag, slik som Dagsrevyen viste til.
Det jeg har lyst til å spørre statsråden om, er om han i sitt videre arbeid med denne ordningen vil legge reiseavstand til grunn som det avgjørende kriteriet for regelverksutformingen.
Statsråd Jon Lilletun: Ein kan kanskje seie reiseavstanden kombinert med faktiske kostnader, for det er ikkje alltid berre avstanden som avgjer kostnadene. Det som vil vere mitt mål, er at ein ikkje skal få den typen utslag som ein har sett i denne saka. Men når vi fyrst har eit breitt utval i arbeid som går grundig inn i dette, analyserer og greier ut om dette, vil eg vente med å seie noko konkret om kva løysingar ein skal gå inn på.
Men eg vil gje spørjaren rett i og stadfeste at ein med eit nytt regelverk vil unngå den typen utslag som ein har sett her, og då vil reiseavstanden vere eit naturleg utgangspunkt. Men me må sjå det i ein heilskap.