Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 19
Petter Løvik (H): «Støyperibransjen i Norge utdannar i dag fagarbeidarar ved Skandinaviska Gjuteriskolan i Jønkøping. På grunn av vanskeleg økonomi er framtida for dette viktige tilbodet usikker. Det hastar med å få ei avklaring av spørsmålet for å sikre norsk ungdom og norsk støyperibransje eit tilbod også etter år 2000.
Kva vil statsråden gjere for å sikre dette tilbodet, og kva tid vil det kome ei endeleg avklaring?»
Statsråd Jon Lilletun: Gjuteriskolan i Jönköping er i dag eit nordisk kompetansesenter innanfor støyperifaga og gjev opplæring for lærlingar og bedrifter i dei nordiske landa. Departementet sitt engasjement ved Gjuteriskolan går tilbake til tidleg på 1980-talet og er knytt til fagopplæringa sitt behov for teoretisk kompetanse på eit område kor det ikkje er etablert eit tilbod i Noreg.
Dei siste 20 åra har departementet kvart år gjeve økonomisk tilskott til Gjuteriskolan i Jönköping. Dette har vorte gjort i form av årlege tilskott direkte til skulen til materiell og utstyr. I tillegg vart det i perioden 1993-1997 gjeve i underkant av 1 mill. kr i tilskott til særskilde investeringar. Vidare er det gjeve tilskott til Teknologibedriftenes Landsforening og Fellesforbundet til deira bruk av Gjuteriskolan som opplæringssenter for norske lærlingar i støyperifaga. Tilskott frå departementet har dekt undervisnings- og administrasjonskostnader.
Opplæringa på Gjuteriskolan er ein del av opplæringa i bedrift i støyperifaga. Innanfor desse faga har det vorte nødvendig å hente fagleg kompetanse frå ressursmiljø utanfor bedriftene. Det er på denne basis departementet gjennom fleire år har gjeve økonomisk støtte for å oppretthalde det sterke støyperifaglege opplæringsmiljøet som er på Gjuteriskolan.
Jönkøping kommune har teke initiativ til å reforhandle avtalen som regulerer forholdet mellom Gjuteriskolan og dei norske brukarane, dvs. Teknologibedriftenes Landsforening og Fellesforbundet. Departementet har motteke innspel frå Jönköping kommune, men har behov for å sjå nærare på korleis vi ynskjer å delta i samarbeidet om Gjuteriskolan for framtida.
Departementet vil difor bruke år 2000 til å gjennomgå ordninga. Det er no for tidleg å seie noko om utfallet av denne gjennomgangen. Inntil det er teke ei avgjerd i denne saka, vil departementet dekkje utgifter til administrasjon, undervisning og leige av hyblar ved Gjuteriskolan i Sverige. Departementet tek sikte på å avklare saka innan utgangen av 2000.
Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret.
Støyperibransjen er viktig på mange område i det norske samfunnet: 2 000 tilsette, 2 milliardar kr i omsetning og ein eksportdel på 50 pst. i ein veldig konkurranseutsett marknad. Dette krev ei veldig god fagutdanning, og sidan det er få elevar, er det lite som talar for å opprette eit fullgodt norsk tilbod. Derfor er, som statsråden også var inne på, det skandinaviske samarbeidet veldig positivt.
Bakgrunnen for det spørsmålet som eg tok opp i dag, er at bransjen føler at framtida er litt uviss. Eg håper at statsråden iallfall kan garantere at norske elevar og bedrifter framleis skal ha tilgang til dette tilbodet også etter 2000, at ikkje det er uvisst, og dernest at vi må få rask behandling og avgjerd slik at både bedrifter og andre kan begynne å rekruttere folk til dette fagtilbodet også etter 2000.
Statsråd Jon Lilletun: For det første vil eg her og no stadfeste at tilbodet sjølvsagt vert halde ved like i år, då vi betalar som vi tidlegare har gjort til denne skulen. Det andre er at det sjølvsagt skal finnast eit slikt tilbod òg i framtida, etter 2000, med tilsvarande kvalitet.
Vi erkjenner, som representanten Løvik peikar på, at dette er ein viktig bransje med gode framtidsutsikter som må sikrast tilstrekkeleg med kompetent personale.
Det vi likevel ser på, er om det er naturleg å tilretteleggje for dette tilbodet i Noreg. Ut frå argumentasjonen til representanten Løvik kan vel mykje tyde på at det ikkje umiddelbart ser ut som den mest naturlege løysinga, men det er altså det vi går gjennom. Og tilbodet til industrien og til næringa skal òg finnast etter år 2000.
Presidenten: Vi går nå tilbake til to av de spørsmålene vi har skjøvet på på dagsordenen. Det er spørsmål 12 fra representanten Asmund Kristoffersen til justisministeren og spørsmål 14 fra Ola D. Gløtvold til justisministeren. Disse spørsmålene vil bli besvart av samferdselsministeren som rette vedkommende.