Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Grete Knudsen (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Når vil den bebudete melding/proposisjon om Kirkens økonomi bli fremlagt for Stortinget?»

Statsråd Jon Lilletun: Under behandlinga av statsbudsjettet for 1999 vedtok Stortinget å be Regjeringa leggje fram ei samla vurdering av den økonomiske situasjonen i Kyrkja etter innføringa av ny kyrkjeleg lovgjeving. Saka vil verte lagd fram for Stortinget i form av ei eiga melding. I Stortinget 15. desember i fjor sa eg at meldinga ville verte lagd fram på nyåret, og i den orienteringa som Regjeringa sende til Stortinget om saker i vårsesjonen 2000, står det at meldinga om økonomien i Kyrkja kjem i mars. Dette kan eg i dag stadfeste med å seie at dersom ikkje noko uventa skulle hende, vil Stortinget få meldinga i løpet av mars.

Grete Knudsen (A): Jeg er glad for svaret som statsråden her gir. Men Stortinget, eller komiteen, var på det tidspunktet også opptatt av at dette ikke nødvendigvis skulle være en melding, for det vil da ta tid før man helt konkret får orden på økonomien, men at det burde være en proposisjon. Jeg spør om statsråden også vurderer det, eventuelt en kombinasjon av dette, slik at vi kan sikre økonomien på et tidligere tidspunkt enn det vi kan med bare en melding.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg gjerne få uttrykkje glede over representanten Knudsen sitt engasjement i forhold til den økonomiske situasjonen i Kyrkja.

Så vil eg seie at eg sjølvsagt er innstilt på å kome tilbake til Stortinget på den måten som komiteen vil at eg skal kome tilbake. Når ein les teksten og vedtaket som Stortinget den gongen gjorde, trur eg likevel det er opplagt at det er ei melding ein har bede om. Men eg skal prøve å leggje til rette for at det skal vere mogleg å dra konsekvensar av denne meldinga raskast råd er.

: