Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 40
John Dale (Sp): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til fiskeriministeren:
«I stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum vert det opplyst at fiskerinæringa er ei av dei få næringar som ikkje har eit statleg ansvarsmuseum.
Når vil det bli teke initiativ til å oppretta eit fiskerimuseum i statleg regi?»
Statsråd Lars Peder Brekk: Stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum, som er fremja av Kulturdepartementet, nyttar ikkje nemninga statleg ansvarsmuseum, og det finst heller ikkje i dag noko museum med ein slik merkelapp. Det er likevel rett at kystkulturen og fiskerinæringa ikkje er like godt dokumentert i form av museumstiltak som tilfellet er med innlandskultur og jordbruk. I ettertid framstår det for meg som heller merkeleg i eit land der den lange kystlina med tilhøyrande folkesetnad og eit mangslunge næringsliv er eit så viktig kjennemerke.
I dei siste tiåra er det likevel bygt opp mange gode museum med kystkultur, fiskeri og sjøfart som sentrale dokumentasjonsområde. I den nemnde stortingsmeldinga har Regjeringa teke til orde for ei omfattande styrking av den statlege innsatsen på museumsområdet, samstundes som det blir lagt opp til ei organisatorisk opprydding i den sterkt fragmentariske institusjonsstrukturen som pregar det norske museumslandskapet.
I meldinga er det gitt uttrykk for at det i denne samanhengen vil vere naturleg å prioritere fleire institusjonar med fagleg tyngdepunkt innanfor saksfeltet kystkultur, fiskeri og sjøfart. Som fiskeriminister ynskjer eg at Fiskeridepartementet skal engasjere seg sterkare i kulturarven på kysten og i dokumentasjon av fiskerinæring og sjøfart. Eg vil likevel understreke at det er Kulturdepartementet og Norsk museumsutvikling som må ha ansvaret for dei faglege vurderingane når det gjeld kva for museum og institusjonar det skal satsast på.
I meldinga går det også fram at ein her vil sjå nærmare på den nasjonale samordninga, slik at ein kan få til ei funksjonell og fagleg arbeidsdeling mellom konsoliderte regionale museumseiningar. I meldinga heiter det at Kulturdepartementet vil leggje opp til å få fortgang i arbeidet med regional konsolidering og nasjonal samordning innanfor museumsområdet kystkultur, fiskeri og sjøfart, og at dette vil ha særleg høg prioritet i arbeidet med å følgje opp meldinga.
Som fiskeriminister er eg svært nøgd med den særlege prioriteringa av fiskerisektoren som Regjeringa med dette har forplikta seg til. Det er no opp til Stortinget å stadfeste den sterke statlege satsinga på museumssektoren generelt, og museumstiltak for fiskerisektoren spesielt, som Regjeringa her har lagt opp til.
John Dale (Sp): Eg takkar statsråden for det positive svaret.
Statsråden gjorde merksam på at nemninga statleg ansvarsmuseum ikkje finst i St.meld. nr. 22. Nei vel, men like fullt er det dette saka gjeld – eller for å bruka statsråden sine ord: «nasjonal samordning innanfor museumsområdet kystkultur, fiskeri og sjøfart».
Dette arbeidet vil no få høg prioritet, som statsråden sa. Og det er gledeleg. Føresetnaden er sjølvsagt at Stortinget sluttar seg til det som står i meldinga på dette punktet. Kan statsråden på ein slik bakgrunn seia noko om kva tidsperspektiv som her vil bli lagt til grunn?
Statsråd Lars Peder Brekk: Jeg tror begrepsbruken ikke er det viktigste. Jeg tror vi er enige om at det skal være nasjonal samordning, og at en skal ha en del museum som ivaretar denne viktige kulturarven, og jobber videre med det. Vi er heldige som har fått utviklet en del slike museum langs hele kysten i de siste årene som er gode, og som er dyktige, og som kan gjøre en slik jobb.
Jeg er veldig glad for at denne saken blir tatt opp i spørretimen. Det er en viktig sak, og jeg ønsker at Fiskeridepartementet skal fokusere mer på dette området i framtida også. Men jeg vil understreke at her må vi ha faglige råd fra Kulturdepartementet og Norsk museumsutvikling når det gjelder hva slags museum vi skal satse på. Jeg håper at Stortinget vil gå inn for Regjeringens forslag, og at vi dermed kan ha mulighet til å få fortgang i det. Det er vanskelig for meg å konkretisere tidsarbeidet, men jeg vil iallfall ha stor fokusering på dette i tida framover.
Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdighandsama.