Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Steinar Bastesen (TF): Jeg har et spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Et utvalg foreslår en total omlegging av de tekniske fagskolene i Nordland. I stedet for undervisning i klasserom forslår utvalget en kombinasjon av fjernundervisning, fellessamlinger og veiledning. Blant annet rammes skipperutdanningen ved Nordland Fiskerifagskole av denne omleggingen. Høringsfristen er satt til en uke, og Sjøfartsdirektoratet, som utsteder sertifikater til skippere, er ikke høringsinstans.

Synes statsråden denne omleggingen vil gi en forsvarlig skipperutdanning i Nordland?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg kjenner ikkje detaljane i det forslaget som no er på høyring i Nordland fylkeskommune. Dette er eit utvalsarbeid fylkeskommunen sjølv har initiert og har ansvar for. Eg kan derfor ikkje uttale meg om denne utvalsinnstillinga spesielt, men eg kan gje nokre generelle kommentarar.

At fylkeskommunen søkjer utradisjonelle løysingar på organiseringa av undervisninga, er i tråd med den utviklinga eg ynskjer når det gjeld å tenkje nytt om tilrettelegginga av opplæringa. At ein fylkeskommune nemner opp utval eller komitear for å greie ut korleis opplæringa kan tilretteleggjast og organiserast for å få eit best mogleg læringsresultat, er etter mitt syn positivt. Bruk av m.a. fjernundervisning og IKT gjer at vi i mange høve kan nå elevar utan at dei treng å reise til sentraliserte lærestader. Opplæringa må sjølvsagt leggjast til rette slik at organiseringa og undervisninga er i samsvar med dei krava som er fastsette i læreplanar, lov- og regelverk, internasjonale konvensjonar og anna som gjeld for utdanninga.

Når det gjeld høyringsfristen, synest den noko kort, og det kunne vere naturleg å la Sjøfartsdirektoratet få uttale seg. Utover det tek eg det som sjølvsagt at Nordland fylkeskommune vil sjå til at både nasjonale og internasjonale krav vert fylgde ved ei eventuell omorganisering av dei tekniske fagskulane i Nordland.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker for svaret. Jeg skjønner at ministeren er positiv til nye metoder og til det som foregår når det gjelder utvikling.

Norskekysten er en vanskelig og krevende kyst, med trange farvann, der det kreves både snarrådighet og sjømannsskap. Statsråden forsvarer læreplanen. Etter læreplanen ved den forannevnte fiskerifagskole går bl.a. en stor del av tiden med til å lære å deklamere dikt. Synes statsråden at diktlesing er et egnet virkemiddel i en krisesituasjon på norskekysten?

Statsråd Jon Lilletun: Nei, i ein krisesituasjon vil eg nok seie at eg ser tiltak som ville vere betre eigna enn diktlesing. Eg trur vel at ein i slike situasjonar brukar ordet på eit vis, kanskje inne i seg og til ei høgare makt. Men det aleine er ikkje nok. Ein må sjølvsagt ha kompetanse. Og som eg sa i mitt svar, føreset eg sjølvsagt at ein tek på alvor at ein òg skal lære det praktiske. Det skal skje ved samlingar. Men eg trur at beste måten innafor alle utdanningsvegar er å få folk frå lokalmiljøa til å ta utdanning. Det er desentralisert utdanning. At ein derfor har eit desentralisert opplegg med nye metodar der ein har IKT og samlingar, trur eg Distrikts-Noreg og Kyst-Noreg kjem til å tene på på sikt.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker igjen statsråden for svaret, og konstaterer at han er enig med meg i at det er andre virkemidler som må tas i bruk enn diktlesing når det står på i trange farvann. Ja, det er vel enkelte som påkaller ikke bare de høyere makter, men også underjordiske makter – om vi skal nevne det.

Men det er urovekkende det som foregår med de læreplanene som man har fått seg forelagt, og som blir forandret gang etter gang uten evaluering. Det skal eksperimenteres, og en skal finne opp hjulet på nytt igjen, for å si det på en teknisk måte.

Vil statsråden ta et initiativ sammen med næringen for å evaluere skipperutdanningssystemet ved fiskerifagskolene for å få en best mulig utdanning av fiskeskippere, for det er det som er viktig for fiskeflåten iallfall?

Statsråd Jon Lilletun: Når ei sak er på høyring, har dei som får saka til høyring, høve til å uttale seg og gje kloke innspel, der ein tek omsyn til dei faglege tinga som representanten Bastesen no påpeiker, som sjølvsagt er viktig å ta vare på, slik at utdanninga vert best mogleg.

Det å endre veldig ofte treng ikkje vere det klokaste ein gjer. Men samtidig trur eg at representanten Bastesen og eg er samde om at når teknologien går framover, gjeld det òg kva ein kystskipperkandidat må lære. Det nyttar ikkje å bruke metodar frå 10-20-30 år tilbake aleine.

Når det gjeld spørsmålet om å ta eit initiativ, er eg sjølvsagt villig til å ta møte med næringa dersom næringa meiner at det her ligg store problem. Eg er villig til å ta møte med kvar næring som meiner at det er viktige ting på kompetansesida dei vil snakke om. Så det er eg open for, dersom det kjem eit initiativ frå næringa om ting som må gjerast.

Elles vonar eg, som ein konklusjon når det gjeld dikt, at representanten Bastesen og eg er samde om at ikkje i krisesituasjonar, men elles er diktet ein viktig del av livet.

: