Stortinget - Møte onsdag den 5. april 2000 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 22
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
«Ryfylke er eit område i Rogaland der auka busetnad kan avlasta pressområdet Nord-Jæren. Tryggleik og stabilitet når det gjeld kommunikasjonar, er ein føresetnad både for innbyggjarar og næringsliv. I øykommunen Finnøy vil varsla fjerning av ei av tre ferjer gi eit dramatisk dårlegare rutetilbod. Føreslegen reduksjon av hurtigbåttilbodet i Ryfylke har medført stor uro.
Vil statsråden ta initiativ for å sikra midlar og samarbeidsformer som gir innbyggjarane tryggleik i forhold til båt og ferje?»
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Den varslede fjerningen av én av tre ferjer i Finnøysambandet har sin bakgrunn i uenighet mellom staten og fylkeskommunen om fylkeskommunal betaling for riksvegferjers anløp av fylkesvegkaier.
Finnøysambandet er et såkalt blandet samband, der riksvegferjene betjener både riksveg- og fylkesvegkaier. Saken gjelder nærmere bestemt at fylkeskommunen gjennom flere år har betalt mindre for anløp av fylkesvegkai enn det de generelle retningslinjene for slik betaling fra 1989 tilsier. Dette er retningslinjer som alle fylkeskommuner i lignende situasjon som Rogaland må innrette seg etter. Statens vegvesen har etter at det i 1998-99 gjennomgikk beregning av betaling i henhold til retningslinjene, tatt opp spørsmålet om riktig betaling med fylkeskommunen. Dette har ikke lykkes. Vegvesenet har deretter varslet at ferjetilbudet i Finnøysambandet ville bli redusert fra 1. april 2000 om ikke fylkeskommunen økte sin betaling. Av praktiske årsaker har departementet pålagt Statens vegvesen å videreføre tilbudet i Finnøysambandet til 1. juli uten økning i den fylkeskommunale betalingen. Etter den tid må imidlertid de generelle retningslinjene for betaling til Statens vegvesen for riksvegferjers anløp av fylkesvegkai legges til grunn i Finnøysambandet. Dersom ikke fylkeskommunen da øker sin betaling, vil det måtte gjennomføres rutereduksjoner i fylkesferjedriften i Finnøysambandet.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg vil takka for svaret og gje uttrykk for forståing for at det her må vera felles retningslinjer frå fylke til fylke.
Mitt spørsmål galdt både ferje- og hurtigbåttilbodet, der det òg er ei dramatisk endring.
Høgare oljepris enn det som var føresetnaden då statsbudsjettet for i år vart lagt fram, eit lønsoppgjer som inneber auka kostnader for fylkeskommunane samt ein varsla gjennomgang av sjukehusøkonomien frå Regjeringa si side – alt dette er faktorar som har mykje å seia for fylkeskommunane sin økonomi, og som gjer at dei går nøye gjennom kva som er lovpålagde oppgåver og kva som ikkje er det.
Vil Regjeringa i revidert budsjett og i Nasjonal transportplan sjå på kva som kan gjerast for å sikra gode kommunikasjonar både på kort og på lengre sikt?
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Jeg er glad for at vi har en felles forståelse av de vilkår fylkesvegsambandene må være underlagt.
Når det gjelder spørsmål knyttet til revidert nasjonalbudsjett, er det vanskelig for meg å komme inn på konkrete forhold i så måte. Men vi er selvsagt vel kjent med den kostnadsøkningen som har skjedd med hensyn til båt- og ferjetrafikk, bl.a. av de årsaker som representanten Meltveit Kleppa viste til.
Jeg vil for øvrig også vise til det svar som jeg avgav i spørretimen for en uke siden vedrørende ferjenes økonomi, nemlig at vi vil vurdere situasjonen med det aller første.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for den stadfestinga eg her fekk, i forhold til kva som vil bli vurdert i revidert budsjett.
Lat meg peika på at Rogaland er eit ferjefylke, der øyar og fjordar gjer befolkninga i fleire kommunar avhengig av båt og ferje. Og Ryfylke er ein av fleire regionar der det er eit sterkt engasjement for auka busetjing og eit meir variert næringsliv. Ungdom kan der få byggjeklare tomter – til og med barnehageplass. Det er ei sterk satsing bl.a. på havbruk, som jo er ei næring med eit stort potensial for fleire arbeidsplassar.
Gode kommunikasjonar er heilt avgjerande for den framtidstrua og den optimismen som har vore gjeldande, og som framleis skal vera det. Eg vil be samferdselsministeren medverka til det.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Foruten at Rogaland er et ferjefylke, er det også et fylke som har stor vekst og stort vekstpotensial, ikke minst for nye deler av næringslivet.
Jeg er aldeles enig i at en næringsvekst i distriktene er sterkt avhengig av gode kommunikasjoner. Det vil vi ha med oss i forhold til revidert nasjonalbudsjett, men ikke minst vil vi ha det med oss når vi legger fram Nasjonal transportplan.