Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet har gitt forhåndstilsagn om statlig støtte til et prosjekt med sikte på etablering av et nasjonalt kompetanse- og velferdssenter ved NTNU. Planene om et slikt senter er først blitt kjent etter at forhåndstilsagn om støtte ble gitt fra departementet, slik at berørte parter ikke har fått uttale seg om saken.

Har statsråden tatt med i betraktning at det finnes stor kompetanse på dette området, og har han utredet behovet for et slikt nasjonalt kompetansesenter?»

Statsråd Jon Lilletun: Regjeringa la i fjor haust fram St. meld. nr. 8 for 1998-99, Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001. Eit av dei prioriterte måla i handlingsplanen er å betre situasjonen for funksjonshemma studentar under utdanning i universitet og høgskule. Av dei konkrete tiltaka i planen nemner eg m.a.:

  • Institusjonane vert pålagde å utarbeide handlingsplanar for funksjonshemma studentar i løpet av 1999.

  • Institusjonane skal utarbeide informasjons- og rådgjevingsteneste og peike ut ein kontaktperson for funksjonshemma studentar.

NTNU søkte hausten 1998 om midlar til eit eittårig prosjekt som vart kalla «Nasjonalt kompetanse- og velferdssenter – tilknytt NTNU». Prosjektet vart presentert for både Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i møte og i brev. Etter nærare dialog med NTNU gav Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i brev av 23. februar 1999 førehandstilsegn om å støtte prosjektet med 750 000 kr. Sosial- og helsedepartementet gav eit tilskott på 250 000 kr. I tillegg brukar universitetet eigne ressursar til prosjektet.

Departementet har i brevet til NTNU konkretisert ein del premissar for tilskottet og er framleis i dialog med prosjektleiinga om dette. Prosjektet skal medverke med kunnskap om tilrettelegging av studiesituasjonen ved universitet og høgskular og gjennom det støtte opp om arbeidet med å utvikle lokale handlingsplanar innanfor sektoren. Det skal hentast inn røynsler frå andre universitet og høgskular på området, både nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal systematisere informasjonen og skissere moglege løysingar på problem som møter funksjonshemma studentar i ulike fasar av studiet, som t.d. ved søking, opptak, studiegang og eksamen. Dette vil vere til hjelp ved utvikling av rådgjevingstenesta ved lærestadene.

Eg har sett prosjektsøknaden frå NTNU som interessant og relevant i lys av handlingsplanen for funksjonshemma. For å oppnå resultat som har stor overføringsverdi til andre universitet og høgskular, og for å dra inn kompetanse og røynsle andre lærestader sit inne med, må det leggjast opp til kontakt og samarbeid med resten av sektoren. Etter det eg forstår, har prosjektleiinga planar om å invitere til eit kontakt- og drøftingsseminar før sommarferien. Departementet har ved gjennomgang av søknaden frå NTNU vurdert korleis prosjektplanane kan tilpassast informasjon, røynsle og kunnskap som finst på feltet i dag. Eg kjenner m.a. til at Universitetet i Oslo i over 20 år har hatt ei eiga teneste for funksjonshemma studentar og gjennom det har utvikla god kompetanse på feltet. Vi treng no på skikkeleg brei front å auke kompetansen når det gjeld å planleggje og tilretteleggje studiesituasjonen for funksjonshemma studentar ved alle høgare institusjonar. Skal vi lukkast med det, treng vi å dra nytte av all tilgjengeleg kompetanse i sektoren.

Representanten Anneliese Dørum spør om eg har vurdert behovet for eit nasjonalt kompetansesenter på dette området. Spørsmålet viser at det gir feil assosiasjonar når prosjektet, som eg ovanfor har kommentert, er omtala som nasjonalt kompetanse- og velferdssenter. Departementet burde nok ha sett dette og teke det opp med søkjaren frå starten av. Det vi her snakkar om, er nemleg økonomisk støtte til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt for universitets- og høgskulesektoren, forankra ved NTNU. Utover dei premissane som er lagde til grunn for tilskottet, er det ikkje gjort konkrete vurderingar i retning av å gje universitetet nasjonale kompetansesenteroppgåver på permanent basis. Fyrst når prosjektet er fullført, vil det verte teke nærare stilling til korleis resultata og røynslene skal utnyttast og vidareførast.

Anneliese Dørum (A): Jeg skjønner nok at forhåndstilsagnet er godt ment fra departementets side, men jeg tror at prosjektet er svært lite vurdert og gjennomgått. Jeg kan fortelle statsråden at de funksjonshemmede studentenes organisasjoner går sterkt imot dette prosjektet. De mener at prosjektskissen er rotete og lite informativ, og slik de leser prosjektet, ser det ut som om det planlegges en egen omsorgsgetto for studenter med funksjonshemming, f.eks. tilrettelagte hybler som skal samles i egne boligdeler med egne fellesarealer osv. De viser til at prosjektskissen kaster fram stikkord for arbeidsoppgaver som overhodet ikke kommer inn under ansvarsområdet til et slikt eventuelt kompetansesenter.

Hvorfor har statsråden gått inn for å legge et slikt forskningsprosjekt til NTNU, med så lite erfaring som de har på området?

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst ein kommentar til det fyrste. Det er rett at ein del organisasjonar i etterkant har ytra seg skeptisk, men det er på langt nær eintydig. Her er det mange forskjellige vurderingar, og fyrst når prosjektet er gjennomført, vil ein kunne få ei vurdering av innhaldet, og om det har kome fram noko som det er spennande å føre vidare eller ikkje. Derfor trur eg vi skal sjå nyansert på det.

Når det gjeld kvifor denne tilsegna er gjeven til NTNU, er svaret i og for seg enkelt: Vi vil gjere meir på denne sektoren. Vi drøfta dette i heile går, og var samde om at vi skulle vere opne for forsøks- og utviklingsarbeid i dei enkelte institusjonane. Når ein då skal setje i gang eit forsøks- og utviklingsarbeid, kan ein ikkje ha totale høyringsrundar på det i alle andre institusjonar samtidig. Men den dagen det skal etablerast noko nasjonalt, då må ein sjølvsagt ha det.

Anneliese Dørum (A): Vi er jo i ferd med å bygge ned de nasjonale kompetansesentrene, slik at det å bygge opp et nytt, ville egentlig være i strid med den politikken vi ellers fører.

Vi vet at lærestedene i dag ikke fungerer tilfredsstillende for disse studentene, men det skyldes ikke mangel på kompetanse med hensyn til hvilke tilretteleggingsbehov som finnes. Tvert imot skyldes mangelen på tilrettelegging at de identifiserte behovene på langt nær er dekket gjennom statlige tilskudd og gjennom de rammer som lærestedene har i dag. Det er bl.a. mangel på studielitteratur på lyd, tolketilgang for døve, fysisk tilgjengelighet for bevegelseshemmede, tilrettelagte leseplasser mv. Man trenger ikke noe forskning for å definere behovene, man trenger midler.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt sikkert rett det representanten Dørum seier, at ein treng meir midlar. At ein treng ein gjennomgang med omsyn til korleis ein skal unngå å lage gettoar, men få til ei god tilpassing ved alle institusjonar, finne fram til metodikk og system for det, trur eg er heilt nødvendig. Derfor kan det ikkje vere slik at kvart enkelt forskingsprosjekt av denne dimensjonen skal gjennom ei nasjonal høyring for å få tilsegn der før vi kan prøve det ut. Men den dagen vi skal etablere om ikkje eit nasjonalt kompetansesenter, men eit nasjonalt nettverk, treng vi slike høyringar.

Når det gjeld nedbygging, er det eit stykke på veg rett det representanten Dørum seier, men vi beheld mange kompetansefunksjonar og nettverksfunksjonar. Det er på ein måte den gamle skuledrifta som vert bygd ned.

: