Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Vil statsråden bedre situasjonen for skolefritidsordningen før neste skoleår?»

Statsråd Jon Lilletun: Det er framleis eit mål at dei barna som har behov for det, skal ha tilbod om plass i skulefritidsordninga. Den nye § 42 d i grunnskulelova, som tredde i kraft ved nyttår, gjev kommunane plikt til å ha eit skulefritidstilbod. Forskrifta til lova avgrensar gjennom sjølvkostprinsippet kor stor del av totalkostnadene foreldrebetalinga skal kunne dekkje.

Våren 1999 har snautt 109 000 barn plass i skulefritidsordninga. Dette er ein reduksjon på 6,1 pst. sidan skulestart, men likevel er det fleire barn i skulefritidsordninga no enn det var på tilsvarande tid i fjor. Tilsvarande reduksjon frå haust til vår i fjor var på 4,5 pst.

Departementet har ikkje informasjon som tyder på at situasjonen for skulefritidordninga er vesentleg endra. Eg vil likevel fylgje utviklinga i tilbodet nøye i tida som kjem.

Øyvind Korsberg hadde her overtatt presidentplassen.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for svaret.

I loven om skolefritidsordninger vedtok Stortinget at det skulle være en tredeling av driftsutgiftene mellom stat, kommune og foreldre. Og det første stortingsflertallet gjør etter at loven er vedtatt, er å redusere statens tilskudd med om lag 30 pst.

Mange kommuner har sett seg nødt til å øke foreldrebetalingen. Tidspunktet for prisøkningene varierer fra kommune til kommune, og mange venter med prisøkningen til høsten fordi de følger skoleåret. Flere kommuner melder nå fra om at det ble sagt opp uvanlig mange plasser nå i vår. En foreldrebetaling på mellom 1 500 og 2 000 kr pr. måned, som ikke er uvanlig, blir for dyrt for mange foreldre. Er statsråden bekymret over denne utviklingen?

Statsråd Jon Lilletun: På initiativ frå Stortinget, i eit spørsmål, innhenta departementet informasjon frå utdanningsdirektørane på eit tidlegare tidspunkt enn det den vanlege tilbakemeldingsprosedyren tilseier. Det var dei tala eg gav, og dei viser ikkje vesentleg endring. Der er altså fleire i systemet i år enn i fjor, men der er ein litt større nedgang frå haust til vår.

Avisoppslag har tydd på at det har vore ein atskilleg verre situasjon, noko som dokumentasjonen så langt ikkje viser. Men ut frå same initiativ frå Stortinget og ut frå Regjeringa sine interesser for å fylgje det opp har vi bede utdanningskontora om framleis systematisk å melde tilbake om utviklinga, og det var det som låg i svaret mitt, at eg vil fylgje denne saka nøye fram igjennom.

Anneliese Dørum (A): Arbeiderpartiet er bekymret over utviklingen. Vi har hatt kontakt med mange kommuner, og det viser seg at nå på våren sies det opp uvanlig mange plasser. Det er også store forskjeller i foreldrebetalingen. Enkelte steder kan forskjellene variere med ca. 17 000 kr pr. år. Arbeiderpartiet har gått inn for at det skal settes et øvre tak på foreldrebetalingen i skolefritidsordningen, slik at den ikke blir så høy at den utelukker barn som har behov for omsorg og tilsyn etter skoletid.

Det viser seg at det også er store forskjeller kommunene imellom når det gjelder bemanning, ledelse og lokaliteter. Vil statsråden vurdere å sette tak på foreldrebetalingen og lovfeste krav til bemanning og ledelse ved skolefritidsordningen, slik at vi kan få mer like forhold i landet vårt?

Statsråd Jon Lilletun: Som representanten Dørum sa, er det enno berre eit år sidan Stortinget behandla lova og korleis skulefritidsordninga skulle organiserast. Eg meiner at den må få høve til å verke litt lenger og så evaluerast før det vert gjort endringar på generelt grunnlag med omsyn til bemanning, lokalitetar og liknande, som representanten Dørum no tok opp.

Når det gjeld utviklinga i vår, som representanten Dørum skildrar, vil vi fylgje med i den, og det vil vi gjere gjennom våre utdanningsdirektørar. Det vil vere ein del av det grunnlaget som vi vurderer situasjonen på i arbeidet med statsbudsjettet for neste år. Difor skal vi fylgje nøye med. Tala og tilbakemeldingane så langt er samla sett slik som eg sa innleiingsvis, men vi skal også få ei tilbakemelding når våren er slutt.

: