Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I statsbudsjettet 1999 fra Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet står det: «Departementet vil foreta en gjennomgang av studentenes arbeidsmiljø.»

Hvor langt har departementet kommet i denne gjennomgangen, og hvilke foreløpige konklusjoner har statsråden trukket?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg er oppteken av arbeidstilhøva både for tilsette og studentar ved utdanningsinstitusjonane. Vi har derfor lagt ned arbeid for at forskrift om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder, forkorta til HMS, skal verte innarbeidd ved alle våre institusjonar. Vi har teke opp saka i tildelingsbreva, og vi arrangerte i fjor haust kurs i helse, miljø og tryggleik for dei ansvarlege ved institusjonane. Både denne forskrifta og arbeidsmiljølova gjeld dei tilsette ved institusjonane, men forbetringar i deira fysiske arbeidsmiljø vil òg gje indirekte forbetringar i studentane sitt arbeidsmiljø.

I lov om universitet og høgskular står det at institusjonane har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Denne paragrafen set krav til institusjonane om å sjå til at det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet ikkje er til hinder for eit godt læringsmiljø. Det er òg andre lover som regulerer studentar sitt arbeidsmiljø, m.a. plan- og bygningslova og brannvernlova.

Det er likevel ikkje tvil om at studentar har dårlegare arbeidstilhøve enn dei tilsette ved institusjonane. Av dei mellombelse resultata frå levekårsgranskinga blant studentar som Statistisk sentralbyrå – SSB – gjennomførte i 1998, går det fram at studentar i liten grad er plaga av støy, men at det er om lag 40 pst. som er misnøgde med luftkvaliteten. Vel 25 pst. av studentane er misnøgde med plasstilhøva. Granskinga viste òg at om lag 60 pst. av studentane har tilgang på lesesalsplass, men at tala er noko høgare for profesjonsutdanningar og for studentar på høgare grad. Desse tala gjev oss ein peikepinn om korleis tilhøva er, men det vil kome fleire tal og drøftingar i den avsluttande rapporten frå Statistisk sentralbyrå i mai i år. Det kan vere aktuelt å få tal frå SSB som er splitta opp på institusjon, då det truleg er forskjellar mellom institusjonane. I tillegg til det materialet institusjonane har som ein del av grunnlaget for sitt kvalitetsutviklingsarbeid, vil slik informasjon vere til nytte. Kvalitetstuvikling og studentvelferd er òg tema i dei etatsstyringsmøta departementet skal ha med alle institusjonane før sommaren.

Departementet har såleis starta arbeidet med å sjå på arbeidsmiljøet for studentar, men det er førebels for tidleg å trekkje endelege konklusjonar. Så snart den avsluttande rapporten frå Statistisk sentralbyrå ligg føre, vil departementet vurdere om det er behov for å innhente ytterlegare informasjon, og korleis denne informasjonen skal fylgjast vidare opp av departementet.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke for svaret.

Jeg hadde vel ikke egentlig forventet noen konklusjoner ennå. Men når jeg spør om dette, er det fordi det er interessant å få rede på om dette er en gjennomgang for gjennomgangens skyld, eller om statsråden har noen tiltak i bakhodet.

Det går fram av svaret at dersom det viser seg at arbeidsmiljøet er dårlig, har man her tenkt å følge dette opp og undersøke det ytterligere. Statsråden sa også i svaret at man allerede har kjennskap til at studenter har dårligere arbeidsmiljø enn ansatte. Det er derfor naturlig å forvente at en slik gjennomgang vil avsløre at det er en jobb å gjøre på området. Vi har f.eks. nylig sett at Universitetet i Oslo ikke har fulgt opp brannforskriftene.

Jeg vil spørre én gang til om statsråden har tenkt å følge opp utvalget med tiltak dersom det viser seg at arbeidsmiljøet ikke er tilfredsstillende.

Statsråd Jon Lilletun: Det er ikkje slik som eg oppfatta at representanten Konglevoll konkluderte med, at dette er ein gjennomgang for gjennomgangens skyld, for den har allereie ført til endringar i styringssamtaler og i andre kommunikasjonar vi har med institusjonane. Vi treng den endelege rapporten før eg kan seie kva vi skal gjere vidare. Men at det er nødvendig med tiltak, er det ikkje tvil om. Det er for tidleg å seie om utgangen vil vere eit framlegg til ei eiga lov, eller om ein vil prioritere andre tiltak.

Eg er samd med representanten Konglevoll i at det opplagt vil vere behov for tiltak, men vi må prioritere innanfor dei rammene vi kan klare å finne til viktige tiltak innanfor høgare utdanning.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke for svaret.

Jeg hadde tenkt å spørre om dette med å følge opp med en lov, så det er positivt at statsråden åpner for å vurdere det. Verken elever eller studenter har noen lovbeskyttet rett til et godt arbeidsmiljø. Riktignok er studenter som f.eks. har laboratorieundervisning, beskyttet gjennom den ordinære arbeidsmiljøloven, men de har likevel ingen rett til å klage til f.eks. en tilsynsinstans. En arbeidsmiljølov for studenter, f.eks. en studentmiljølov, vil kunne bedre studentenes rettsvern.

Jeg har ikke noe spørsmål, men jeg ser fram til å få statsrådens vurdering av dette.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er overtydd om at med det engasjementet som representanten Konglevoll har når det gjeld desse spørsmåla, vil nok statsråden måtte klargjere kva han tenkjer å gjere vidare. Det er bra at dette vert fylgt opp frå Stortinget si side.

Noko av det fyrste eg fekk gjort, var å setje i gang denne undersøkinga, og det synest eg er bra. Ein del av det som òg er forbetra i styringsdialogen, er viktig. Men så skal vi gå vidare, og der kjem dei største utfordringane. Dei får vi høve til å kome tilbake til.

: