Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 1999 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 10
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Morten Olsen til kirke-, utdannings- og forskningsministeren, vil bli tatt opp av representanten Ane Sofie Tømmerås.
Ane Sofie Tømmerås (A): Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«En spørreundersøkelse blant lærere og tillitsvalgte i Østfold viser at 64 pst. ikke har vært på etterutdanningskurs i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL-faget ) i det hele tatt, og hele 76 pst. mener at de ikke har fått en etterutdanning som gjør dem kompetente til å undervise i det nye kristendomsfaget etter planer og målsettinger gitt i L97.
Hvilke virkemiddel vil statsråden iverksette for å bedre etterutdanningen?»
Statsråd Jon Lilletun: Lærarar har ein type arbeid der jamleg oppdatering, både fagleg og pedagogisk, er naturleg og nødvendig. Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit nytt fag i grunnskulen, og det er eit stort behov for kompetanseutvikling for lærarar som underviser i faget. Dette stiller oss overfor nye utfordringar med tanke på kvalitet, struktur og arbeidsformer i etter- og vidareutdanninga.
Kommunen er hovudansvarleg for etterutdanning av personalet i grunnskulen.
Det er statens ansvar å gje klart til kjenne overfor kommunane kva etterutdanningsoppgåver som er viktige med tanke på dei nasjonale utdanningsmåla. Det er også statens ansvar å evaluere i kva grad kommunane utfører oppgåvene. Ved større nasjonale utdanningspolitiske reformer, der det ikkje kan ventast at kommunane skal dekkje heile behovet for etterutdanning, tek staten del i finansieringa i reformperioden.
I den planen departementet har når det gjeld kompetanseutvikling knytt til innføringa av læreplanverka for den tiårige grunnskulen i perioden 1996-2000, er kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering eitt av dei fem faga som er prioriterte i heile perioden.
I samsvar med stortingsvedtak om statsbudsjetta har kommunane kvart år fått øyremerkte midlar til kompetanseutvikling. Tildelinga går til delvis dekning av dei utgiftene dei enkelte kommunane har til kompetanseutvikling, i samsvar med kommunal plan godkjend av statens utdanningskontor.
Det er utarbeidd ei rettleiing til læreplanen for faget, som er distribuert til alle skulane. Rettleiinga skal støtte opp under og styrkje bruken og gjennomføringa av læreplanverka ved å peike på moglege tilnærmingsmåtar og gje idear og eksempel. Ho skal medverke til at lærarane og skuleleiarane får eit godt grunnlag for arbeidet med kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Departementet har utarbeidd planar for etterutdanning for prioriterte område og for faga. Planen for etterutdanning i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering vart send universitet, høgskular, statens utdanningskontor og kommunane ved årsskiftet 1996-97. For å medverke til at etterutdanningstilboda får så god kvalitet som råd er, og er relevante for kommunane, tok departementet hausten 1997 initiativet til å etablere nettverk av universitet og høgskular for etterutdanning i prioriterte fag.
Statens utdanningskontor rapporterer det arbeidet kommunane utfører på dette området, i dei årlege tilstandsrapportane, og kompetanseutviklinga knytt til innføringa av læreplanverka er eitt av temaa i den forskingsbaserte evalueringa av Reform 97.
Statens utdanningskontor i Østfold har rapportert om etterutdanninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering at i 1996 gav fire av kommunane i fylket tilbod med assistanse frå universitet eller høgskule, mens fem kommunar gav tilbod utan slik medverknad. I 1997 gav 16 kommunar tilbod med assistanse frå universitet eller høgskule og ein kommune utan, og i 1998 planla elleve kommunar tilbod med assistanse, ein kommune utan. Det har såleis vore gjeve minimum 38 kurstilbod i 18 kommunar. Dette inneber at alle har gjeve tilbod i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, mange av dei to og enkelte tre eller fleire gonger i løpet av dei tre åra verksemda har vore i gang.
Departementet kjenner ikkje til den undersøkinga representanten Morten Olsen refererer til, men eg vil vise til at ikkje alle lærarar i grunnskulen underviser i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Planperioden for kompetanseutvikling knytt til innføringa av læreplanverka går ut i juni år 2000, og ikkje alle lærarar vil ha vore på etterutdanningskurs i alle fag dei underviser i, då undersøkinga vart gjennomført.
Den fyrste innføringa i faga i dei nye læreplanverka er i avslutningsfasen, og det er viktig å vidareutvikle meir brukartilpassa og fleksible tilbod om etterutdanning og rettleiing i grunnskulen. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien og samarbeid om forsøks- og utviklingsarbeid vil vere sentrale verkemiddel.
Fagleg oppdatering med vekt på organisering av innhald, arbeidsmåtar og vurdering vil vere eit prioritert område for etter- og vidareutdanning i grunnskulen år 2000, og departementet tek sikte på å føre nettverka for etterutdanning vidare.
Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.
Ane Sofie Tømmerås (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er glad for at han så sterkt understreker statens ansvar og dermed sitt eget ansvar for at vi skal ha kompetente lærere. «Rettleiinga» han så sterkt viste til, kan jeg ikke på noen måte se er nok. Departementet selv har anbefalt modulbaserte planer på 21 timer, og det denne undersøkelsen viste, er at det hittil er under 10 pst. som har fått slik etterutdanning, og også at det kommende år er en forsvinnende liten prosent som regner med at de kommer til å delta i slik etterutdanning. Denne undersøkelsen ble gjort av Lærerforbundet i Østfold og blant de lærerne som faktisk underviser i det nye kristendomsfaget med livssynsorientering, så det dreier seg om folk som til daglig underviser i dette faget. Det at det finnes tilbud nå i alle Østfold-kommunene, er for så vidt greit, men jeg vil gjerne vite hvordan man sikrer at lærerne benytter seg av tilbudet, slik at vi får dem kompetente. (Presidenten klubbar.) Jeg er sikker på at statsråden og jeg kan være enige om at mye av misnøyen rundt dette faget skyldes at lærerne ikke er kompetente nok.
Presidenten: Presidenten er også sikker på at ein skal halde seg innafor taletida – og den er 1 minutt.
Statsråd Jon Lilletun: Det siste er sjølvsagt heilt rett, at representanten Tømmerås og eg er fullstendig samde om at her er det viktig med kompetanse. Det er ein spesielt utfordrande situasjon lærarane er i i dette faget. Det er òg heilt sikkert at ein del av problema vi har hatt, har å gjere med at det vart kort tid til å oppdatere seg kompetansemessig. No er undersøkinga gjord på eit tidspunkt då ca. halvparten av programmet var gjennomført, og ein hadde ein halvpart igjen. Det staten har ansvaret for ved nasjonale reformer, er å overføre midlar og lage planar. Det er gjort. Så har vi eit tilsynsansvar i ettertid, å sjå til at det vert fylgt opp, og det eg kan love representanten Tømmerås, er at vi skal ta det tilsynsansvaret – på ein svært forsvarleg måte – på dei områda som har vore prioriterte.