Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. januar 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I brev av 12. januar 1999 til styret for statlige spesialpedagogiske kompetansesentra skriver departementet at de oppfatter behandlingen av budsjettforslaget i Stortinget 10. desember 1998 slik at en totalvurdering av ressurssituasjonen ved Bredtvet også kan omfatte alternative løsninger på nedbyggingen av Søndre Land. Stortingsflertallets merknader og innlegg i debatten åpner ikke for slike tolkinger.

Når vil statsråden iverksette stortingsflertallets vilje om å flytte fagstillingene ved Søndre Land til Bredtvet?»

Statsråd Jon Lilletun: I ein merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1998-99 bad eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen – representantane for Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV – departementet ta ansvaret for fylgjande i forhold til situasjonen ved Bredtvet kompetansesenter:

  • ein gjennomgang av ressurssituasjonen ved senteret, i regi av det nye styret

  • samlokalisering av avdelinga Søndre Land med hovudverksemda i Oslo og geografisk flytting av fagstillingane til Bredtvet

I budsjettdebatten i Stortinget gav eg uttrykk for forståing for ynsket om å be styret gå gjennom ressurssituasjonen ved Bredtvet. Eg bad om støtte til at ein slik gjennomgang kan femne om heile verksemda ved institusjonen, òg medrekna fagstillingane på området taleflyt/stamming, som i dag er lokalisert i Søndre Land. Berre representanten Anneliese Dørum frå Arbeidarpartiet tok klart avstand frå å leggje dette til grunn for styret sin gjennomgang.

I debatten sa Ursula Evje m.a. at det for Framstegspartiet var mest om å gjere «å bevare så mye av den eksisterende spisskompetansen som mulig». Eg er samd i det. Dette er òg grunnen til at eg ynskjer ein samla gjennomgang av heile ressurssituasjonen ved Bredtvet før eg er innstilt på å fylgje opp merknaden om å flytte fagstillingar frå Oppland til Oslo.

Det bør vere i alle si interesse at styret gjer ei skikkeleg fagleg vurdering av situasjonen, inklusiv ei vurdering av eit alternativ med å knyte dei nemnde fagstillingane ved Søndre Land opp mot liknande fagmiljø på Øverby kompetansesenter. Departementet fekk dessverre aldri høve til å be det gamle styret sjå nærare på dette alternativet, men det vart kommentert som fagleg interessant av dåverande styreleiar.

Med dette som bakgrunn har eg i brev av 12.januar i år bede det nye styret om å gjere ei heilskapleg vurdering av ressurssituasjonen ved Bredtvet kompetansesenter. På grunnlag av ein slik gjennomgang vil styret gje si faglege tilråding innan 25.februar. Eg vil ikkje fylgje opp fleirtalsmerknaden om å flytte dei nemnde fagstillingane før resultatet av denne faglege gjennomgangen ligg føre.

Som statsråd er eg oppteken av å finne dei beste faglege løysingane i saker som denne. Eg tek gjerne opp att det eg sa om dette i budsjettdebatten i Stortinget:

«Nokre har prøvd å gjere dette til distrikspolitikk. Det er det ikkje. Det er eit fagleg spørsmål, og dersom det fagleg sett er likeverdig eller betre, gjorde det vel heller ikkje noko om Oppland, som er så hardt råka, fekk ein del av denne kompetansen i staden for ei ytterlegare sentralisering i Oslo.»

Eg kjem sjølvsagt ikkje til å gå på tvers av stortingsfleirtalet sin vilje i dette spørsmålet. Dersom styret på fagleg grunnlag skulle kome til at fagstillingane i taleflyt/stamming i Søndre Land bør knytast nærare opp mot Øverby kompetansesenter i staden for å verte flytta til hovudinstitusjonen i Oslo, vil eg derfor på det grunnlaget kome tilbake til Stortinget med saka.

Anneliese Dørum (A): Det er oppsiktsvekkende og en tilsnikelse når statsråden tolker stortingsflertallet slik han gjør. Vi ønsker ikke at det skal settes i gang nye utredninger om en overføring av stillinger fra Søndre Land til Øverby. Dette er allerede utredet og forkastet av Fjeld-utvalget. Det gamle styret for det landsdekkende kompetansesenteret gikk også imot en slik løsning, de ansattes organisasjoner går imot den og begrunner det med at tilbudet innen taleflytvansker må gis innenfor et helhetlig faglig tilbud, som i dag er etablert på Bredtvet. Statsrådens overkjøring av stortingsflertallets klare vilje forsinker omstillingsprosessen og koster staten ca. 1 mill. kr pr. måned.

Jeg vil sitere fra Ursula Evjes innlegg i debatten, hvor hun sa at man måtte tolke merknadene «bokstav for bokstav». Det står også ganske klart, som statsråden kan lese selv, at Søndre Land og Bredtvet må samlokaliseres, og at stillingene i Søndre Land må overflyttes geografisk til Bredtvet.

Statsråd Jon Lilletun: Det er ikkje rett at det gamle styret vurderte den løysinga som det nye styret vurderer. Det som vart vurdert, var ei lokalisering av noverande institusjon i Søndre Land og på Bredtvet. Vurderinga av dette i forhold til Øverby kom frå nokre av dei tilsette sine organisasjonar i den førre fasen, og då det vart teke opp med styreleiaren, meinte ho at det var interessant å få vurdert.

Ursula Evje frå Framstegspartiet sa at det var om å gjere å ta vare på så mykje som mogleg av den eksisterande spisskompetansen. Det er grunn til å tru at ei slik flytting vil kunne føre til at ein mister ein del av den spisskompetansen som i dag er opparbeidd. Men det er snakk om at vi forskyv dette med halvannan månad. Det kostar ikkje 1 mill. kr!

Anneliese Dørum (A): Når det gjelder spisskompetanse, er det vel ganske klart at en ytterligere oppsplitting av fagområdet stamming ved å legge noe til Øverby vil bety det motsatte av spissing av kompetanse. Det vil svekke kompetansen, fordi den smøres tynt utover, og jo mer den spres, jo tynnere blir den. Det er et faktum at kompetanse må samles for å kunne utvikles, i dette tilfellet innenfor et logopedisk helhetlig miljø plassert i en tverrfaglig sammenheng. Derfor er det også svært viktig at man når Bredtvet nå skal bygges ned, får beholde spisskompetanse, og at man kan utvikle et faglig tungt miljø, for de vil ha et stort felt å arbeide innenfor.

Jeg må si at jeg er forskrekket over statsråden og hans ignorering av stortingsflertallet. Vi vil følge godt med i denne saken, men jeg skjønner at her må det et forslag til dersom statsråden skal rette seg etter stortingsflertallets vilje.

Statsråd Jon Lilletun: Det ligg føre ein merknad, og den merknaden er eg fullt på det reine med. Eg har sagt at skal det skje noko anna enn det som står i den merknaden, må denne saka heilt klart tilbake til Stortinget. Men ut frå det som skjedde i debatten, meiner eg at eg har grunnlag for den utgreiinga eg har sett i gang. Representanten Dørum seier at det ligg føre ein risiko for å miste spisskompetanse, men om det strir dei lærde. Dersom representanten Dørum har rett, vil jo denne vurderinga frambringe akkurat dei resultata. I så fall er det heilt opplagt at då går vi vidare allereie ganske raskt etter den 25. februar. Skulle derimot dei faglege vurderingane seie at det alternativet som ikkje har vore vurdert tidlegare, er bra, så vil Stortinget få høve til å sjå på det. Sjølvsagt vil ikkje eg gjere noko på tvers av det som Stortinget har sagt.

: