Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 15
Jørn L. Stang (Frp): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til statsråd Lilletun, som jeg tror er rette vedkommende i denne sammenheng:
«Norge er det eneste land i Europa uten fullt utbygget nett av værradar. Værradar gir større sikkerhet for skipsfart, fly, oljeinstallasjoner og vegtrafikk. Norges eneste radar i drift ligger i Asker. Sverige har 11 radarer, Finland 6 og Danmark 4. Det finnes ingen dekning fra Lindesnes til Kirkenes.
Hva vil statsråden gjøre for sikkerheten til havs og på fastlandet knyttet til værradarplanen som Stortinget bad om i 1995, og som Det norske meteorologiske institutt (DNMI) har utarbeidet og sluttført i april 1997?»
Statsråd Jon Lilletun: Eg er einig med representanten Stang i at dette er ei viktig sak. Noreg er eit land med mykje vêr, og difor treng vi ei vêrvarsling som til kvar tid er tilpassa dei klimatiske forholda vi har å stri med. Det er ingen tvil om at vêrradar er eit godt hjelpemiddel i vêrvarslinga, og eg skulle sjølvsagt ynskt at vi hadde kome lenger i utbygginga. Men vi har kome lenger enn representanten Stang hevdar.
I haust vart Meteorologisk institutt ferdig med utbygginga av ein ny vêrradar i Hægebostad kommune i Vest-Agder. Radaren er no i prøvedrift og vil verte offisielt opna til våren. Då vil vi ha to vêrradarar, som til saman dekkjer kysten og innlandsområda i Sør-Noreg.
Meteorologisk institutt er no i gang med å leggje planar for ein tredje vêrradar. Eg vil la instituttet sjølv vurdere kvar vêrradaren bør plasserast, men departementet har gjeve instituttet høve til å overføre eit beløp på 3,3 mill. kr til 2000 og nytte desse midlane til utbygging av vêrradar. Dersom det lukkast å få til ei samfinansiering med andre institusjonar, vil vi ha nok midlar til å starte utbygginga av den tredje vêrradaren.
Den vidare utbygginga må vi sjølvsagt sjå i samanheng med dei årlege budsjetta. Vi talar her om ei stor og langsiktig investering, men eg er viss på at samfunnet på sikt vil tene på eit fullt utbygt vêrradarnett.
Eg kan love at eg vil arbeide for at det skal verte mogleg å få til ei vidare utbygging. Men då er vi avhengige av at dei institusjonane som har nytte av vêrradarnettet, også vert med på finansieringssida.
Jørn L. Stang (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, men kan bare konstatere én ting, nemlig at statsråden har understreket at man ønsker å halte videre i denne saken.
Det er slik at radarinvesteringene er konsekvent strøket av statsbudsjettet. Ifølge Det norske meteorologiske institutt mangler vi ni værradarstasjoner for å dekke hele landet., dvs. at det da blir et likt antall som i Sverige. Men investeringsbehovet er ca. 10 mill. kr pr. radar, og driftskostnadene er 1 mill. kr årlig. Det betyr et totalt investeringsbehov på 90 mill. kr årlig og driftskostnader for elleve værradarstasjoner på 11 mill. kr pr. år. Det er viktig av hensyn til sikkerheten både til havs og på fastlandet at dette blir installert så raskt som mulig.
Vil statsråden, som er statsråd i et av verdens rikeste land, sørge for at disse bevilgningene blir en realitet innen kort tid?
Statsråd Jon Lilletun: Eg konstaterer at representanten Stang sjølvsagt har heilt rett når han peikar på at eg har gleda av å vere statsråd i ei utmerkt regjering i eit av verdas rikaste land.
Men eg må nok seie at eg ikkje har merka meg at representanten Stang eller hans parti har vore overvettes opptekne av å styrkje budsjettet på desse postane. Dei tinga vi no i dag diskuterer, har klart vore lagde fram i våre proposisjonar, og når vi i fjor måtte skjere ned på totalbudsjettet med 8-9 milliardar kr, er det klart at det òg fekk konsekvensar for framdrifta i denne saka. Men vi klarte altså likevel å byggje ein vêrradar, som i tillegg til den vi hadde frå før, dekkjer Sør-Noreg, og det vil nokså sikkert verte ein til i inneverande år. Det synest ikkje eg er å halte. Det er å gå sakte – kanskje litt for sakte, men vi går i rett lei.
Så ser eg fram til at representanten Stang og hans parti no verkeleg vil stå på for akkurat forskingsbudsjettet – og den delen av forskingsbudsjettet som dette dreiar seg om.
Jørn L. Stang (Frp): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg vil bare understreke at vi står på – det er derfor vi tar opp dette spørsmålet i dag.
Nettet er godt utbygd i Finland, Sverige, Danmark og det meste av Europa for øvrig – og jeg vil igjen tilbake til at vi er ett av verdens rikeste land og har den kystlinjen som vi har. Men det er jo ikke bare jeg som sier dette. Det er også andre, fagekspertisen, som sier at vi er å betrakte som en sinke på dette området. Våre naboland er stort sett helt dekket når det gjelder værradarer, men ikke Norge. Alle typer kommunikasjoner er ofte meget væravhengige, og bedre korttidsvarsel kan være avgjørende i mange tilfeller. Meteorologisk institutt prøver å løse mangelen på offentlige bevilgninger ved å finne andre samarbeidspartnere. Radaren for Østlandet er kommet opp fordi det har vært flere andre mulige finansieringskilder; man har klart å få de største bidragene fra andre og ikke fra det offentlige.
Det er å håpe at statsråden ikke kan godta disse forhold i fremtiden, slik at videre handling vil samsvare med komitemerknadene fra 1996 om betydningen av værradarer.
Statsråd Jon Lilletun: Eg deler fullt ut representanten Stangs vurdering av kor viktig dette er med vår kyst og vår plassering.
Når det gjeld finansiering, må eg seie at det er nok ikkje så uvanleg, men tvert om svært vanleg, at finansieringa også i dei andre landa vi kan samanlikne oss med, har vore eit spleiselag mellom ganske mange som har interesse av å få slike radarar på plass.
Når det gjeld kven som har medverka til desse radarane, er det nok i stor grad det offentlege. Det er forskjellige etatar innanfor forskjellige departement, men òg nokre private. Det håpar eg vi skal få til framleis.
Det som er gjort frå vår side for å følgje opp dette og sørgje for at planen vart ferdig, har eg òg orientert om, men eg sa korfor finansieringa ikkje har kome tidsnok. Eg ser fram til at like engasjerte innlegg vil kome frå representanten Stang og hans parti òg i budsjettdebatten i forhold til forskingsbudsjettet generelt og denne saka spesielt. Då ser eg ljost på det nye året!