Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 16
Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet oppnevnte høsten 1999 medlemmer i en arbeidsgruppe som skal utrede organisering og dimensjonering av det statlige spesialpedagogiske støttesystemet for hørselshemmede.
Hva er bakgrunnen for og hensikten med at styret for statlige spesialpedagogiske kompetansesentre har oppnevnt to andre arbeidsgrupper som skal utrede samlokalisering og kompetansesentrene i henholdsvis Bergens-området og Oslo før Sunnanå-utvalget har utredet hørselssentrenes arbeidsomfang og behov?»
Statsråd Jon Lilletun: Bakgrunnen for at styret oppretta desse to arbeidsgruppene som representanten Dørum viser til, var den bemanningsreduksjonen frå 1. august 1999 som Stortinget vedtok ved handsaminga av St.meld. nr. 23 for 1997-98. Målet for dei to arbeidsgruppene var å utgreie ulike modellar for samhandling og eventuell samlokalisering i Oslo og Bergen, slik at ein kunne oppnå fagleg og økonomisk gevinst ved innsparingar i administrasjonsutgifter og husleigekostnader.
Styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har ansvaret for at tildelte midlar vert forvalta på ein slik måte at mest mogleg av ressursane går til produksjon av tenester til barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov. Styret må difor sjå til at verksemda er driven rasjonelt og effektivt. Driftsutgifter som ein sparer inn, vil verte overførte til auka tenesteproduksjon på kommunenivå, slik at dei kan komme brukarane til gode.
Som kjent tok ein i St.meld. nr. 23 ikkje opp spørsmålet om reduksjon av bemanninga ved hørselssentra, og eg vil understreke at det ikkje har vore lagt fram planar om å gjere endringar i bemanninga ved desse sentra før Sunnanå-utvalet legg fram si innstilling. Men reduksjon av tilsette, m.a. ved to senter for samansette lærevanskar og eit senter for språk- og talevanskar i Oslo og Bergen frå 1. august 1999, førte med seg eit mindre arealbehov for sentra i desse byane. Erfaringar så langt viser at det er mogleg å oppnå omfattande husleigereduksjonar ved ei betre utnytting av arealet. Samstundes låg det til rette for å sjå på eit nærare fagleg og administrativt samarbeid mellom nærliggjande senter.
Allereie våren 1999 starta styret opp eit forarbeid med reforhandlingar av husleigeavtalane i heile verksemda, og ei av oppgåvene var å sjå på ulike modellar for ei meir rasjonell drift av dei fire sentra i Oslo og dei to sentra i Bergen. Som ledd i dette arbeidet vart to arbeidsgrupper nedsette på styremøtet i september 1999. Oslogruppa var leia av tidlegare ekspedisjonssjef Oddvar Vormeland og Bergensgruppa av tidlegare utdanningsdirektør Per Kvist.
Rapporten frå dei to arbeidsgruppene skal styret handsame i mars d.å. for å sjå på moglege tiltak for ei rasjonalisering av husleige og drift i Oslo og Bergen.
Sjølv om det vart sett ned ei gruppe 12. oktober 1999 for å utgreie det statlege spesialpedagogiske støttesystemet for hørselshemma, det såkalla Sunnanå-utvalet, såg styret det likevel som naudsynt å arbeide vidare med vurdering av ressursutnytting generelt og arealutnytting spesielt etter den store reduksjonen av tilsette ved fleire senter 1. august 1999, m.a. i Oslo og Bergen.
Departementet ser det som viktig at styret kontinuerleg arbeider for at dei tildelte midlane i størst mogleg grad kjem brukarane til nytte, og at utgifter til administrasjon, drift og husleige vert haldne på eit rasjonelt, effektivt og forsvarleg nivå.
Rapportane frå dei to utvala ligg no føre, og styret vil gje sine tilrådingar til departementet om kva som skal gjerast vidare. Departementet føreset at styret sitt arbeid med vurdering av administrasjons- og driftsutgiftene til sentra i Oslo og Bergen ikkje medfører tiltak som vil binde arbeidet til Sunnanå-utvalet.
Eg ser det som lite aktuelt å gjere vesentlege endringar ved hørselssentra før Sunnanå-utvalet legg fram si innstilling.
Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg ser det som positivt at statsråden vil stå helt fritt når det gjelder å vurdere hørselssentrenes lokalisering og framtid, at man ikke skal være bundet av de to utredningene som nå foreligger. Så vidt jeg vet, er man innstilt på at man slutter seg til at sentrene skal samlokaliseres, slik som de to arbeidsgruppene foreslår.
Men statsråden må forstå at dette skaper stor uro i en sektor hvor det allerede har vært mye uro. Derfor var svaret hans i så måte beroligende. Jeg syns også det er riktig at man skal utnytte ressursene så effektivt og bra som mulig, og i den forbindelse vil jeg be statsråden se litt nærmere på de midlene som går til drift av styre, sekretariat osv. Så vidt jeg vet, beløper det seg til 20 mill. kr, og det er mye til administrasjon. Man burde kanskje se nærmere på dette, at mer bør gå til effektiv drift av sentrene.
Statsråd Jon Lilletun: Eg er glad for at representanten Dørum var tilfreds med svaret og har tillit til arbeidsprosessen vår. Eg er samd med representanten Dørum i at det er forståeleg at det lett vert uro etter ganske så mange år med ein del utryggleik i denne sektoren. No må eg seie at det dei siste åra har vore mindre uro, men eg føler meg absolutt trygg når representanten Dørum her følgjer med og forsikrar seg om at vi ikkje gjer nokon feilskjer.
Når det gjeld det beløpet representanten nemner vert brukt til administrasjon, høyrest det talet stort ut. No minner eg om at vi i ein overgangsfase vart einige om at ein skulle halde fram både frå Hamar og Molde. Det er òg ein del andre forhold som ligg til grunn, men eg lover at vi òg skal sjå på den biten i samanheng med dei andre konklusjonane vi no skal trekkje.
Presidenten: Spørsmål 17 vil bli svara på seinare.