Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Krisesentrene gjør en stor innsats når det gjelder å motarbeide vold i samfunnet og i arbeidet for å bøte på den skade og den angst vold skaper. Mange av krisesentrene arbeider under svært vanskelige vilkår.

Vil statsråden ta initiativ for å bedre krisesentrenes forhold?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Både menn og kvinner, born og unge er offer for vald. Menn blir oftast utsette for vald på offentleg stad, slik som gater, restauranter og parkar, medan kvinner og born i større grad blir ramma av vald i heimane.

Vald i heimen kjem på mange måtar i ei særstilling. Tal frå politiet syner at vald mot kvinner som oftast blir utført av noverande eller tidlegare ektemenn eller sambuarar. Vi veit òg at slik vald gjerne varar ved. Borna er ofte vitne til vald mellom foreldra, og nokre born blir òg sjølve slått. Vald i heimane rammar både kvinner og born.

For å betra innsatsen for kvinner utsette for vald i heimen, har Regjeringa utarbeidd ein eigen handlingsplan. Justisdepartementet har det koordinerande ansvaret for planen. Det skal etablerast ei samordningsgruppe med representantar frå dei ulike departementa. Det skal òg opprettast ei særskild stilling i Justisdepartementet med ansvar for koordineringa av staten si satsing mot vald mot kvinner. Sjølv om vi alt har mykje kunnskap om vald mot kvinner, og denne kunnskapen vil bli samordna betre, er det framleis behov for meir og betre kunnskap.

Fleire tiltak i handlingsplanen søkjer å betra på tilhøva rundt krisesentra, slik representanten Kvalbukt etterlyser.

Krisetiltaka er avhengige av ein økonomisk situasjon som er stabil, for å kunna gjera eit godt arbeid. Slik det er no, dekker staten halvparten av dei budsjetterte utgiftene til krisesentra, medan kommunane og andre dekker den andre halvdelen. I fjor var staten sin del om lag 53 mill. kr.

Dagens tilskotsordning er verken tilfredsstillande for staten eller for krisesentra. Det er i St. prp. nr. 1 for 1999-2000 varsla at departementet tar sikte på å presentera nye retningslinjer for tilskotsordninga for å sikra eit stabilt grunnlag for drifta, og for å sikra styring av dei statlege utgiftene. I omlegginga av tilskotet til krisesentra vil det vera eit hovudmål å gi brukarane eit godt tilbod.

Handlingsplanen inneheld òg tiltak for å auka kompetansen til dei som arbeider på krisesentra, for dei har ein strevsam jobb. Ein av grunnane er at det er eit dårleg utvikla profesjonelt tilbod rundt krisesentra. Derfor skal det arbeidast ut tilbod om rettleiing og kurs for dei som arbeider på sentra. Det skal òg settast i gang forsøk for å utvikla nye modellar for å betra samarbeidet mellom ulike delar av hjelpeapparatet. Kommunane sitt arbeid står her sentralt.

Innsats for å hjelpa offer for vald krev innsats på brei front, på tvers av sektor og fag. Undersøkingar konkluderer med at krisesentra og det ordinære hjelpeapparatet i liten grad møter dei psykososiale problema som følgjer med mishandling, anten det gjeld kvinnene eller borna. Av den grunn har Barne- og familiedepartementet sett i verk ei undersøking, ved NIBR, som ser på kvinnene sine røynsler med krisesentra, men òg når det gjeld korleis hjelpeapparatet fungerer for deira behov. Offentlege styresmakter har òg eit stort ansvar for å følgja opp kontakt frå krisesentra slik at borna får den hjelpa dei har rett på.

Vald mot kvinner kan ikkje løysast med enkle grep og er ikkje berre eit spørsmål om krisesentra sine vilkår. Vi må arbeida på mange frontar samstundes. Å kunna leva utan vald er ein menneskerett for kvinner og menn, born og vaksne. Denne retten må vi arbeida for at alle skal få innfridd. Det er ein tung og langsiktig, men ein veldig viktig jobb.

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for et godt, spennende og innholdsrikt svar.

Hvordan framtidssamfunnet blir, avhenger av hvordan vi i dag greier å ta oss av først og fremst barna. Krisesentrene er en førstehjelp for mange kvinner og barn som er i en veldig vanskelig situasjon, og er utsatt for vold, slik som statsråden også viste til. Derfor er det viktig at disse får trygget sine arbeidsvilkår. Vi vet at mange krisesentre, sånn som den økonomiske situasjonen er i dag, er nødt til å stenge i ferier. Men vold, vet vi, tar ikke ferie. Derfor er jeg også veldig glad for de signalene statsråden gav, om den forskingen og den kunnskapsinnhentingen de nå arbeider med, som kanskje på litt lengre sikt kan senke voldsnivået i samfunnet.

Jeg takker igjen for svaret.

Presidenten: Spørsmål 4 vil bli svara på seinare.

: