Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 20
Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
«Striden om nasjonalt eller samisk læreplanverk førte til at ei rekke foreldre i februar 1998 søkte om å få godkjent å opprette ein privatskule etter montessoriprinsippa i Tana.
Når vil departementet gi svar på denne søknaden»
Statsråd Jon Lilletun: Tana Montessoriforening søkte i brev 1. februar 1998 om godkjenning av privat grunnskule ved Tanabru med rett til statstilskott etter privatskulelova. Søkjaren ynskte å verte vurdert etter føremålet i privatskulelova § 3 bokstav b «skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ».
Søknaden er behandla etter dei vanlege reglane for saksbehandling i slike saker. Etter § 25 nr. 2 i privatskulelova er søknaden send til vertskommunen og Statens utdanningskontor i fylket for uttale. Søkjaren vart underretta om dette i brev 12. februar 1998.
Det vart i brevet også teke atterhald om seinare å innhente ytterlegare opplysningar frå søkjaren.
Departementet har hatt jamleg kontakt med søkjaren både skriftleg og på telefon om det faglege innhaldet i søknaden. Den 20. januar i år fekk departementet melding frå søkjaren om å behandle saka ut frå dei saksdokumenta som låg føre.
Søknaden vil då verte behandla så raskt som mogleg.
Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråden for svaret og vil minne om at det er over eitt år sidan den søknaden kom inn. Montessoriprinsippet er velkjent og godkjent som alternativ pedagogikk, og omsynet til dei som skal starte skulen, til elevar og foreldre, er viktig i denne samanhengen. Det er viktig også for den offentlege skulen i kommunen å få ei avklåring for deira planlegging av skuleåret vidare.
Det er gledeleg at statsråden no seier at det vil bli ei avklåring så snart som muleg. Eg håpar det blir ei positiv avklåring, men det kunne vere veldig greitt å få ei nærare presisering av kva som i dette tilfellet ligg i omgrepet «så snart som mogleg».
Statsråd Jon Lilletun: Eg kan godt forstå representanten Løvik sitt ynske om å få eit endå meir presist svar. Det er heilt rett som representanten seier, at det er eit velkjent prinsipp som er godkjent mange stader i landet. Det er derfor ikkje montessoriprinsippet som sådant spørsmåla har gått på i korrespondansen og i den avsluttande vurderinga som departementet skal gjere. Det er ein del særlege forhold i dette tilfellet som gjer at saka har vore noko meir innfløkt. For å prøve å roe representanten Løvik vil eg seie at avklåring skal skje, slik at både foreldra og det offentlege skuleverket i Tana kan få beskjed tidsnok til planlegginga som gjeld neste skuleår.