Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 19
Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Prestene i Bjørgvin bispedømme blir oppfordret til å skrive under på et opprop mot biskop Rosemarie Köhn. Det er 11 av de 12 prostene i Bjørgvin som står bak henvendelsen til prestene. Etter planen skal oppropet og underskriftene offentliggjøres.
Hvordan ser statsråden på en slik fremgangsmåte, og mener han det er i tråd med god personbehandling at overordnede på denne måten presser ansatte på et lavere nivå til å innta et bestemt standpunkt?»
Statsråd Jon Lilletun: Eg har, som representanten Dørum, merka meg at 11 prostar i Bjørgvin bispedøme har teke initiativ til eit opprop der det vert retta kritikk mot Köhn, og der biskopane vert bedne om å rydde opp i den situasjonen som har oppstått i Kyrkja etter Köhn si avgjerd om å la Sunde gå tilbake til stillinga som kapellan.
Eg forstår at mange prestar og lekfolk no opplever tilhøva i Kyrkja som vanskelege. Eg har òg merka meg at det har vore fleire opprop i samband med denne saka som gjev uttrykk for ulike syn. Dette er ikkje ein uvanleg måte å ytre seg på i eit demokrati.
Ytringsfridomen er både ein sentral menneskerett og ein grunnleggjande føresetnad for demokratiet. Det ville vere lite klokt av statsråden å refse prostar i Bjørgvin, like lite som i Hamar, for å bruke den fridomen dei har etter § 100 i Grunnlova til å ytre sine eigne meiningar og til å råde andre til å ytre seg.
Anneliese Dørum (A): Jeg takker for svaret. Jeg er ikke overrasket over svaret, men jeg må si at jeg er skuffet, fordi jeg ser på statsråden som ansvarlig for arbeidsforholdene i Kirken. I denne saken er det klart at overordnede presser folk på et lavere nivå til å ta standpunkt i et kontroversielt spørsmål. Jeg har merket meg at mange av prestene selv reagerer svært negativt på dette, de føler seg presset til å måtte ta stilling i denne saken, og de føler det som om man nå skal kartlegge presteskapets teologiske meninger om homofilispørsmålet. Det burde ansatte være spart for. Jeg tror ikke dette er en god måte å behandle sine ansatte på. Jeg vil spørre statsråden om han, som ansvarlig for arbeidsforholdene i Kirken, vil ta affære i denne saken.
Statsråd Jon Lilletun: Det går sikkert an å argumentere for klokskapen i underskriftsaksjonar i forskjellige høve, og det kan sikkert òg diskuterast på kva måte ein slik aksjon best vert organisert. Men eg vil likevel halde fast på svaret mitt, fordi nestkommanderande i Hamar bispedøme, domprosten, tok initiativ til eit opprop som støtta ei bestemt løysing av denne stridssaka i Hamar.
Det var ei støtte til den løysinga som òg vart vald til slutt. Eg ytra ikkje kritikk mot at det skjedde, og eg fekk heller ikkje spørsmål i spørjetimen frå representanten Dørum om korfor eg ikkje kritiserte det. No er det nokon som meiner det motsette, som har laga ein underskriftsaksjon, og då ville det vere merkeleg om eg no skulle gripe inn og refse. Eg står derfor fast på mitt fyrste svar.
Presidenten: Spørsmål 20 er allerede behandlet.