Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Eg viser til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sine forskrifter til § 1-1 i opplæringslova som er ute på høyring. Der står det: «Den prosentdelen av tida som skal nyttast til temaorganisert opplæring og prosjektarbeid, gjeld for dei enkelte hovudtrinna samla sett.»

Medfører dette at prosjektarbeid og temaorganisert opplæring blir redusert?»

Statsråd Jon Lilletun: Svaret på spørsmålet er nei.

Forslaget til forskrifter til opplæringslova om dette spørsmålet fylgjer opp Stortinget sitt lovvedtak om binding av fagstoff, arbeidsmåtar og fag- og timefordeling på hovudtrinn og ikkje på årstrinn.

Samla sett vil såleis prosjekt og temaorganisert opplæring ikkje utgjere ein mindre del, men kommunane, skulane og den enkelte lærar får større fridom til å organisere opplæringa og velje arbeidsmåtar innanfor dei enkelte hovudtrinna. Slik sett skulle dette på ein god måte fylgje opp det vi var samde om i stor grad i debatten i går, at det var nødvendig å finne fleksible ordningar for å gjennomføre måla i læreplanen.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

I læreplanen for grunnskulen, Reform 97, står det at innafor småskuletrinnet, dvs. 1. – 4. klasse, skal minst 60 pst. av den samla tida vere temaorganisert opplæring eller prosjekt, med særleg vekt på dei to første åra. Når det gjeld mellomsteget, skal minst 30 pst. av tida nyttast til dette kvart år, og når det gjeld ungdomstrinnet, minst 20 pst. Læreplanen er forskrift og etter mi meining bindande. Så kjem forskrifta til opplæringslova, der det blir lagt opp til at læreplanens krav om prosjektarbeid skal settast ut av drift. Det statsråden seier, er altså at prosentdelen ikkje skal gjelde kvart år, men samla for trinnet. Det vil etter mi meining seie ein reduksjon. Er det slik at statsråden nå med si forskrift vil oppheve det som er bestemt i læreplanen?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er ikkje samd med representanten Oppebøen Hansen i at dette er ein reduksjon. Det er ein fridom til å ta meir prosjektarbeid/ temaarbeid eitt år og noko mindre neste år, men i sum på steget skal det verte likt. Så dette er godt i samsvar med det eg oppfatta det var stor semje om, at ein skulle ha tillit til at den enkelte lærar faktisk var i stand til å nå desse måla.

Når det gjeld dette med læreplanen og forskrift, slik den førre regjeringa vedtok at det skulle vere, har veldig mange lærarar følt det som vanskeleg. Det er svært mykje å gå igjennom, og då klarer ein ikkje å fylgje opp det med tema- og prosjektarbeid. Det eg har sagt, er at eg vil ha ein prosess i lag med lærarorganisasjonar, foreldre og elevar, for eventuelt å løyse opp dette som bindande forskrift. Det kjem eg tilbake til.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Nå er det slik at det i Aftenposten for nokre dagar sidan kom fram at det er eit problem at det er for lite prosjektarbeid i skulen, særleg da på ungdomssteget. Eg har registrert at statsråden er samd i det.

Når statsråden nå seier at lærarane oppfattar det som var intensjonen i læreplanen for grunnskulen, Reform 97, som vanskeleg, trur eg det skaper forvirring. Eg held meg til den vedtekne læreplanen for den tiårige grunnskulen, og det står òg innleiingsvis i departementets utkast til forskrift at dei held seg til den læreplanen. Da synest eg det som nå ligg i forskriftsutkastet, bryt med den intensjonen som er trekt opp i læreplanen.

Eg vil spørje statsråden om han vil gå tilbake på dette, slik at temaorganisering og prosjektarbeid blir i tråd med læreplanen for grunnskulen, som er vedteken av Stortinget.

Statsråd Jon Lilletun: Denne forskrifta er ei oppfylging av den oppmjukinga som Stortinget gjorde i samband med behandlinga av opplæringslova. Ein skulle kunne sjå på tvers av årstrinnet, altså sjå på dette samla sett over nokre år. Det er det vi fylgjer opp her, og det vil eg sjølvsagt ikkje gå tilbake på.

Når det gjeld dette med at det er for lite prosjekt- og temaundervisning, er vi samde om det. Men i omtrent all kommunikasjon med Skule-Noreg om kvifor det er slik, er eit av dei vesentlege svara ein får at stoffmengda i læreplanen, som samtidig er forskrift, er så stor at ein ikkje rekk gjennom alt. Då synest eg det er grunn til å gå inn og sjå på om det er det som har gjort at vi ikkje har greid å fylgje opp innhaldsreforma i Reform 97 i tilstrekkeleg grad– spesielt på ungdomsskulesteget. Det arbeidet kjem eg til å føre vidare.

: