Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 38

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Ottar Kaldhol til miljøvernministeren, vil bli tatt opp av representanten Laila Kaland.

Den reglementsmessige tiden er nettopp omme. Presidenten vil foreslå at møtet fortsetter til dagens kart er ferdigbehandlet. – Det anses vedtatt.

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til miljøvernministeren:

«Frå fleire hald blir det hevda at oppdrettsanlegg som ligg nær elvar, kan vere ei av årsakene til at villaksstammane har blitt dramatisk reduserte og delvis står i fare for å bli utrydda.

Har Miljøverndepartementet i samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet vurdert denne problemstillinga, og kva konkrete tiltak vil i så fall statsråden gjere for å redde villaksen?»

Statsråd Guro Fjellanger: Den problemstillinga representanten Kaland tar opp, har vore vigd stor merksemd gjennom fleire år. Dei involverte departementa – Miljøverndepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet – har både vurdert og sett i verk fleire tiltak med sikte på å redusere faren for skadeverknader på dei ville laksebestandane. Eg vil m.a. nemne innføring av sikringssoner, som inneber avgrensing av oppdrett nær dei viktigaste laksevassdraga, reglar for etablering og drift av oppdrettsanlegg og det generelle arbeidet med å redusere sjukdomsproblema i næringa.

Eg vil presisere at det er ei rekkje ulike årsaker til den dramatiske tilbakegangen i dei ville laksebestandane. Tilbakegangen skuldast i hovudsak forsuring, vassdragsinngrep, spreiing av lakseparasitten Gyrodactylus salaris og i nokon grad overfiske. Nyare forsking tyder også på at klimatiske endringar i havmiljøet har medverka til nedgangen i bestandane. Rømd oppdrettslaks i gytebestandane og dermed sjukdomspress frå oppdrettsanlegga vert rekna som relativt nye truslar.

Når det gjeld påverknad frå oppdrett, er det viktig å skilje mellom rømmingar og innblanding av oppdrettsfisk, og spreiing av sjukdomar og parasittar. Vi har ikkje klare vitskaplege haldepunkt for å hevde at rømming og innblanding av oppdrettsfisk er ei direkte årsak til nedgangen i laksebestandane. Økologisk og genetisk påverknad på grunn av rømd oppdrettsfisk vert likevel rekna for å ha negativ innverknad på bestandane av villaks, og dette gjev grunn til uro. Økologisk kan denne innverknaden skje ved konkurranse om ressursar i elvane, medan genetisk påverknad kan endre dei særskilde eigenskapane som er viktige for bestandande si tilpassing til den enkelte elva.

Derimot har vi i dag indikasjonar på at høg førekomst av lakselus kan vere ei medverkande årsak til nedgang i bestandane. Det synest også å vere ein samanheng mellom konsentrasjon av oppdrettsanlegg og førekomst av lakselus. Myndigheitene og næringa har i samarbeid utarbeidd ein nasjonal handlingsplan mot lakselus, og i tillegg har næringa sjølv tatt initiativ til å utarbeide ein nasjonal handlingsplan mot rømmingar. Det er heilt klart at begge desse saksforholda må gjevast særleg merksemd i det vidare arbeidet med å sikre dei ville laksebestandane.

Eg vil til slutt vise til at forholdet mellom havbruksnæringa og dei ville laksebestandane er blant dei tema som det regjeringsoppnemnde villaksutvalet har blitt bedt om å sjå spesielt på. Utvalet si innstilling vil liggje føre i første halvdel av mars, og vi vil vurdere ytterlegare tiltak i lys av utvalet sine tilrådingar.

Laila Kaland (A): Det er ein alvorleg situasjon vi har i høve til villaksen. Grunneigarar eg har snakka med, sportsfiskarar og turistnæringa meiner det hastar med konkrete tiltak for å redde denne laksen. Det er fleire årsaker, som statsråden peika på, til nedgangen. Det er nok å nemne for hard beskatning, sjukdomar – Gyrodactylus solaris, som rammar fleire elvar – og lakselusa, som rammar spesielt smolten, for å nemne andre ting.

Miljøministeren snakkar om at ein skal ha eit lakseutval. Vi veit i dag at forvaltingsansvaret ligg hos tre departement – Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet. Eg vil be statsråden om at forvaltinga og ansvaret for laksen blir lagt under eitt departement, Miljøverndepartementet – under miljødirektoratet. Dette vil gi større samordning av konkrete tiltak slik at vi kan redde villaksen. Like eins vil eg be om at ein blir mindre restriktiv overfor det kultiveringsarbeidet som grunneigarane har gjort dei siste åra.

Statsråd Guro Fjellanger: Blant de tingene jeg har hatt gleden av å være med på i den jobben jeg har nå, er besøk til lakseelver og den virksomheten som drives rundt dem, spesielt i Buskerud. Jeg har også lært at det er to ting som kreves for å bli en god laksefisker, nemlig orange flue og tålmodighet, tålmodighet, tålmodighet – og jeg pleier å si at jeg ikke har noen av delene.

Men jeg er helt enig med representanten i at det er en svært alvorlig situasjon, og jeg tror det er veldig sammensatte årsaker til det. Jeg er også helt enig i at det haster med konkrete tiltak, og det er derfor jeg har så pass stor forhåpning til den utredningen jeg nå skal få overlevert fra lakseutvalget. Dette utvalget har nå vært i arbeid i flere år, og er bredt sammensatt, både fra fiskerisiden, fra friluftssiden og ikke minst fra oppdrettssiden. Jeg håper og tror at de kommer med forslag som er omforent, og som vi kan bruke. Jeg vil ikke konkludere med hvorvidt forvaltningen eventuelt skal samles, før jeg har sett utredningen.

: