Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Ola D. Gløtvold (Sp): Jeg ønsker å stille sosialministeren følgende spørsmål:

«Sosialministeren tok allerede i 1998 initiativ til å rydde opp i krigsbarnsaken. Dette har blant annet ført til en grundig kartlegging med tanke på et best mulig grunnlag for oppreisning, også i forhold til økonomisk erstatning. Nå melder massemedia at sju krigsbarn som har reist erstatningssøksmål mot staten, ikke når fram fordi staten har påberopt foreldelse av sakene.

Hvordan kan det være samsvar mellom disse handlingene?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Sosial- og helsedepartementet gav i november 1998 Noregs forskingsråd i oppdrag å utarbeida ein kunnskapsstatus om krigsbarna sin situasjon i etterkrigstidas Noreg. Bakgrunnen for oppdraget var den auka merksemda om krigsbarna og deira oppvekst. Det var sett fram påstandar om m.a. offentleg underslag av midlar, trakassering og maktovergrep.

Rapporten «Fiendens barn?» frå Noregs Forskingsråd var klar i juni 1999.

Sjølv om nokre av dei framsette påstandane blir tilbakeviste i rapporten, eller i alle fall noko svekte, viser rapporten òg at mange krigsbarn har lidd mykje vondt. Ein hovudbodskap i rapporten er at vi treng meir kunnskap om denne delen av vår historie.

Sosial- og helsedepartementet arbeider i desse dagar med utforminga av eit nytt oppdrag til Noregs forskingsråd for å føra vidare det arbeidet som er påbegynt. Arbeidet skjer i nær kontakt med Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Regjeringa satsar her på eit meir omfattande dokumentasjonsarbeid for å avdekkja kva som skjedde og korleis dette har kunna gå til. Dette er komplekse spørsmål, og for å koma på sporet må ein sjå nærare på både politiske og faglege oppfatningar og meir folkelege synsmåtar om krigsbarna i deira samtid. Dokumentasjonsarbeidet vil m.a. gje eit heilt anna grunnlag for krav om rettferdsvederlag – også kalla «billighetserstatning» – enn det krigsbarna har hatt til no.

Sju krigsborn har reist rettssak mot staten med krav om erstatning/oppreising for brot på menneskerettane. I desse sakene gjer staten gjeldande at krava er forelda. Bakgrunnen er at forholda ligg så langt tilbake i tid at det vil vera svært vanskeleg å føra bevis i saka. Regjeringa trekkjer ikkje i tvil at dei som no har reist erstatningssak mot staten, har hatt vonde opplevingar under oppveksten i etterkrigstida i Noreg. Men vi kan likevel ikkje la vera å visa til at sakene som rettssaker er forelda. Eg finn det ikkje rett her å gå nærare inn på denne saka som no skal behandlast i rettsapparatet.

Eg er fullt klar over at det kan vera vanskeleg å sjå forskjellen mellom på den eine sida det forskings- og granskingsarbeidet som departementet har sett i gang og som gjeld alle krigsbarn, og på den andre sida dei rettslege krava som sju krigsbarn har sett fram.

I desse vanskelege sakene finst to vegar fram mot oppretting av den skade krigsbarna har vore utsette for. Den eine vegen er innafor rettssystemet, den andre er utanfor. Vegen om domstolane er etter mi meining den tyngste vegen å gå for den enkelte. Sakene er så gamle at det er svært vanskeleg, om ikkje umogleg, å føra bevis som er gode nok for ei rettsleg prøving av erstatningsansvaret. Den andre vegen er via politisk oppfølging. Denne vegen inkluderer akseptering, dokumentasjon, moralsk oppreising og eventuelt økonomisk erstatning.

Stortinget forvaltar instituttet rettferdsvederlag, altså «billighetserstatning». Her gjeld heilt andre og noko «mildare» beviskrav enn i rettssalen. Regjeringa vil i sitt arbeid med søknader om rettferdsvederlag ta omsyn til krigsbarna sine eigne tolkingar av opplevingane sine, i tillegg til den dokumentasjonen som no blir framskaffa. Det at Regjeringa no har teke tak i denne saka, inneber at vi har gjeve krigsbarna aksept. Eg vil òg visa til at statsministeren i sin nyttårstale har gjeve moralsk oppreising på vegner av staten.

Når forskingsarbeidet har kome vidare, vil vi ha grunnlag for å vurdera om det er aktuelt å setja ned eit eige utval til å sjå nærare på eit opplegg for erstatning. Det må eg i så fall få koma attende til.

Eg vil til slutt få nemna at departementet har hatt og har nær kontakt med krigsbarna sine organisasjonar. Deira synsmåtar og haldningar har vore til stor hjelp for departementet.

Ola D. Gløtvold (Sp): Jeg takker sosialministeren for svaret. Jeg vil gi ros til sosialministeren og Regjeringen for at man har tatt opp denne saken. Det er den første regjeringen som har tatt dette spørsmålet alvorlig og prøvd å gi en oppreisning og unnskyldning til krigsbarna våre. Det har vært veldig mange uheldige presseoppslag i denne saken, og jeg må si at det i hvert fall ikke har vært god vilje til å sondre mellom det å få et avslag fra rettsapparatet og det å kunne få en oppreisning, som statsråden her nevner.

Jeg vil be om at den forskningen som nå settes i gang, går raskt, og at en får en skikkelig og konkret plan for hvordan denne erstatningen og oppreisningen skal skje. Jeg mener det er klare indikasjoner på at det bør være en slik oppreisning og et økonomisk vederlag, og at en også ser på om det bør være et eget utvalg som sluttfører denne saken. Med svaret statsråden gav i dag, kan det i hvert fall ikke sies, som en avis uttalte på lederplass her om dagen, at ifølge sosialministeren kan ikke krigsbarna få erstatning.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg ynskjer å stadfesta det siste som representanten Ola D. Gløtvold her understrekte. Regjeringa har allereie medverka til at fleire finn fram i høve til behovet for dokumentasjon. Vi har fordelt ansvaret mellom departementa for å hjelpa til med det – det gjeld alt frå dåpsattestar til øvrige dokument og informasjon, og det er òg klar ei eiga kvitbok med ei samling av offentlege dokument, etter den fyrste forskingsrunden.

Eg fekk kritikk for at eg hadde hatt sånn hast med det fyrste oppdraget. Eg gav Noregs forskingsråd fire månader på oppdraget – og dei klarte å få mykje ut av det – fordi vi ville ta eit fyrste steg på vegen. Eg vil syta for at forskinga vidare tek kort tid, men at den blir så omfattande som det er behov for.

: