Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 21
Signe Øye (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:
«Hjelpemiddelsentralen i Sarpsborg har fått beskjed fra departementet om at staten skal spare 55 mill. kroner i 1999 som en følge av budsjettforliket mellom sentrumspartiene, Høyre og Fremskrittspartiet. Dyslektikere må heretter ta en IQ-test før de kan få tilgang til datautstyr. Dette gjelder en gruppe med skrive- og lesevansker som har meget god nytte av slikt teknisk hjelpemiddel. Mener virkelig statsråden at denne gruppen skal utsettes for nye omfattende tester og nye nederlag?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Ved budsjettbehandlinga i haust vedtok stortingsfleirtalet, inklusiv Arbeidarparitet, innsparingar på 55 mill. kr til støtte til IT-hjelpemiddel frå folketrygda. Innsparinga skal gjennomførast ved at ein dreg klårare grenser mellom kva for eit ansvar folketrygda og skuleverket har for elevar/lærlingar med lese- og skrivevanskar. Reglane er no skjerpa. Folketrygda har ansvaret for å finansiera IT-hjelpemiddel til elevar med spesifikke lese- og skrivevanskar/dysleksi, medan skulen har ansvaret for å leggja til rette undervisninga for elevar med mindre lese- og skrivevanskar.
Representanten Olav Gunnar Ballo tok opp eit tilsvarande spørsmål frå representanten Karin Andersen i Stortingets spørjetime den 17. mars d.å. Eg viser til mitt svar då, men vil tilføya: Dei fleste elevar/lærlingar som brukar IT-hjelpemiddel i skulen, treng spesialundervisning. Etter opplæringslova skal det for den einskilde vera utarbeidd ein individuell opplæringsplan. Den skal innehalda mål for faget og vidare omtala læremiddel, hjelpemiddel, arbeidsmetodar og organisering av opplæringa. I dei tilfelle ein søkjer folketrygda om IT-hjelpemiddel, skal den individuelle opplæringsplanen liggja ved søknaden. Samstundes skal behovet for IT-hjelpemiddel stadfestast i form av ei fagleg utsegn frå PP-tenesta.
Det er skulen/PP-tenesta som har ansvaret for å utgreia eleven/lærlingen med tanke på omfanget av lese- og skrivevanskar. Utgreiinga krev omfattande kartlegging, der ein ser på læringssituasjonen og føresetnadene reint generelt. Som hjelpemiddel i utgreiingsarbeidet i PP-tenesta vert det ofte nytta standardiserte testar, bl.a. utvikla ved Senter for leseforsking. Det er misvisande å kalla dei testane som PP-tenesta nyttar, for IQ-testar. Dei skal ikkje nyttast til å fastsetja eleven sin IQ. Testane er eit hjelpemiddel for dei som utgreier, og for eleven/lærlingen med tanke på kva tiltak som bør setjast inn. Utsegna om at elevar/lærlingar med spesifikke lese- og skrivevanskar skal gå gjennom ein intelligenstest for å få tilgang til datautstyr i skulen, er såleis ikkje rett. Hjelpemiddelsentralen gjer vedtak og set i verk tiltak i saka på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i søknaden, m.a. ei sakkunnig utsegn frå PP-tenesta. Ordninga skal evaluerast etter ei tid – det vil eg syta for.
Det å kartleggja læringssituasjonen og føresetnadene til elevar/lærlingar er særs viktig når ein skal leggja til rette opplæringa. Eg vil i denne samanhengen visa til oppslaget i Aftenposten laurdag den 10. april, der det framgår at ein no skal setja i gang ei landsomfattande kartlegging av alle elevar i 2. og 7. klasse med tanke på lese- og skrivevanskar. Føremålet er tiltak så tidleg som mogleg.
Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg er ikke særlig fornøyd med det, det er ikke veldig mye annerledes enn det svaret som ble gitt til Ballo da han hadde dette spørsmålet før påske.
I de senere årene har dysleksi blitt mer akseptert, og flere har tort å stå fram med problemet sitt. Det er fordi vi har fått så gode hjelpemidler for dette handikappet. Det er også det at folk tør å begynne å bruke dem som gjør at budsjettene øker, og det er klart at de har økt drastisk. Men det er noe vi også kjenner fra andre områder på budsjettet, at når det kommer ny teknologi eller ny forskning, øker budsjettene. Det burde egentlig statsråden være glad for, for nå kan vi virkelig hjelpe mange flere. Da må jeg spørre: Mener ikke statsråden at vi må ta oss råd til å bevilge penger til disse som virkelig kan få hjelp?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er glad for at det blir fokusert på ny teknologi og det eminente hjelpemiddel som det kan vera. Samtidig er det ei viktig oppgåve å syta for eit regelverk som gjer at ansvarsforholdet blir avklart, og at ansvaret blir rett plassert. I denne samanhengen var det i 1997 avsett 35 mill. kr på budsjettet til IT-hjelpemiddel, og det blei brukt mellom 75 og 80 mill. kr. I 1998 gjekk det ca. 180 mill. kr til skulehjelpemiddel ifrå folketrygda, og av dei gjekk om lag 165 mill. kr til elevar med lese- og skrivevanskar. Eg synest det er avgjerande viktig at så mange som mogleg får rett hjelp, men det er òg viktig å avklara ansvaret for utgiftene.
Signe Øye (A): Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Jeg vil igjen komme tilbake til at vi her har et hjelpemiddel som får folk til å fungere normalt, ikke bare i hverdagslivet, men også i en arbeidssituasjon. Det kan være med på å minske et annet budsjett som statsråden er veldig opptatt av, og det er budsjettet for de uføretrygdede, som stadig øker. Vi vet at det i Norge er ca. 10 pst. av befolkningen som har lese- og skrivevansker, mens det bare er i underkant av 3 pst. som egentlig har diagnosen dysleksi.
Og da må jeg spørre statsråden: Er ikke dette egentlig det samme problemet? Skal det være sånn at det bare er gruppa på 3 pst. som skal ha adgang til folketrygden, og at gruppa på 10 pst. må lite på at kommunene griper inn? Jeg har også fått høre at det er kø på PPT-kontorene i kommunene nå, og at noen kommuner har opptil 2 års ventetid. Da er det ikke mye håp for dem som trenger hjelp.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Dette spørsmålet tenderer over i utdanningsministerens ansvarsområde. Det er viktig at vi begge to syter for avklaring på våre område, men òg at vi i fellesskap syter for at IT-hjelpemiddel kjem flest mogleg til gode. Eg synest spørjaren på ein god måte understreka verdien av IT-hjelpemiddel.
Det som er eit dilemma, er forståinga av reglane for folketrygda og det ansvaret som kommunane her har. Ei arbeidsgruppe har her føreteke ein gjennomgang og avklart ansvarsforholdet, slik at flest mogleg skal ha høve til å prøve dette hjelpemidlet betre ut. Eg har sytt for oppfylging av denne gruppas arbeid, og meiner ansvaret i dag er greitt plassert.