Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2000 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 14
Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke,- utdannings- og forskningsministeren:
«Det første avgangskullet som har faget kristendomskunnskap med livssynsorientering, går ut av 10. klasse våren 2000. Barn som er holdt borte fra KRL-faget, risikerer å få færre poeng ved opptak til videregående skoler.
Vil statsråden vurdere om elevene kan få kompensert dette, tatt i betraktning den store striden som har vært om det nye KRL-faget?»
Statsråd Jon Lilletun: Det er i år fyrste gongen elevar skal takast inn til den vidaregåande opplæringa frå 10. klasse etter L97. Eg har vorte gjort kjend med at enkelte elevar som er vortne haldne borte frå KRL-faget, har fått opplyst at dei ikkje vil få karakter i faget. Manglande karakter i eit fag vil kunne få følgjer ved inntak til den vidaregåande opplæringa.
Ved poengutrekning for inntak til den vidaregåande opplæringa for elevar som manglar karakterar i eitt eller fleire fag, er reglane at dette vert kompensert ved at dei manglande faga får poeng tilsvarande gjennomsnittet av dei teljande karakterane. Desse reglane har til no vore praktiserte slik at det har vore ein føresetnad at elevane då har fått innvilga fritak for faget i grunnskulen.
Elevar som går ut av 10. klasse våren 2000, kan ha hatt grunn til å tru at dei ville få poengutrekning i tråd med dei nemnde reglane dersom dei ikkje fekk karakter i KRL-faget. Det er i år fyrste gongen elevar går ut av grunnskulen etter L97, og eg ynskjer ikkje at elevane skal verte skadelidande når dei har stolt på denne ordninga. Difor har eg komme til at desse elevane skal få kompensert for dette faget ved å få rekna om poeng ved inntak til vidaregåande opplæring hausten 2000. Dette kan eg gjere fordi ordlyden i den aktuelle paragrafen i forskrifta til opplæringslova er open og difor også kan omfatte KRL-faget. Eg arbeider for tida med revisjon av bl.a. reglane om inntak i forskrift til opplæringslova. I samband med dette vil eg sjå nærare på spørsmålet om manglande karakter for elevar som er vortne haldne borte frå KRL-faget.
Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for et positivt svar. Jeg forstår det da slik at barn som er blitt holdt borte fra KRL-faget ulovlig, vil kunne få dette kompensert gjennom at man beregner poeng ut fra de øvrige fagene, slik at de får poeng i faget. Det synes jeg er en helt riktig avgjørelse av statsråden, for vi må regne med at det er alvorlige overbevisningsgrunner som ligger bak, når foreldre går til det skritt å holde barna ulovlig borte fra undervisningen i dette faget. Derfor må jeg si at jeg er veldig glad for at statsråden, så vidt jeg oppfattet det, ikke vil la disse elevene bli skadelidende.
Statsråd Jon Lilletun: Fyrst finn eg grunn til å seie meg samd i den forståinga og konklusjonen som representanten Dørum hadde. Dei vil få desse poenga rekna ut slik som praksisen har vore tidlegare.
Dette inneber ikkje at eg og Regjeringa aksepterer at ein held ungane vekk, men det er ein konsekvens av at ein kan ha hatt grunn til å tru at den tidlegare praksisen ville verte følgd. I tillegg er eg samd med representanten Dørum i at i ein evalueringsfase, slik som vi er inne i no, er det slett ikkje grunn til, på dei områda der det faktisk har vore grunn til tvil, ytterlegare å spisse til konflikten. Det er betre at vi får ein dialog i samband med evalueringa som fungerer. Det ligg altså ikkje ein aksept i dette for at det er heilt all right med sivil ulydnad, men det har vore grunn til tvil. Difor praktiserer vi det på den måten, og det er etter mitt syn i samsvar med lova.