Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Rita Tveiten (A): «Ei gransking som vart presentert i Skolefokus nr. 4 1999, syner at haldningane til nynorsk mellom elevane heng saman med kvaliteten på opplæringa. Elevar frå fleire kantar av landet har kravd betring av norskopplæringa utan at det førebels har gjeve resultat. Det vert også peika på at forskingsinnsatsen på dette feltet er svært låg.

Har statsråden tenkt å gjera noko som helst for å styrkja nynorsken i skulen?»

Statsråd Jon Lilletun: Artikkelen i Skolefokus som representanten Tveiten viser til, er basert på eit omfattande forskingsarbeid i samband med forsøksordninga med fellesspråklege lærebøker i samfunnslære. Forskinga har både ei samfunnsvitskapleg og ei språkvitskapleg tilnærming. At forskingsinnsatsen på dette feltet er låg, er eg difor ikkje samd i.

Konklusjonar i rapportane viser m.a. at bokmålselevane ikkje har god nok kjennskap til den norske språksituasjonen og forholdet mellom dei to skriftspråka. Det går òg fram at lærarar med ei positiv haldning til ordninga med fellesspråklege lærebøker i større grad har elevar som er positive til nynorsk.

Vi står her overfor ei problemstilling med mange sider. Eg er oppteken av at opplæringa i skulen – både grunnskulen og den vidaregåande skulen – må leggjast opp slik at elevane får kunnskap om den særeigne norske språksituasjonen og samstundes utviklar språkleg toleranse. Lærarane sine haldningar og val av arbeidsmetodar er viktige for å stimulere elevane til å bruke nynorsk, både skriftleg og munnleg.

Eg vil informere lærarutdanningsinstitusjonane om forskingsarbeidet og konklusjonane i rapportane og be dei fylgje dette opp i lærarutdanninga.

Rita Tveiten (A): At statsråden ikkje er samd i at forskingsinnsatsen på dette feltet er låg, overraskar meg. At han ikkje vil vera heilt samd i det, får så vera, men at han ikkje er samd i det heile, trur eg han er nøydd til å ta i seg att. For det er grunn til å vera uroa når meir enn 30 pst. av elevane som har nynorsk som hovudmål i grunn- og ungdomsskulen, vel bokmål som hovudmål når dei tek til i den vidaregåande skulen. Dei vel altså bort sitt eige mål, og det skulle i seg sjølv få klokkene til å ringa for statsråden.

Kva er årsaka til denne utviklinga? Sjølv om nynorsk har vore jamstelt med bokmål i over 100 år reint lovmessig, opplever me framleis kvar haust at elevar som vel nynorsk, ikkje får bøkene sine på nynorsk samstundes som bokmålselevane får sine.

Det er heilt klart at lærarane sin måte å formidla språkkunnskap på er viktig. Når det gjeld fransk og engelsk, må dei meistra det både munnleg og skriftleg. Det er ikkje tilfellet når det gjeld nynorsk. Kva vil statsråden konkret gjera for å retta på dette?

Statsråd Jon Lilletun: Det som representanten Tveiten skisserer som problem, er statsråden heilt samd i, men ikkje at vi ikkje etter kvart veit meir om det. Det som eg dokumenterte her, var at vi har sett i gang forsking, m.a. den som er presentert i den rapporten som ho sjølv viste til. Men det må vidareførast i den praktiske kvardagen. Her er det eit stort haldningsarbeid å utføre.

Lærarane er utgangspunktet. Difor er det at vi no prøver i samband med forskingsrapportane å få lærarutdanningsinstitusjonane til å fylgje opp. Vidare kan eg nemne for representanten Tveiten at vi akkurat har hatt eit møte med Det Norske Samlaget om læremiddel. Vi har innskjerpa i forhold til forlaga og kjem til å fylgje endå strengare opp at dei må liggje føre til rett tid, og vi er i gang med eit arbeid i forhold til nye, elektroniske læremiddel.

Rita Tveiten (A): Eg er særleg glad for det siste statsråden var inne på, at når det gjeld elektroniske læremiddel, vil dette verta fylgt opp.

Det er eit paradoks at når norske firma utviklar språkprogram som skal kunna omsetja kva språk som helst, kan dei ikkje greia å få med seg at nynorsk òg kan omsetjast. I Finland greier ein det – dei seier at nynorsk kan dei godt ta med i si programpakke. Men her i Noreg er det altså eit problem. Det viser kor alvorleg dette er.

Det som uroar meg verkeleg sterkt, er eit oppslag i vinter som stod i Dagens Næringsliv, trur eg det var, det var iallfall ei Oslo-avis, om at finansfolk ikkje ville bruka nynorsk fordi dei var redde for at dei skulle høyrast «bondsk» ut. Eg skal ikkje kommentera det nærmare, men eg synest det seier noko om kva ungdomar, som vert påverka til dei grader av det media skriv, står overfor. Det er altså ikkje godt nok å snakka og skriva nynorsk.

Eg vil vita litt meir om kva reint konkret statsråden vil gjera. Korleis skal me få bukt med dette?

Statsråd Jon Lilletun: Eg må nok seie at eg treng meir enn eitt minutt til det.

Det kan hende at representanten Tveiten og eg er samde om at det å verte kalla «bondsk» fordi vi brukar eit folkeleg språk, er noko vi kan leve med. Men eg ser at det kanskje ikkje er fullt så lett for tenåringar å få same nemninga.

Reint konkret for å fylgje opp når det gjeld elektroniske læremiddel, har vi sett ned ei arbeidsgruppe mellom departementet, Samlaget og Forleggerforeningen for å rette opp dei tinga som representanten Tveiten nemner. Eg vil òg nemne ein gledeleg ting som skjer akkurat i dag. Det er at i Rita Tveitens heimfylke, Hordaland, på Voss, vert Nordisk Språkteknologi opna, eit stort, kommersielt selskap som heilt opplagt vil gjere desse spørsmåla mykje enklare.

Eg er rimeleg optimistisk. Eg vil erkjenne at vi ikkje har vore flinke nok, men vi vert stadig flinkare.

Presidenten: Og godt er det!

: