Stortinget - Møte onsdag den 29. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 30
Øyvind Vaksdal (Frp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:
«Flere presseoppslag den siste uken har i sterke ordelag kritisert den kostbare fallskjerm Statoils tidligere konsernsjef har mottatt som sluttvederlag. Ifølge Dagbladet 22. mars 2000 kan denne beløpe seg til opp mot 40 mill. kroner.
Er statsråden enig i den kritikk som er reist mot at et heleid statlig selskap skal ha slike avtaler, og hva vil statsråden, som Statoils generalforsamling, foreta seg for å rydde opp i disse forhold?»
Statsråd Olav Akselsen: Eg trur det er rett å informera litt om dei faktiske forholda knytte til denne saka. Det er rett at tidlegare konsernsjef i Statoil, Harald Norvik, har inngått ein avtale med styret i Statoil som sikrar han pensjon frå og med den dagen han formelt sluttar i selskapet.
Harald Norvik tiltredde stillinga som konsernsjef i Statoil den 15. januar 1988. Etter tilsetjingsbrevet og tilsetjingskontrakten, datert den 8. januar 1988, hadde Norvik krav på å få full løn i to år dersom han seinare gjekk av etter selskapet sitt ønske. Norvik sine pensjons- og forsikringsordningar skulle følgja dei til kvar tid gjeldande vilkår i Statoil. Frå fylte 60 år hadde Norvik og Statoil ein gjensidig rett til å pensjonera Norvik på vilkår som skulle avtalast seinare.
Ein ny avtale mellom Statoil og Norvik blei inngått den 23. oktober 1996 og godkjend i styret den same dagen. Denne avtalen regulerer meir i detalj Norvik sine rettar og plikter. Det blei m.a. avtalt at Norvik ikkje kunne utføra arbeid for verksemder som heilt eller delvis konkurrerer med kjerneverksemda til Statoil eller datterselskap eigde av Statoil, utan at dette var skriftleg godkjent av styret i Statoil. Brot på dette vilkåret ville medføra at rettane etter pensjonsavtalen fall vekk.
Norvik sin rett til to års løn dersom hans slutta etter selskapet sitt ønske, står ved lag i avtalen frå 1996. I tillegg blei det tatt inn eit alternativ. Statoil kunne dersom særlege grunnar låg føre, og etter oppmoding frå Norvik, samtykkja i at han slutta og likevel innvilga at han straks fekk utbetalt fullt opptent pensjon dersom han på det tidspunktet hadde vore konsernsjef i tolv år eller meir. Dersom dette alternativet blei nytta, ville retten til to års løn falla vekk. Det er også tatt med i dette alternativet at det under visse forhold kan skje ein reduksjon i pensjonsutbetalinga det enkelte år fram til han fyller 60 år.
Statoil er eit aksjeselskap. Det følgjer av aksjelova at dagleg leiar blir tilsett av styret. Dermed vil styret også vera ansvarleg for å fastsetja dei vilkåra som skal gjelda for dagleg leiar i selskapet, f.eks. løn, pensjon, sluttvilkår m.m. Det er altså styret i Statoil som har inngått avtalen med tidlegare konsernsjef Norvik, og som dermed har ansvaret for å følgja opp denne avtalen.
Elles vil eg slutta meg til dei vurderingane som statsministeren tidlegare i dag gav uttrykk for i spontanspørjetimen i eit svar til representanten Kristin Halvorsen om den same saka.
Øyvind Vaksdal (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, som jeg synes var skuffende.
Jeg har selvfølgelig forståelse for at Statoil i konkurranse med andre selskaper har gode lønns- og arbeidsbetingelser for å tiltrekke seg dyktige ledere. Jeg har imidlertid brakt i erfaring at denne avtalen er langt bedre enn det som er vanlig ellers i næringslivet. Vi må huske på at selskapet Statoil er et heileid statlig selskap som, i alle fall på papiret, er eid av det norske folk.
Synes virkelig statsråden det er riktig at et statlig selskap skal være det som går lengst i å dele ut slike gylne og kostbare fallskjermer? Er ikke statsråden redd for de negative signaler en gir til det norske folk, ikke minst på bakgrunn av at flere representanter fra statsrådens eget parti har kritisert de store lønnsøkningene vi har sett i norsk næringsliv i den senere tid? Selv i Regjeringens tiltredelseserklæring sier en at en skal «sikre arbeid til alle» og «rettferdig fordeling» – og dette kan umulig være «rettferdig fordeling».
Statsråd Olav Akselsen: For det første er det interessant at Framstegspartiet plutseleg er blitt opptatt av statleg eigarskap, og det er interessant dersom Framstegspartiet no ønskjer at ein skal ha andre reglar for desse selskapa enn for dei private.
Denne avtalen er fullt og heilt styret sitt ansvar, det er dei som har inngått denne avtalen, og det er i tråd med aksjelova, uavhengig av om det er staten som eig aksjane eller om det er private.
På eit spørsmål tidlegare i dag frå representanten Kristin Halvorsen til statsministeren om det same gav statsministeren klart uttrykk for kva han meiner om denne avtalen, og eg sluttar meg fullt og heilt til kva statsministeren sa i den samanhengen.
Øyvind Vaksdal (Frp): Statsråden er Statoil si generalforsamling og i realiteten det norsk folks, eller eiernes, redskap for å utøve innflytelse på selskapets beslutninger. Føler ikke statsråden et ansvar overfor det norske folk for nettopp å få ryddet opp i disse kritikkverdige forhold, og har statsråden foretatt en juridisk vurdering av om den omtalte avtalen er bindende?
Statsråd Olav Akselsen: Eg merkar meg igjen at det er teikn til ein ny politikk frå Framstegspartiet si side på dette området, nemleg at generalforsamlinga skal begynna å blanda seg opp i det som er styret sine oppgåver i dei statlege bedriftene. Det er heilt i strid med det dette partiet tidlegare har stått for når det gjeld dei statlege selskapa.
Når det gjeld sjølve avtalen, er den, så langt eg har grunnlag for å uttala meg, ein avtale som er juridisk bindande. Eg har ikkje moglegheit til å kommentera dette noko utover det i dag.
Presidenten: Sak nr. 1 er dermed ferdigbehandlet.