Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg tillèt meg å stilla eit spørsmål til den nye samferdselsministeren:

«Ferja som vert nytta i Skudenes-sambandet, som er eit riksvegsamband, har ved fleire høve den siste tida vorte teken ut og erstatta med dårlegare utstyr, sjeldnare avgangar og/eller hurtigbåt som alternativ. Dette har store konsekvensar for passasjerar og næringsliv.

Ser statsråden dette som foreinleg med vedtak og retningsliner, og kva initiativ vil han eventuelt ta for å retta opp dette?»

Statsråd Dag Jostein Fjærvoll: På grunn av periodisk vedlikehald på ei av dei to ferjene i stamvegsambandet Mortavika-Arsvågen og maskinskade på suppleringsferja er det akkurat no for få riksvegferjer i Rogaland.

Vegsjefen har omdisponert Skudenes-ferja til stamvegsambandet inntil ei av dei nemnde ferjene er i drift att, venteleg denne veka. Som ei førebels løysing fem månader i år vil MF «Tau» då bli omdisponert til dette sambandet. Stamvegsambandet er kortare enn sambandet til Skudeneshavn, og trafikantane som skal over Boknafjorden, vil ha størst nytte av ferja i dette sambandet.

Rogaland Trafikkselskap AS får levert tre nye ferjer i år. Med desse ferjene vil fylket få eit betre tilbod i ferjedrifta.

Ferjene i sambanda til Kvitsøy og Skudeneshavn er gamle og modne for utskifting. Som opplyst av statsråd Dørum i spørjetimen 27. januar, er det aktuelt å gjere om riksvegferjesambanda til Kvitsøy og Skudeneshavn til eit trekantsamband. Det vil då vere aktuelt å trafikkere sambandet med ei nybygd ferje med inntil 67 bilplassar. Departementet har seinare fått fylkeskommunen sitt vedtak, som legg stor vekt på at noverande tilbod i Skudenes-sambandet vert vidareført. Løyvingane til vegvesenet set rammer for kor godt denne oppgåva kan løysast. Eg vonar difor at representanten Starrfelt har forståing for at heller ikkje eg som statsråd kan påleggja vegvesenet oppgåver utan påvising av kostnadsdekning.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for svaret, som var mykje fakta om korleis det har vore. Det var lite vurdering, og det var ingen lovnad om noko initiativ. Slik sett tykkjer eg ikkje statsråden har svara på spørsmålet mitt. Meiner han at dette er i samsvar med vedtaka og dei retningslinene som gjeld? Kva for initiativ vil han ta? Eg vil gje han ein sjanse til.

Fyrst vil eg påstå at det har vore meir enn eitt unntak. Det har vore ganske mange gonger denne ferja har vore ute av drift. Dels møter ein bare eit skilt om at ho er stengd, dels viser ein til ein hurtigbåt. Ein kan jo spørja seg kvifor Skudenes-sambandet vart salderingsposten, om det er slik statsråden seier, at fylkeskommunen legg stor vekt på vidareføring.

Vegdirektoratet kan omdisponera ferjer på tvers av fylkesgrensene. Har statsråden vurdert det? Kva vil han møta karmøybuarane med, som no ganske hyppig har møtt ein fjord utan ferje, med ei anvising om å køyra ni mil ekstra?

Statsråd Dag Jostein Fjærvoll: For en som har vært avhengig av ferjer mesteparten av sitt liv, er det lett å forstå hva spørsmålet gjelder, og hva man sikter til.

Det jeg kan love her og nå, er at jeg vil gå spesielt gjennom ferjesituasjonen i Rogaland. Jeg vil da kunne svare mer utfyllende på de ulike spørsmålene som har vært reist i forrige spørretime, i denne spørretime – og som jeg regner med vil komme i en senere spørretime. Jeg vil se disse prosjektene i sammenheng og i forhold til de nye ferjene som blir levert. Jeg vil dermed avvente de innspill jeg får fra vegsjefen og fra Vegdirektoratet når det gjelder disponering av ferjene, og vil se dette i sammenheng med det materiell som er tilgjengelig, ikke bare på fylkesbasis, som det er spurt om nå. Jeg vil også stille en del spørsmål om hvordan disponeringen skjer utover i fylket.

: